< Esekiel 7 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
2 Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren med Israels land: Ende! Komen er enden yver landsens fire hyrno.
너 인자야! 주 여호와 내가 이스라엘 땅에 대하여 말하노라 끝났도다 이 땅 사방의 일이 끝났도다
3 No er enden komen yver deg, og eg vil senda vreiden min mot deg og døma deg etter åtferdi di, og eg vil leggja på deg alle dine styggjor.
이제는 네게 끝이 이르렀나니 내가 내 진노를 네게 발하여 네 행위를 국문하고 너의 모든 가증한 일을 보응하리라
4 Og mitt auga skal ikkje spara deg, og miskunn gjer eg ikkje; men åtferdi di vil eg leggja på deg, og dine styggjor skal vera midt i deg, og de skal sanna at eg er Herren.
내가 너를 아껴 보지 아니하며 긍휼히 여기지도 아니하고 네 행위대로 너를 벌하여 너의 가증한 일이 너희 중에 나타나게 하리니 너희가 나를 여호와인줄 알리라
5 So segjer Herren, Herren: Ulukka, ei ulukka ein gong for alle, sjå, ho kjem.
주 여호와께서 가라사대 재앙이로다, 비상한 재앙이로다 볼지어다! 임박하도다
6 Ein ende kjem, ja, enden kjem, han vaknar imot deg, sjå, ho kjem.
끝이 났도다, 끝이 났도다 끝이 너를 치러 일어났나니 볼지어다! 임박하도다
7 No er det din tur, du som i landet bur. Tidi er komi, nær er dagen med ståkande rådløysa og ikkje med fagnadrop på fjelli.
이 땅 거민아 정한 재앙이 네게 임하도다 때가 이르렀고 날이 가까왔으니 요란한 날이요 산에서 즐거이 부르는 날이 아니로다
8 No, um eit lite bil, vil eg renna ut min harm yver deg og tøma ut all min vreide på deg og døma deg etter åtferdi di, og eg vil leggja på deg alle dine styggjor.
이제 내가 속히 분을 네게 쏟고 내 진노를 네게 이루어서 네 행위대로 너를 심판하여 네 모든 가증한 일을 네게 보응하되
9 Og mitt auga skal ikkje spara deg, og miskunn gjer eg ikkje; som di åtferd hev vore, let eg deg få det, og dine styggjor skal midt i deg vera. Og de skal sanna at eg, Herren, slær.
내가 너를 아껴 보지 아니하며 긍휼히 여기지도 아니하고 네 행위대로 너를 벌하여 너의 가증한 일이 너희 중에 나타나게 하리니 나 여호와가 치는 줄을 네가 알리라
10 Sjå, dagen! sjå, det kjem! Lagnadsstundi tek til; riset blømer, ovmodet grønkar.
볼지어다! 그 날이로다 볼지어다! 임박하도다 정한 재앙이 이르렀으니 몽둥이가 꽃 피며 교만이 싹났도다
11 Valdsgiren reiser seg til eit ris yver gudløysa. Ikkje noko av deim, inkje av deira ståkande hop, inkje av deira bråk, inkje av deira herlegdom vert att hjå deim.
포학이 일어나서 죄악의 몽둥이가 되었은즉 그들도, 그 무리도, 그 재물도 하나도 남지 아니하고 그 중의 아름다운 것도 없어지리로다
12 Tidi er komi, dagen er nær. Kjøparen fagne seg ikkje, og seljaren syrgje ikkje! For vreide logar mot heile deira hop.
때가 이르렀고 날이 가까왔으니 사는 자도 기뻐하지 말고 파는 자도 근심하지 말 것은 진노가 그 모든 무리에게 임함이로다
13 For seljaren skal ikkje få att det han selde, um han enn er i live, for syni mot heile hopen skal ikkje snu attende, og i si misgjerning skal ingen kunna verja sitt liv.
판 자가 살아 있다 할지라도 다시 돌아가서 그 판 것을 얻지 못하니 이는 묵시로 그 모든 무리를 가리켜 말하기를 하나도 돌아 갈 자가 없겠고 악한 생활로 스스로 강하게 할 자도 없으리라 하였음이로다
14 Dei blæs i stridslur og bur seg vel i alt, men ingen fer ut til striden; for min harm er imot heile deira hop.
그들이 나팔을 불어 온갖 것을 예비하였을지라도 전쟁에 나갈 사람이 없나니 이는 내 진노가 그 모든 무리에게 미쳤음이라
15 Sverdet ute, sotti og svolten inne; den som er på marki, skal døy for sverd, og den som er i byen, honom skal svolt og sott tyna.
밖에는 칼이 있고 안에는 온역과 기근이 있어서 밭에 있는 자는 칼에 죽을 것이요 성읍에 있는 자는 기근과 온역에 망할 것이며
16 Og slepp det undan einkvar utav deim, skal dei vera på fjelli som duvor i dalarne, alle med klagelæte, kvar og ein for si misgjerning.
도망하는 자는 산 위로 피하여 다 각기 자기 죄악 까닭에 골짜기 비둘기처럼 슬피 울 것이며
17 Alle hender skal siga, og alle kne skal verta veike som vatn.
모든 손은 피곤하고 모든 무릎은 물과 같이 약할 것이라
18 Og dei skal gyrda seg med sekk, og skjelving skal hylja deim, og kvart eit andlit skal blygjast av skam, og kvart hovud skal vera fleinskalla.
그들이 굵은 베로 허리를 묶을 것이요 두려움이 그들을 덮을 것이요 모든 얼굴에는 수치가 있고 모든 머리는 대머리가 될 것이며
19 Sylvet sitt skal dei kasta på gatorne, og gullet sitt skal dei vyrda som saur. Deira sylv og gull skal ikkje kunna berga deim på Herrens vreide-dag; dei skal ikkje kunna metta si sjæl eller fylla sin mage med det, for det hev vorte ein støytestein til misgjerning;
그들이 그 은을 거리에 던지며 그 금을 오예물 같이 여기리니 이는 여호와 내가 진노를 베푸는 날에 그 은과 금이 능히 그들을 건지지 못하며 능히 그 심령을 족하게 하거나 그 창자를 채우지 못하고 오직 죄악에 빠치는 것이 됨이로다
20 og den glimande prydnadsting av det hev dei bruka til storlæte, og dei hev gjort sine styggjelege bilæte av det, sine ufyselege avgudar; difor gjer eg det til saur for deim.
그들이 그 화려한 장식으로 인하여 교만을 품었고 또 그것으로 가증한 우상과 미운 물건을 지었은즉 내가 그것으로 그들에게 오예물이 되게 하여
21 Og eg vil lata framande hender rana det og gudlause på jordi gjera det til herfang, og dei skal vanhelga det.
외인의 손에 붙여 노략하게 하며 세상 악인에게 붙여 그들로 약탈하여 더럽히게 하고
22 Og eg vil snu mi åsyn frå deim. Og ransmenner skal vanhelga min skatt; dei skal brjota seg inn åt honom og vanhelga honom.
내가 또 내 얼굴을 그들에게서 돌이키리니 그들이 내 은밀한 처소를 더럽히고 강포한 자도 거기 들어와서 더럽히리라
23 Gjer lekkja i stand! for landet er fullt av blod-domar, og byen er full av valdsverk.
너는 쇠사슬을 만들라 이는 피 흘리는 죄가 그 땅에 가득하고 강포가 그 성읍에 찼음이라
24 Og eg vil lata dei verste av heidningarne koma, og dei skal eigna til seg husi deira. Og eg vil gjera ende på ovmodet hjå dei hardsette, og heilagdomarne deira skal verta vanhelga.
내가 극히 악한 이방인으로 이르러 그 집들을 점령하게 하고 악한 자의 교만을 그치게 하리니 그 성소가 더럽힘을 당하리라
25 Rædsla kjem, og dei skal søkja fred, men ingen finna.
패망이 이르리니 그들이 평강을 구하여도 없을 것이라
26 Ulukka på ulukka skal koma, fretnad på fretnad fær ein høyra; og dei skal søkja etter syn hjå profeten, lov skal kverva for presten, og råder for dei gamle.
환난에 환난이 더하고 소문에 소문이 더할 때에 그들이 선지자에게 묵시를 구하나 헛될 것이며 제사장에게는 율법이 없어질 것이요 장로에게는 모략이 없어질 것이며
27 Kongen skal syrgja, og fyrsten skal klæda seg i fælske, og henderne på landslyden skal skjelva. Etter åtferdi deira vil eg gjera med deim, og med deira domar vil eg døma deim, og dei skal sanna at eg er Herren.
왕은 애통하고 방백은 놀람을 옷 입듯하며 거민의 손은 떨리리라 내가 그 행위대로 그들에게 갚고 그 죄악대로 그들을 국문한즉 그들이 나를 여호와인 줄 알리라