< Esekiel 6 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde;
And the word of Jehovah came to me, saying:
2 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Israelsfjelli og spå mot deim.
Son of man, set thy face against the mountains of Israel, and prophesy against them!
3 Og du skal segja: De Israelsfjell, høyr ordi frå Herren, Herren! So segjer Herren, Herren til fjelli og til haugarne, til gili og til dalarne: Sjå, eg let sverd koma yver dykk og øyder dykkar offerhaugar.
And say, Ye mountains of Israel, hear the word of the Lord Jehovah! Thus saith the Lord Jehovah to the mountains and to the hills, to the plains and to the valleys: Behold, I, even I, will bring the sword upon you, and I will destroy your high places;
4 Og dykkar altar skal verta lagde i øyde og dykkar solstolpar sundkrasa, og eg vil lata dykkar gjennomstungne falla framfor augo på dykkar ufysne avgudar.
and your altars shall be desolate, and your sun-images shall be broken; and I will cast down your slain before your idols.
5 Og eg vil leggja liki av Israels-borni framfor augo på dykkar ufysne avgudar og strå beini dykkar rundt kringum dykkar altar.
And I will lay the carcasses of the sons of Israel before their idols; and I will scatter your bones round about your altars.
6 På kvar einaste stad der de bur, skal byarne verta lagde i øyde og offerhaugarne verta aude, so altari dykkar kann verta øydelagde og aude og dykkar ufysne avgudar sundkrasa og upp i inkje og solstolparne dykkar nedhogne og dykkar verk utstrokne;
In all places where ye dwell shall the cities be laid waste, and the high places be desolate; that your altars may be laid waste and made desolate, and your idols may be broken, and cease, and your sun-images may be cut down, and your works may be destroyed.
7 og gjennomstungne skal falla midt ibland dykk. Og de skal sanna at eg er Herren.
And the slain shall fall in the midst of you, that ye may know that I am Jehovah.
8 Men nokre vil eg leiva, med di sume av dykk slepp undan sverdet millom folkeslagi, når de vert spreidde kringum i landi.
Yet will I leave a remnant, that ye may have some that shall have escaped the sword among the nations, when ye shall be scattered through the countries.
9 Og dei av dykk som slepp undan, skal minnast meg millom folki som dei er burtførde til, når eg hev knasa deira utrue hjarta som veik ifrå meg, og deira augo som i utruskap søkte etter deira ufysne avgudar. Og dei skal styggjast ved seg sjølve for det vonde dei hev gjort, med alle sine styggjor.
And they of you that escape shall remember me among the nations whither they shall be carried captives, when I have broken their whorish heart which departed from me, and their eyes which went lusting after their idols; and they shall loathe themselves for the evils which they have committed in all their abominations.
10 Og dei skal sanna at eg er Herren. Ikkje fåfengt hev eg tala um å senda denne ulukka på deim.
Then shall they know that I am Jehovah, and that I have not said in vain, that I would do all this evil to them.
11 So segjer Herren, Herren: Slå i hop handlovarne dine og trappa med foten og ropa: «Ai, ei!» yver alle dei vonde styggjorne i Israels-lyden; for dei skal falla for sverd, svolt og sott.
Thus saith the Lord Jehovah: Smite upon thy hand, and stamp with thy foot, and say, Alas for all the evil abominations of the house of Israel! for by the sword, by famine, and by pestilence shall they fall.
12 Den som er langt burte, skal døy av sotti, og den som er nær, skal falla for sverdet, og den som er leivd og berga, skal døy av svolten, og eg vil tøma min harm yver deim.
He that is far off shall die by pestilence, and he that is near shall fall by the sword, and he that remaineth and is preserved shall die by famine. Thus will I accomplish my fury upon them.
13 Og de skal sanna et eg er Herren, når deira gjenomstungne ligg midt imillom deira ufysne avgudar, rundt kringum altari deira, på kvar ein høg haug, på alle fjelltoppar og under kvart eit grønt tre og under kvar ei lauvrik eik, på den staden der dei ofra godange åt dei ufysne avgudarne sine.
Then shall ye know that I am Jehovah, when their slain men shall be among their idols round about their altars, upon every high hill, upon all the tops of the mountains, and under every green tree, and under every thick oak, in every place where they offered sweet savor to all their idols.
14 Og eg vil retta ut handi mi mot deim og gjera landet til audn og øyda - verre enn Dibla-øydemarki - kvar dei so bur, og dei skal sanna at eg er Herren.
So will I stretch out my hand against them, and make the land desolate; yea, more desolate than the wilderness toward Diblath, in all their habitations; and they shall know that I am Jehovah.