< Esekiel 5 >
1 Og du, menneskjeson! Tak deg eit kvast sverd! Til rakekniv skal du bruka det, og du skal føra det yver ditt hovud og skjegg; tak deg so ei skålvegt og skift det du hev raka av!
Et tu, fili hominis, sume tibi gladium acutum, radentem pilos, et assumes eum et duces per caput tuum et per barbam tuam, et assumes tibi stateram ponderis et divides eos.
2 Ein tridjepart skal du brenna upp i eld midt i byen når kringsetjingsdagarne er lidne, og ein tridjepart skal du taka og slå med sverdet vida ikring, og ein tridjepart skal du spreida ut i vinden, og sverd vil draga ut etter deim.
Tertiam partem igni combures in medio civitatis, juxta completionem dierum obsidionis, et assumes tertiam partem, et concides gladio in circuitu ejus: tertiam vero aliam disperges in ventum, et gladium nudabo post eos.
3 Men du skal taka undan nokre få av deim og binda deim i kjolesnipparne dine.
Et sumes inde parvum numerum, et ligabis eos in summitate pallii tui:
4 Og av deim att skal du enn taka nokre og kasta deim midt inn i elden og brenna deim upp i eld. Derifrå skal koma eld yver all Israels-lyden.
et ex eis rursum tolles, et projicies eos in medio ignis, et combures eos igni, et ex eo egredietur ignis in omnem domum Israël.
5 So segjer Herren, Herren: Dette Jerusalem, midt imillom folki sette eg det, og land var det rundt ikring.
Hæc dicit Dominus Deus: Ista est Jerusalem: in medio gentium posui eam, et in circuitu ejus terras.
6 Men det hev sett seg upp mot mine lover, so det vart ugudlegare enn folki, og mot mine bodord, so dei vart verre enn landi rundt ikring; for mine lover vanvyrde dei, og i mine bodord ferdast dei ikkje.
Et contempsit judicia mea, ut plus esset impia quam gentes, et præcepta mea ultra quam terræ quæ in circuitu ejus sunt: judicia enim mea projecerunt, et in præceptis meis non ambulaverunt.
7 Difor, so segjer Herren, Herren: Av di at de hev rasa verre enn heidningfolki rundt ikring dykk, ikkje ferdast i mine bodord og ikkje gjort etter mine lover, og jamvel ikkje gjort etter loverne åt heidningfolki som er rundt ikring dykk,
Idcirco hæc dicit Dominus Deus: Quia superastis gentes quæ in circuitu vestro sunt, et in præceptis meis non ambulastis, et judicia mea non fecistis, et juxta judicia gentium quæ in circuitu vestro sunt non estis operati,
8 difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil koma yver deg, eg og, og eg vil halda dom hjå deg midt framfor augo på heidningfolki.
ideo hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego ad te, et ipse ego faciam in medio tui judicia in oculis gentium:
9 Og eg skal gjera med deg det som eg ikkje fyrr hev gjort og aldri meir vil gjera, for all styggedomen din.
et faciam in te quod non feci, et quibus similia ultra non faciam, propter omnes abominationes tuas.
10 Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born eta foreldri sine. Og eg vil halda dom hjå deg, og strå alt som vert att av deg for alle vindar.
Ideo patres comedent filios in medio tui, et filii comedent patres suos: et faciam in te judicia, et ventilabo universas reliquias tuas in omnem ventum.
11 Difor, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, sanneleg, etter di du hev sulka min heilagdom med all din styggjedom og alle dine styggjor, so vil eg og snu meg frå, og mitt auga skal ikkje ynkast, og ikkje eg heller vil spara deg.
Idcirco vivo ego, dicit Dominus Deus, nisi pro eo quod sanctum meum violasti in omnibus offensionibus tuis et in cunctis abominationibus tuis, ego quoque confringam: et non parcet oculus meus, et non miserebor.
12 Tridjeparten av deg skal døy av sott og verta tynt av svolt midt i deg, og tridjeparten skal falla for sverd rundt kringum deg, og tridjeparten vil eg spreida for alle vindar, og sverd vil eg draga ut etter deim.
Tertia pars tui peste morietur, et fame consumetur in medio tui, et tertia pars tui in gladio cadet in circuitu tuo: tertiam vero partem tuam in omnem ventum dispergam, et gladium evaginabo post eos.
13 Og all min vreide skal verta uthelt, og eg vil svala min harm på deim og hemna meg. Då skal dei sanna at eg, Herren, hev tala i min brennhug når eg heller ut all min harm på deim.
Et complebo furorem meum, et requiescere faciam indignationem meam in eis, et consolabor: et scient quia ego Dominus locutus sum in zelo meo, cum implevero indignationem meam in eis.
14 Og eg vil gjera deg til audn og til spott millom folki som er rundt kringum deg, framfor augo på kvar ein som fer framum.
Et dabo te in desertum, et in opprobrium gentibus quæ in circuitu tuo sunt, in conspectu omnis prætereuntis:
15 Du skal verta til spott og håd, ei åtvaring og ei skræma for folki som er rundt kringum deg, når eg held dom yver deg med vreide og med harm og med harmfulle refsingar - eg, Herren hev tala -
et eris opprobrium et blasphemia, exemplum et stupor in gentibus quæ in circuitu tuo sunt, cum fecero in te judicia in furore, et in indignatione, et in increpationibus iræ.
16 når eg sender ibland deim dei vonde hunger-pilerne som er etla til tynarverk, deim eg sender til å tyna dykk med, når eg let svolten herja dykk og bryt sund brødstaven for dykk.
Ego Dominus locutus sum: quando misero sagittas famis pessimas in eos, quæ erunt mortiferæ, et quas mittam ut disperdam vos: et famem congregabo super vos, et conteram in vobis baculum panis:
17 Eg vil senda yver dykk hunger og udyr, og dei skal gjera deg barnlaus, og sott og blod skal ganga yver deg, og sverd vil eg lata koma yver deg. Eg Herren, hev tala.
et immittam in vos famem et bestias pessimas, usque ad internecionem: et pestilentia et sanguis transibunt per te, et gladium inducam super te. Ego Dominus locutus sum.