< Esekiel 46 >

1 So segjer Herren, Herren: Porten åt den indre fyregarden, den som snur i aust, skal vera attlaten dei seks vyrkedagarne, men kviledagen skal han vera open, og nymånedagen skal han vera open.
Ainsi parle le Seigneur, l’Éternel: La porte du parvis intérieur, du côté de l’orient, restera fermée les six jours ouvriers; mais elle sera ouverte le jour du sabbat, elle sera aussi ouverte le jour de la nouvelle lune.
2 Og fyrsten skal ganga inn vegen til port-forhalli utanfrå og stana attmed port-dørskii. Og prestarne skal ofra brennofferet hans og takkofferi hans, og han skal tilbeda på portdørstokken og sidan ganga ut att. Men porten skal ikkje stengjast fyrr det kveldar.
Le prince entrera par le chemin du vestibule de la porte extérieure, et se tiendra près des poteaux de la porte; les sacrificateurs offriront son holocauste et ses sacrifices d’actions de grâces; il se prosternera sur le seuil de la porte, puis il sortira, et la porte ne sera pas fermée avant le soir.
3 Og um kviledagarne og nymånarne skal landslyden tilbeda attmed inngangen til den same porten for Herrens åsyn.
Le peuple du pays se prosternera devant l’Éternel à l’entrée de cette porte, aux jours de sabbat et aux nouvelles lunes.
4 Og brennofferet som fyrsten skal føra fram for Herren på kviledagen, skal vera seks lytelause lamb og ein lytelaus ver,
L’holocauste que le prince offrira à l’Éternel, le jour du sabbat, sera de six agneaux sans défaut et d’un bélier sans défaut;
5 og til grjonoffer ein efa med veren, men med lambi slikt grjonoffer som han sjølv vil gjeva, og ein åttung olje med kvar efa.
et son offrande, d’un épha pour le bélier, et de ce qu’il voudra pour les agneaux, avec un hin d’huile par épha.
6 Og um nymånedagen ein lytelaus ungukse og seks lamb og ein ver; lytelause skal dei vera.
Le jour de la nouvelle lune, il offrira un jeune taureau sans défaut, six agneaux et un bélier qui seront sans défaut;
7 Og til grjonoffer skal han ofra ein efa med uksen og ein efa med veren, men med lambi so mykje som han hev råd til, og ein åttung olje med kvar efa.
et son offrande sera d’un épha pour le taureau, d’un épha pour le bélier, et de ce qu’il voudra pour les agneaux, avec un hin d’huile par épha.
8 Og når fyrsten gjeng inn, skal han ganga inn vegen til port-forhalli, og same vegen skal han ganga ut att.
Lorsque le prince entrera, il entrera par le chemin du vestibule de la porte, et il sortira par le même chemin.
9 Og når landslyden gjeng inn for Herrens åsyn på høgtiderne, då skal den som gjeng inn gjenom nordporten og skal tilbeda, ganga ut att gjenom sudporten, og den som gjeng inn gjenom sudporten, skal ganga ut gjenom nordporten; ingen skal snu og ganga ut att gjenom den porten han kom inn, men dei skal ganga ut beint fram.
Mais lorsque le peuple du pays se présentera devant l’Éternel, aux solennités, celui qui entrera par la porte septentrionale pour se prosterner sortira par la porte méridionale, et celui qui entrera par la porte méridionale sortira par la porte septentrionale; on ne devra pas s’en retourner par la porte par laquelle on sera entré, mais on sortira par celle qui lui est opposée.
10 Og fyrsten skal ganga inn midt ibland deim når dei gjeng inn, og når dei gjeng ut, skal dei ganga ut saman.
Le prince entrera parmi eux quand ils entreront, et sortira quand ils sortiront.
11 Og i helgarne og høgtiderne skal grjonofferet vera ein efa med kvar ukse og ein efa med kvar ver, men med lambi slikt som kvar sjølv vil gjeva, og ein åttung olje med kvar efa.
Aux fêtes et aux solennités, l’offrande sera d’un épha pour le taureau, d’un épha pour le bélier, et de ce qu’il voudra pour les agneaux, avec un hin d’huile par épha.
12 Og når fyrsten vil ofra eit friviljugt offer, anten brennoffer eller takkoffer til friviljugt offer åt Herren, då skal dei lata upp åt honom den porten som snur i aust, og han skal ofra brennofferet sitt og takkofferi sine like eins som han gjer på kviledagen. So skal han ganga ut att, og ein skal lata att porten etter han er utgjengen.
Si le prince offre à l’Éternel un holocauste volontaire ou un sacrifice volontaire d’actions de grâces, on lui ouvrira la porte qui est du côté de l’orient, et il offrira son holocauste et son sacrifice d’actions de grâces comme il doit le faire le jour du sabbat; puis il sortira, et l’on fermera la porte après qu’il sera sorti.
13 Og eit årsgamalt lytelaust lamb skal du dagstødt ofra til brennoffer åt Herren; kvar morgon skal du ofra det.
Tu offriras chaque jour en holocauste à l’Éternel un agneau d’un an, sans défaut; tu l’offriras tous les matins.
14 Og til grjonoffer skal du kvar morgon ofra setteparten av ein efa og tvo pottar olje til å lata uppi mjølet. Det er eit grjonoffer åt Herren - ævelege fyresegner, stødt og stendig.
Tu y joindras pour offrande, tous les matins, un sixième d’épha, et le tiers d’un hin d’huile pour pétrir la farine. C’est l’offrande à l’Éternel, une loi perpétuelle, pour toujours.
15 Og dei skal ofra lambet og grjonofferet og oljen kvar morgon til eit stendigt brennoffer.
On offrira, tous les matins, l’agneau et l’offrande avec l’huile, comme holocauste perpétuel.
16 So segjer Herren, Israels Gud: Um fyrsten gjev einkvan av sønerne sine noko av odelen sin til gåva, so vert det hans odelen; åt sønerne hans skal det vera, dei fær det til odel og eiga.
Ainsi parle le Seigneur, l’Éternel: Si le prince fait à l’un de ses fils un don pris sur son héritage, ce don appartiendra à ses fils, ce sera leur propriété comme héritage.
17 Men gjev han einkvan av tenarane sine noko av odelen sin til gåva, då skal det vera hans til fridomsåret, men då skal fyrsten få det att. Odelen hans er det, åt sønerne hans skal det vera.
Mais s’il fait à l’un de ses serviteurs un don pris sur son héritage, ce don lui appartiendra jusqu’à l’année de la liberté, puis il retournera au prince; ses fils seuls posséderont ce qu’il leur donnera de son héritage.
18 Og fyrsten må ikkje taka odelsjord frå folket og på den måten trengja deim burt frå deira eiga - av si eigi eiga skal han lata sønerne sine erva - so ikkje folket mitt vert spreidt, kvar burt frå si eiga.
Le prince ne prendra rien de l’héritage du peuple, il ne le dépouillera pas de ses possessions; ce qu’il donnera en héritage à ses fils, il le prendra sur ce qu’il possède, afin que nul parmi mon peuple ne soit éloigné de sa possession.
19 So let han meg koma gjenom den inngangen som var attmed porten, til dei heilage kovarne som var etla prestarne, og som snudde i nord. Og sjå, der var det eit rom lengst burte mot vest.
Il me conduisit, par l’entrée qui était à côté de la porte, dans les chambres saintes destinées aux sacrificateurs, vers le septentrion. Et voici, il y avait un lieu dans le fond, du côté de l’occident.
20 Og han sagde med meg: «Dette er den staden der prestarne skal koka skuldofferet og syndofferet, og der dei skal baka grjonofferet, so dei ikkje skal turva bera det ut i den ytre fyregarden og på den måten helga lyden.»
Il me dit: C’est le lieu où les sacrificateurs feront cuire la chair des sacrifices de culpabilité et d’expiation, et où ils feront cuire les offrandes, pour éviter de les porter dans le parvis extérieur et de sanctifier le peuple.
21 So let han meg stiga ut i den ytre fyregarden og let meg ganga kringum dei fire hyrno på fyregarden. Og sjå, i kvart hyrna på fyregarden var det eit tun.
Il me conduisit ensuite dans le parvis extérieur, et me fit passer vers les quatre angles du parvis. Et voici, il y avait une cour à chacun des angles du parvis.
22 I dei fire hyrno på fyregarden var dei inngjerde, desse tuni; fyrti alner lange og tretti alner breide, desse fire tuni i hyrno hadde same målet.
Aux quatre angles du parvis il y avait des cours voûtées, longues de quarante coudées et larges de trente; toutes les quatre avaient la même mesure, dans les angles.
23 Og det gjekk ein murgard rundt ikring inni deim, rundt ikring i alle fire. So var det gjort gruvor til å koka i nedantil med murgarden rundt ikring.
Un mur les entourait toutes les quatre, et des foyers étaient pratiqués au bas du mur tout autour.
24 Og han sagde med meg: «Dette er kokehusi der tenarane i huset skal koka slagtofferi åt folket.»
Il me dit: Ce sont les cuisines, où les serviteurs de la maison feront cuire la chair des sacrifices offerts par le peuple.

< Esekiel 46 >