< Esekiel 45 >

1 Og når de lutar ut landet til odel, so skal de gjeva ei gåva åt Herren, ein heilag-lut av landet, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi. Det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring.
Moreover, when ye shall divide by lot the land for inheritance, ye shall set apart an offering unto the LORD, a holy portion of the land; the length shall be the length of five and twenty thousand reeds, and the breadth shall be ten thousand; it shall be holy in all the border thereof round about.
2 Av dette skal det vera åt heilagdomen fem hundrad på lengd og fem hundrad på breidd, i ein firkant rundt ikring. Og til utmark rundt kringum det femti alner.
Of this there shall be for the holy place five hundred in length by five hundred in breadth, square round about; and fifty cubits for the open land round about it.
3 Soleis skal du etter dette målet mæla fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi, og i det skal heilagdomen, det høgheilage, vera.
And of this measure shalt thou measure a length of five and twenty thousand, and a breadth of ten thousand; and in it shall be the sanctuary, which is most holy.
4 Det er ein heilag-lut av landet. Han skal vera åt prestarne som gjer tenesta i heilagdomen, dei som fær koma nær til Herren og tena honom. Det skal vera til hustufter åt deim og til heilag-tufter åt heilagdomen.
It is a holy portion of the land; it shall be for the priests, the ministers of the sanctuary, that come near to minister unto the LORD; and it shall be a place for their houses, and a place consecrated for the sanctuary.
5 Og fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi skal vera åt levitarne, tenarane i huset. Til eiga skal dei hava tjuge gardar.
And five and twenty thousand in length, and ten thousand in breadth, which shall be unto the Levites, the ministers of the house, for a possession unto themselves, for twenty chambers.
6 Og til eiga åt byen skal de gjeva fem tusund på breiddi og fem og tjuge tusund på lengdi, jamsides med luten åt heilagdomen; det skal vera åt Israels-lyden.
And ye shall appoint the possession of the city five thousand broad, and five and twenty thousand long, side by side with the offering of the holy portion; it shall be for the whole house of Israel.
7 Og fyrsten skal hava sin lut på båe sidorne åt heilagdoms-luten og by-eigedomen, frammed heilagdoms-luten og by-eigedomen, på vestsida vestetter, og på austsida, austetter, og han skal vera jamlang med ein arvlut åt ei ætt, frå grensa åt havet til austgrensa.
And for the prince, on the one side and on the other side of the holy offering and of the possession of the city, in front of the holy offering and in front of the possession of the city, on the west side westward, and on the east side eastward; and in length answerable unto one of the portions, from the west border unto the east border
8 Dette skal han hava til land, til eiga i Israel. Og fyrstarne mine skal aldri meir tyngja folket mitt, men lata Israels-lyden hava landet som det vert etla åt ætterne.
of the land; it shall be to him for a possession in Israel, and My princes shall no more wrong My people; but they shall give the land to the house of Israel according to their tribes.
9 So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok, de fyrstar i Israel! Få burt vald og trælking, og gjer rett og rettferd! Haldt upp med å driva folket mitt frå gard og grunn! segjer Herren, Herren.
Thus saith the Lord GOD: Let it suffice you, O princes of Israel; remove violence and spoil, and execute justice and righteousness; take away your exactions from My people, saith the Lord GOD.
10 Rett vegt og rett efa og rett bat skal de hava.
Ye shall have just balances, and a just ephah, and a just bath.
11 Ein efa og ein bat skal vera like store, so ein bat er tiandeparten av ein homer og ein efa tiandeparten av ein homer; etter homeren skal deira mål vera.
The ephah and the bath shall be of one measure, that the bath may contain the tenth part of a homer, and the ephah the tenth part of a homer; the measure thereof shall be after the homer.
12 Ein sekel skal vera tjuge gera. Tjuge seklar, fem og tjuge seklar, femtan seklar, det skal vera ei mina hjå dykk.
And the shekel shall be twenty gerahs; twenty shekels, five and twenty shekels, ten, and five shekels, shall be your maneh.
13 Dette er den reida de skal gjeva: setteparten av ein efa av kvar homer kveite, og likeins skal de gjeva setteparten av ein efa av kvar homer bygg.
This is the offering that ye shall set apart: the sixth part of an ephah out of a homer of wheat, and ye shall give the sixth part of an ephah out of a homer of barley;
14 Og den visse reida av olje, rekna i bat: tiandeparten av ein bat av kvar kor - som er ti bat eller ein homer, for ein homer er ti bat -
and the set portion of oil, the bath of oil, shall be the tithe of the bath out of the cor, which is ten baths, even a homer; for ten baths are a homer;
15 og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vatsrike beitelandet i Israel til grjonoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for deim, segjer Herren, Herren.
and one lamb of the flock, out of two hundred, from the well-watered pastures of Israel; for a meal-offering, and for a burnt-offering, and for peace-offerings, to make atonement for them, saith the Lord GOD.
16 All landslyden skal vera skuldig til denne reida åt fyrsten i Israel.
All the people of the land shall give this offering for the prince in Israel.
17 Men fyrsten skal hava den skyldnaden: å leggja til brennofferi og grjonofferet og drykkofferet i helgarne og på nymånedagarne og på kviledagarne, på alle høgtiderne hjå Israels-lyden. Han skal greida med syndofferet og grjonofferet og takkofferi til å gjera soning for Israels-lyden.
And it shall be the prince's part to give the burnt-offerings, and the meal-offerings, and the drink-offerings, in the feasts, and in the new moons, and in the sabbaths, in all the appointed seasons of the house of Israel; he shall prepare the sin-offering, and the meal-offering, and the burnt-offering, and the peace-offerings, to make atonement for the house of Israel.
18 So segjer Herren, Herren: Den fyrste dagen i fyrste månaden skal du taka ein lytelaus ungukse og reinsa heilagdomen frå synd.
Thus saith the Lord GOD: In the first month, in the first day of the month, thou shalt take a young bullock without blemish; and thou shalt purify the sanctuary.
19 Og presten skal taka noko av syndofferblodet og strjuka på dørskierne i huset og på dei fire hyrno på altarskori og på dørskierne i porten åt den indre fyregarden.
And the priest shall take of the blood of the sin-offering, and put it upon the door-posts of the house, and upon the four corners of the settle of the altar, and upon the posts of the gate of the inner court.
20 Og likeins skal du gjera den sjuande dagen i månaden for den som hev synda uviljande eller av fåkunna. Og de skal gjera soning for huset.
And so thou shalt do on the seventh day of the month for every one that erreth, and for him that is simple; so shall ye make atonement for the house.
21 Den fjortande dagen i fyrste månaden skal de halda påskehelg. I høgtidi, i sju dagar, skal de eta usyrt brød.
In the first month, in the fourteenth day of the month, ye shall have the passover; a feast of seven days; unleavened bread shall be eaten.
22 Den same dagen skal fyrsten ofra ein ukse til syndoffer for seg og for all landslyden.
And upon that day shall the prince prepare for himself and for all the people of the land a bullock for a sin-offering.
23 Og dei sju høgtidsdagarne skal han ofra åt Herren eit brennoffer: sju lytelause uksar og sju lytelause verar kvar dag i dei sju dagarne, og til syndoffer ein bukk kvar dag.
And the seven days of the feast he shall prepare a burnt-offering to the LORD, seven bullocks and seven rams without blemish daily the seven days; and a he-goat daily for a sin-offering.
24 Og til grjonoffer skal han ofra ein efa med kvar ukse og ein efa med kvar ver og ein åttung olje med kvar efa.
And he shall prepare a meal-offering, an ephah for a bullock, and an ephah for a ram, and a hin of oil to an ephah.
25 Den femtande dagen i sjuande månaden, på høgtidi, skal han gjera likeins både syndofferet og med brennofferet og med grjonofferet og oljen i sju dagar.
In the seventh month, in the fifteenth day of the month, in the feast, shall he do the like the seven days; to the sin-offering as well as the burnt-offering, and the meal-offering as well as the oil.

< Esekiel 45 >