< Esekiel 44 >

1 So let han meg koma tilbake til den ytre porten åt heilagdomen, den som snudde i aust, og han var attlaten.
Et convertit me ad viam portæ sanctuarii exterioris, quæ respiciebat ad Orientem: et erat clausa.
2 Og Herren sagde med meg: «Denne porten skal vera attlaten og ikkje verta opna, og ingen skal ganga inn igjenom honom; for Herren, Israels Gud, hev gjenge inn igjenom honom, difor skal han vera attlaten.
Et dixit Dominus ad me: Porta hæc clausa erit: non aperietur, et vir non transibit per eam: quoniam Dominus Deus Israel ingressus est per eam, eritque clausa
3 Men fyrsten, han er fyrste, han kann sitja der og eta brød framfor Herrens åsyn. Han skal ganga inn vegen til forhalli i porten, og same vegen skal han ganga ut att.»
principi. Princeps ipse sedebit in ea, ut comedat panem coram Domino: per viam portæ vestibuli ingredietur, et per viam eius egredietur.
4 So let han meg koma gjenom nordporten og fram for huset. Og eg såg, og sjå, Herrens herlegdom fyllte Herrens hus. Og eg fall å gruve på mitt andlit.
Et adduxit me per viam portæ Aquilonis in conspectu domus: et vidi, et ecce implevit gloria Domini domum Domini: et cecidi in faciem meam.
5 Då sagde Herren med meg: «Menneskjeson! Legg deg på hjarta og sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine alt det som eg segjer med deg um alle fyresegnerne og loverne um Herrens hus. Og du må hugfesta inngangen til huset og alle utgangarne frå heilagdomen.
Et dixit ad me Dominus: Fili hominis pone cor tuum, et vide oculis tuis, et auribus tuis audi omnia, quæ ego loquor ad te de universis ceremoniis domus Domini, et de cunctis legibus eius: et pones cor tuum in viis templi per omnes exitus sanctuarii.
6 Og du skal segja med dei tråssuge, med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok med all styggedomen dykkar, du Israels-lyd,
Et dices ad exasperantem me domum Israel: Hæc dicit Dominus Deus: Sufficiant vobis omnia scelera vestra domus Israel:
7 at de let framande, u-umskore på hjarta og u-umskore på kjøt koma inn i heilagdomen min, og vera der til å vanhelga huset mitt, når de ofra brødet mitt, feita og blod. Soleis braut dei pakti mi, attåt alle hine styggjorne dykkar.
eo quod inducitis filios alienos incircumcisos corde, et incircumcisos carne, ut sint in sanctuario meo, et polluant domum meam: et offertis panes meos, adipem, et sanguinem: et dissolvitis pactum meum in omnibus sceleribus vestris.
8 Og de hev ikkje sjølve greidt med tenesta i heilagdomarne mine, men de sette andre i staden for dykk til å gjera tenesta i heilagdomen min.
Et non servastis præcepta sanctuarii mei: et posuistis custodes observationum mearum in sanctuario meo vobismetipsis.
9 So segjer Herren, Herren: Ingen framand med u-umskore hjarta og u-umskore kjøt skal koma inn i min heilagdom, ingen av alle dei framande som bur millom Israels-borni.
Hæc dicit Dominus Deus: Omnis alienigena incircumcisus corde, et incircumcisus carne, non ingredietur sanctuarium meum, omnis filius alienus qui est in medio filiorum Israel.
10 Men dei levitarne som gjekk burt ifrå meg, då Israel for vilt, og villa seg burt ifrå meg etter dei ufysne avgudarne sine, skal bera si misgjerning,
Sed et Levitæ, qui longe recesserunt a me in errore filiorum Israel, et erraverunt a me post idola sua, et portaverunt iniquitatem suam:
11 og i heilagdomen min skal dei gjera vakttenesta ved portarne og likeins tenesta i huset; dei skal slagta brennofferet og slagtofferet åt folket, og dei skal standa framfor deira åsyn og tena deim.
erunt in sanctuario meo æditui, et ianitores portarum domus, et ministri domus: ipsi mactabunt holocausta, et victimas populi: et ipsi stabunt in conspectu eorum, ut ministrent eis.
12 Etter di dei tente deim framfor dei ufysne avgudarne deira og var støytestein til misgjerning for Israels-lyden, difor hev eg lyft mi hand imot deim, segjer Herren, Herren, og dei skal bera si misgjerning.
Pro eo quod ministraverunt illis in conspectu idolorum suorum, et facti sunt domui Israel in offendiculum iniquitatis: idcirco levavi manum meam super eos, ait Dominus Deus, et portabunt iniquitatem suam:
13 Og dei skal ikkje koma meg nær til å gjera prestetenesta framfyre meg og ikkje koma nær noko av alle mine heilage ting, dei høgheilage tingi; men dei skal bera skammi si og skjemdarverki som dei hev gjort.
et non appropinquabunt ad me ut sacerdotio fungantur mihi, neque accedent ad omne sanctuarium meum iuxta sancta sanctorum: sed portabunt confusionem suam, et scelera sua quæ fecerunt.
14 Og eg vil setja deim til å greida med tenesta i huset, med alt tenar-arbeidet i det og alt som der er å gjera.
Et dabo eos ianitores domus in omni ministerio eius, et in universis, quæ fient in ea.
15 Men dei levitiske prestarne, Sadoks-sønerne, som greidde med tenesta i heilagdomen min då Israels-borni villa seg burt ifrå meg, dei skal koma nær til meg og tena meg, og dei skal standa framfor mi åsyn og ofra åt meg feita og blod, segjer Herren, Herren.
Sacerdotes autem et Levitæ filii Sadoc, qui custodierunt ceremonias sanctuarii mei, cum errarent filii Israel a me, ipsi accedent ad me ut ministrent mihi: et stabunt in conspectu meo ut offerant mihi adipem, et sanguinem, ait Dominus Deus.
16 Dei skal ganga inn i min heilagdom, og dei skal koma inn åt mitt bord og tena meg, og dei skal greida med mi tenesta.
Ipsi ingredientur sanctuarium meum, et ipsi accedent ad mensam meam ut ministrent mihi, et custodiant ceremonias meas.
17 Når dei då kjem inn i portarne åt den indre fyregarden, skal dei klæda seg i linklæde, det må ikkje koma ullan på deim når dei tener i portarne åt den indre fyregarden og inni huset.
Cumque ingredientur portas atrii interioris, vestibus lineis induentur: nec ascendet super eos quidquam laneum, quando ministrant in portis atrii interioris et intrinsecus.
18 Linhuvor skal dei hava på hovudet og linbrøker um mjødmarne sine; dei skal vera umgyrde med noko som veld sveite.
Vittæ lineæ erunt in capitibus eorum, et feminalia linea erunt in lumbis eorum, et non accingentur in sudore.
19 Og når dei gjeng ut i den ytre fyregarden, til folket i den ytre fyregarden, skal dei hava av seg dei klædi som dei hev gjort tenesta i, og leggja deim i dei heilage kovarne, og dei skal taka på seg andre klæde, so dei ikkje skal helga folket med klædi sine.
Cumque egredientur atrium exterius ad populum, exuent se vestimentis suis, in quibus ministraverant, et reponent ea in gazophylacio sanctuarii, et vestient se vestimentis aliis: et non sanctificabunt populum in vestibus suis.
20 Og dei skal ikkje raka hovudet, men ikkje heller lata håret veksa som det vil; dei skal klyppa håret sitt.
Caput autem suum non radent, neque comam nutrient: sed tondentes attondent capita sua.
21 Og vin skal ingen av prestarne drikka, når dei gjeng inn i den indre fyregarden.
Et vinum non bibet omnis sacerdos quando ingressurus est atrium interius.
22 Enkja eller fråskild kvinna skal dei ikkje taka til kona, men møyar, ætta frå Israels-lyden. Men ei enkja som er enkja etter prest, kann det taka.
Et viduam, et repudiatam non accipient uxores, sed virgines de semine domus Israel: sed et viduam, quæ fuerit vidua a sacerdote, accipient.
23 Og dei skal læra folket mitt å skilja millom heilagt og vanheilagt, og kunngjera deim skilnaden på ureint og reint.
Et populum meum docebunt quid sit inter sanctum et pollutum, et inter mundum et immundum ostendent eis.
24 Og i rettssaker skal dei standa fram og døma; etter mine fyresegner skal dei døma i deim. Og mine lover og fyresegner skal dei halda på alle mine høgtider, og kviledagarne mine skal dei halda heilage.
Et cum fuerit controversia, stabunt in iudiciis meis, et iudicabunt: leges meas, et præcepta mea in omnibus sollemnitatibus meis custodient, et Sabbata mea sanctificabunt.
25 Og til eit lik skal ingen av deim ganga inn, so han vert urein; einast for far og for mor og for son og for dotter, for bror, og for syster som ikkje hev havt mann, kann dei gjera seg ureine soleis.
Et ad mortuum hominem non ingredientur, ne polluantur, nisi ad patrem et matrem, et filium et filiam, et fratrem et sororem, quæ alterum virum non habuerit: in quibus contaminabuntur.
26 Og etter reinsingi hans, skal dei telja sju dagar for honom.
Et postquam fuerit emundatus, septem dies numerabuntur ei.
27 Og den dagen han gjeng inn i heilagdomen, i den indre fyregarden, og tener i heilagdomen, skal han ofra syndofferet sitt, segjer Herren, Herren.
Et in die introitus sui in sanctuarium ad atrium interius ut ministret mihi in sanctuario, offeret pro peccato suo, ait Dominus Deus.
28 Og det skal vera arvluten deira: Eg vil vera arvluten deira. Og nokor eiga skal de ikkje gjeva deim i Israel; eg er deira eiga.
Non erit autem eis hereditas, ego hereditas eorum: et possessionem non dabitis eis in Israel, ego enim possessio eorum.
29 Grjonofferet og syndofferet og skuldofferet, deim skal dei eta, og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra deim til.
Victimam et pro peccato et pro delicto ipsi comedent: et omne votum in Israel ipsorum erit.
30 Det aller fyrste av allslags grøda og alle offergåvor av alle slag skal vera åt prestarne. Og det fyrste gropet de mel, skal de gjeva presten, so velsigning må koma yver huset ditt.
Et primitiva omnium primogenitorum, et omnia libamenta ex omnibus, quæ offeruntur, sacerdotum erunt: et primitiva ciborum vestrorum dabitis sacerdoti, ut reponat benedictionem domui tuæ.
31 Noko sjølvdaudt eller ihelrive av fugl eller fe må ikkje prestarne eta.
Omne morticinum, et captum a bestia de avibus et de pecoribus non comedent Sacerdotes.

< Esekiel 44 >