< Esekiel 43 >

1 So let han meg ganga til porten, den porten som snudde i aust.
그 후에 그가 나를 데리고 문에 이르니 곧 동향한 문이라
2 Og sjå, herlegdomen åt Israels Gud kom austan-ifrå, og ljomen av honom var som ljomen av store vatn, og jordi skein av herlegdomen hans.
이스라엘 하나님의 영광이 동편에서부터 오는데 하나님의 음성이 많은 물소리 같고 땅은 그 영광으로 인하여 빛나니
3 Og den syni som eg såg, var likeins som den syni eg hadde set då eg kom og skulde leggja byen i øyde, og som den syni eg hadde set burtmed Kebarelvi, soleis var synerne. Og eg fall å gruve på mitt andlit.
그 모양이 내가 본 이상 곧 전에 성읍을 멸하러 올 때에 보던 이상 같고 그발 하숫가에서 보던 이상과도 같기로 내가 곧 얼굴을 땅에 대고 엎드렸더니
4 Og Herrens herlegdom for inn i huset gjenom den porten som snudde i aust.
여호와의 영광이 동문으로 말미암아 전으로 들어가고
5 Og anden lyfte meg upp og førde meg inn i den indre fyregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fyllte huset.
성신이 나를 들어 데리고 안뜰에 들어 가시기로 내가 보니 여호와의 영광이 전에 가득하더라
6 Og eg høyrde einkvan tala til meg utor huset, og ein mann stod attmed meg.
들은즉 누구인지 전에서 내게 말하더니 사람이 내 곁에 서서
7 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Dette er den staden der kongsstolen min og fotskammelen min skal standa, og der eg vil bu hjå Israels-borni æveleg. Og Israels-borni skal aldri meir vanhelga mitt heilage namn, korkje dei eller kongarne deira, med hordomen sin og med liki av kongarne sine og med offerhaugarne sine -
내게 이르시되 인자야 이는 내 보좌의 처소, 내 발을 두는 처소, 내가 이스라엘 족속 가운데 영원히 거할 곳이라 이스라엘 족속 곧 그들과 그 왕들이 음란히 행하며 그 죽은 왕들의 시체로 다시는 내 거룩한 이름을 더럽히지 아니하리라
8 dei som sette dørstokken sin attmed dørstokk min og dørskierne sine attmed dørskierne mine, so det berre var veggen millom meg og deim. Og på den måten gjorde dei mitt heilage namn ureint med styggedomen sin som dei for med, so eg laut tyna deim i min vreide.
그들이 그 문지방을 내 문지방 곁에 두며 그 문설주를 내 문설주 곁에 두어서 그들과 나 사이에 겨우 한 담이 막히게 하였고 또 그 행하는 가증한 일로 내 거룩한 이름을 더럽혔으므로 내가 노하여 멸하였거니와
9 No skal dei hava sin hordom og liki av kongarne sine langt burt ifrå meg, so eg vil bu hjå deim æveleg.
이제는 그들이 그 음란과 그 왕들의 시체를 내게서 멀리 제하여 버려야 할 것이라 그리하면 내가 영원토록 그들의 가운데 거하리라
10 Du menneskjeson! Kunngjer for Israels-lyden um dette huset, so dei må blygjast for misgjerningarne sine, og mæla den vel tilmåta bygnaden.
인자야 너는 이 전을 이스라엘 족속에게 보여서 그들로 자기의 죄악을 부끄러워하고 그 형상을 측량하게 하라
11 Og når dei blygjest for alt det dei hev gjort, so skal du kunngjera for deim skapnaden på huset og skipnaden i det: utgangar og inngangar og skapnader på alt og alle fyresegnerne um alt, ja, all skapnaden og alle loverne um det; og rit det av framfor deira augo, so dei kann koma i hug heile skapnaden på huset og fyresegnerne um det, og gjera etter deim.
만일 그들이 자기의 행한 모든 일을 부끄러워하거든 너는 이 전의 제도와 식양과 그 출입하는 곳과 그 모든 형상을 보이며 또 그 모든 규례와 그 모든 법도와 그 모든 율례를 알게 하고 그 목전에 그것을 써서 그들로 그 모든 법도와 그 모든 규례를 지켜 행하게 하라
12 Dette er lovi um huset: På toppen av fjellet skal heile umkverven kringum det vera høgheilag. Sjå, dette er lovi um huset.
전의 법은 이러하니라 산 꼭대기 지점의 주위는 지극히 거룩하리라 전의 법은 이러하니라
13 Og dette er måli på altaret i alnetal, kvar aln ei handbreidd lengre enn ei vanleg aln: det skal vera eit fotstykke, ei aln høgt og ei aln breidt, og kantlisti på kanten av det ei spann breid rundt ikring. Dette er underlaget åt altaret.
제단의 척수는 이러하니라 (한 자는 팔꿈치에서부터 손가락에 이르고 한 손바닥 넓이가 더한 것이라) 제단 밑받침의 고가 일척이요 그 사면 가장자리의 광이 일척이며 그 가으로 둘린 턱의 광이 한 뼘이니 이는 제단 밑받침이요
14 Og frå fotstykket på jordi uppåt den nedste skori skal det vera tvo alner, og breiddi skal vera ei aln, og frå den litle skori uppåt den store skori skal det vera fire alner, og breiddi skal vera ei aln.
이 땅에 닿은 밑받침 면에서 아랫층의 고가 이척이요, 그 가장자리의 광이 일척이며 이 아랫층 면에서 이층의 고가 사척이요 그 가장자리의 광이 일척이며
15 Og «Guds-fjellet» skal vera fire alner, og frå «Guds-åren» skal dei fire horni stinga upp.
그 번제단 윗층의 고가 사척이며 그 번제하는 바닥에서 솟은 뿔이 넷이며
16 Og Guds-åren skal vera tolv alner lang og tolv alner breid, firkanta med fire jamlange sidor.
그 번제하는 바닥의 장이 십 이척이요, 광이 십 이척이니 네모 반듯하고
17 Og skori skal vera fjortan alner lang og fjortan alner breid, med fire jamlange sidor, og kantlisti kringum henne ei halv aln tjukk, og fotstykket ei aln rundt ikring, og tropperne skal snu i aust.»
그 아랫층의 장이 십 사척이요, 광이 십 사척이니 네모 반듯하고 그 밑받침에 둘린 턱의 광이 반척이며 그 가장자리의 광이 일척이니라 그 층계는 동을 향하게 할지니라
18 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! So segjer Herren, Herren: Dette er fyresegnerne um altaret den dagen det vert gjort, so ein kann ofra brennoffer og skvetta blod på det.
그가 내게 이르시되 인자야 나 주 여호와가 말하노라 이 제단을 만드는 날에 그 위에 번제를 드리며 피를 뿌리는 규례가 이러하니라
19 Du skal gjeva dei levitiske prestarne, dei som er av Sadoks-ætti, og som stig nær meg og tener meg, segjer Herren, Herren, ein ungukse til syndoffer.
나 주 여호와가 말하노라 나를 가까이 하여 내게 수종드는 사독의 자손 레위 사람 제사장에게 너는 어린 수송아지 하나를 주어 속죄 제물을 삼되
20 Og du skal taka noko av blodet hans og strjuka på dei fire altarhorni og på dei fire skorhyrno og på kantlisti rundt ikring; soleis skal du reinsa det frå synd og gjera soning for det.
네가 그 피를 취하여 제단의 네 뿔과 아랫층 네 모퉁이와 사면 가장자리에 발라 속죄하여 제단을 정결케 하고
21 Og du skal taka syndofferuksen, og honom skal dei brenna på mynstringsplassen åt huset, utanfor heilagdomen.
그 속죄 제물의 수송아지를 취하여 전의 정한 처소 곧 성소 밖에서 불사를지며
22 Og andre dagen skal du ofra ein lytelaus bukk til syndoffer, og dei skal reinsa altaret frå synd likeins som dei reinsa det med uksen.
다음 날에는 흠 없는 수염소 하나로 속죄 제물을 삼아 드려서 그 제단을 정결케 하기를 수송아지로 정결케 함과 같이 하고
23 Når du då hev gjort frå deg reinsingi, skal du leida fram ein lytelaus ungukse og ein lytelaus ver or saueflokken.
정결케 하기를 마친 후에는 흠 없는 수송아지 하나와 떼 가운데서 흠 없는 수양 하나를 드리되
24 Du skal leida deim fram for Herrens åsyn, og prestarne skal strå salt på deim og ofra deim til brennoffer åt Herren.
나 여호와 앞에 받들어다가 제사장은 그 위에 소금을 쳐서 나 여호와께 번제로 드릴 것이며
25 I sju dagar skal du ofra ein bukk til syndoffer kvar dag; og ein ungukse og ein ver or saueflokken, båe lytelause, skal du ofra.
칠일 동안은 매일 염소 하나를 갖추어 속죄 제물을 삼고 또 어린수송아지 하나와 떼 가운데서 수양 하나를 흠 없는 것으로 갖출 것이며
26 I sju dagar skal dei gjera soning for altaret og reinsa det og vigja det.
이와 같이 칠일 동안 제단을 위하여 속죄제를 드려 정결케 하며 봉헌할 것이요
27 Og når dei hev fullenda dei dagarne, skal prestarne åttande dagen og fremetter ofra brennofferet dykkar og takkofferi dykkar på altaret, og eg vil hava hugnad i dykk, segjer Herren, Herren.»
이 모든 날이 찬 후 제 팔일에와 그 다음에는 제사장이 제단 위에서 너희 번제와 감사제를 드릴 것이라 그리하면 내가 너희를 즐겁게 받으리라 나 주 여호와의 말이니라 하시더라

< Esekiel 43 >