< Esekiel 40 >

1 I det fem og tjugande året etter me vart burtførde, ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter byen vart teken - nett den dagen kom Herrens hand yver meg, og han førde meg dit burt.
我们被掳掠第二十五年,耶路撒冷城攻破后十四年,正在年初,月之初十日,耶和华的灵降在我身上,他把我带到以色列地。
2 I syner frå Gud førde han meg til Israelsland. Og han sette meg ned på eit ovhøgt fjell, og uppå det var det liksom ein uppbygd by i sud.
在 神的异象中带我到以色列地,安置在至高的山上;在山上的南边有仿佛一座城建立。
3 Og han førde meg dit burt. Og sjå, der var det ein mann, og han var sjåande til mest som kopar, og han heldt eit linsnøre i handi og ei mælestong. Og han stod i porten.
他带我到那里,见有一人,颜色如铜,手拿麻绳和量度的竿,站在门口。
4 Og mannen tala til meg: «Menneskjeson! Sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine og hugfest alt det eg syner deg! For du er førd hit so eg kann få syna deg det. Kunngjer for Israels-lyden alt det du ser!»
那人对我说:“人子啊,凡我所指示你的,你都要用眼看,用耳听,并要放在心上。我带你到这里来,特为要指示你;凡你所见的,你都要告诉以色列家。”
5 Og sjå, det var ein mur utanum huset rundt ikring. Og mannen heldt mælestongi i handi, ho var seks alner lang, kvar aln ei handbreidd lenger enn ei vanleg aln. Og han mælte breiddi på muren: ei stong, og høgdi: ei stong.
我见殿四围有墙。那人手拿量度的竿,长六肘,每肘是一肘零一掌。他用竿量墙,厚一竿,高一竿。
6 So kom han åt ein port som snudde i aust, og han steig uppetter troppestigi. Og han mælte ein dørstokk i porten: ei stong breid, og so ein dørstokk til: ei stong breid.
他到了朝东的门,就上门的台阶,量门的这槛,宽一竿;又量门的那槛,宽一竿。
7 Og kvart vaktrom var ei stong langt og ei stong breidt. Og millom vaktromi var det fem alner. Og dørstokken i porten innmed forhalli i porten innvendes var ei stong.
又有卫房,每房长一竿,宽一竿,相隔五肘。门槛,就是挨着向殿的廊门槛,宽一竿。
8 Han mælte forhalli i porten innvendes; ei stong.
他又量向殿门的廊子,宽一竿。
9 Og han mælte forhalli i porten: åtte alner, og stolparne hans: tvo alner. Og forhalli i porten låg på innsida.
又量门廊,宽八肘,墙柱厚二肘;那门的廊子向着殿。
10 Og vaktromi i porten mot aust var tri på kvar sida, alle tri like store. Og stolparne på båe sidorne var like store.
东门洞有卫房:这旁三间,那旁三间,都是一样的尺寸;这边的柱子和那边的柱子,也是一样的尺寸。
11 So mælte han dørviddi på porten: ti alner, og lengdi på porten: trettan alner.
他量门口,宽十肘,长十三肘。
12 Og det var ei sval på ein aln framfor vaktromi, og ei sval på ei aln på hi sida. Og kvart vaktrom var seks alner på den eine sida og seks alner på hi.
卫房前展出的境界:这边一肘,那边一肘;卫房这边六肘,那边六肘。
13 So mælte han porten frå taket på det eine vaktromet til taket på hitt. Breiddi var fem og tjuge alner. Dør var mot dør.
又量门洞,从这卫房顶的后檐到那卫房顶的后檐,宽二十五肘;卫房门与门相对。
14 Og han gjorde stolparne seksti alner. Og burtåt stolparne rakk fyregarden, med porten rundt ikring.
又量廊子六十肘,墙柱外是院子,有廊为界,在门洞两边。
15 Og frå framsida på inngangsporten til framsida på forhalli i den indre porten var det femti alner.
从大门口到内廊前,共五十肘。
16 Og det var vindaugo med fast grind fyre på vaktromi og på stolparne deira innantil imot porten rundt ikring, og likeins på hallerne. Og soleis var det vindaugo rundt ikring innantil, og på stolparne var det palmor.
卫房和门洞两旁柱间并廊子,都有严紧的窗棂;里边都有窗棂,柱上有雕刻的棕树。
17 So let han meg koma til den ytre fyregarden, og sjå, der var kovar og eit steinlagt golv i fyregarden rundt ikring. Det var tretti kovar på steingolvet.
他带我到外院,见院的四围有铺石地;铺石地上有屋子三十间。
18 Og steingolvet var frammed sideveggjerne på portarne, jamlangt med portlengderne; det var det lægre steingolvet.
铺石地,就是矮铺石地在各门洞两旁,以门洞的长短为度。
19 Han mælte breiddi frå framsida åt den nedre porten til den ytre framsida åt den indre fyregarden: eit hundrad alner austetter og nordetter.
他从下门量到内院外,共宽一百肘,东面北面都是如此。
20 So mælte han lengdi og breiddi på den porten som snudde i nord, på den ytre fyregarden.
他量外院朝北的门,长宽若干。
21 Den og hadde tri vaktrom på kvar sida, og likeins stolpar og haller like store som i den fyrste porten; femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
门洞的卫房,这旁三间,那旁三间。门洞的柱子和廊子,与第一门的尺寸一样。门洞长五十肘,宽二十五肘。
22 Og vindaugo og hallerne og palmorne her var like stor som i den porten som vende i aust. Og dei steig upp i porten på sju troppestig, og hallerne låg framanfor deim.
其窗棂和廊子,并雕刻的棕树,与朝东的门尺寸一样。登七层台阶上到这门,前面有廊子。
23 Og ein port til den indre fyregarden var der midt imot porten i nord og i aust, og han mælte eit hundrad alner frå ein port til hin.
内院有门与这门相对,北面东面都是如此。他从这门量到那门,共一百肘。
24 So let han meg ganga sudetter, og sjå, der var ein port som snudde i sud. Og han mælte stolparne og hallerne der og; dei heldt same mål som hine.
他带我往南去,见朝南有门,又照先前的尺寸量门洞的柱子和廊子。
25 Det var vindaugo på honom og på hallerne rundt ikring, likeins som dei andre vindaugo. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
门洞两旁与廊子的周围都有窗棂,和先量的窗棂一样。门洞长五十肘,宽二十五肘。
26 Og troppi der hadde sju stig, og hallerne var framanfor deim, og på stolparne var det palmor, ein på kvar sida.
登七层台阶上到这门,前面有廊子;柱上有雕刻的棕树,这边一棵,那边一棵。
27 Og det var ein port til den indre fyregarden på sudsida. Og han mælte frå denne porten til sudporten: eit hundrad alner.
内院朝南有门。从这门量到朝南的那门,共一百肘。
28 So let han meg koma til den indre fyregarden gjenom sudporten. Og han mælte sudporten: han heldt same mål som hine.
他带我从南门到内院,就照先前的尺寸量南门。
29 Og vaktromi og stolparne og hallerne der heldt same mål som hine. Og det var vindaugo på honom og på hallerne rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
卫房和柱子,并廊子都照先前的尺寸。门洞两旁与廊子的周围都有窗棂。门洞长五十肘,宽二十五肘。
30 Og det var haller rundt ikring: fem og tjuge alner lange og fem alner breide.
周围有廊子,长二十五肘,宽五肘。
31 Og hallerne der låg utåt den ytre fyregarden. Og på stolparne var det palmor. Og troppi hadde åtte stig.
廊子朝着外院,柱上有雕刻的棕树。登八层台阶上到这门。
32 So let han meg koma til din indre fyregarden på austsida. Og han mælte porten: han heldt same mål som hine.
他带我到内院的东面,就照先前的尺寸量东门。
33 Vaktromi og stolparne og hallerne der heldt same mål som hine. Og det var vindaugo på honom og på hallerne rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
卫房和柱子,并廊子都照先前的尺寸。门洞两旁与廊子的周围都有窗棂。门洞长五十肘,宽二十五肘。
34 Og hallerne der låg ut åt den ytre fyregarden. Og det var palmor på stolparne på båe sidor. Og troppi hadde åtte stig.
廊子朝着外院。门洞两旁的柱子都有雕刻的棕树。登八层台阶上到这门。
35 So let han meg koma til nordporten. Og han mælte honom: han heldt same mål som hine.
他带我到北门,就照先前的尺寸量那门,
36 Likeins vaktromi, stolparne og hallerne der. Og det var vindaugo rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
就是量卫房和柱子,并廊子。门洞周围都有窗棂;门洞长五十肘,宽二十五肘。
37 Og stolparne der stod innmed den ytre fyregarden, og det var palmor på stolparne på båe sidor. Og troppi hadde åtte stig.
廊柱朝着外院。门洞两旁的柱子都有雕刻的棕树。登八层台阶上到这门。
38 Og det var ein kove med dørgap i portstolparne. Der skulde dei skylja brennofferet.
门洞的柱旁有屋子和门;祭司在那里洗燔祭牲。
39 Og i forhalli åt porten var det tvo bord på kvar sida til å slagta brennofferet og syndofferet og skuldofferet på.
在门廊内,这边有两张桌子,那边有两张桌子,在其上可以宰杀燔祭牲、赎罪祭牲,和赎愆祭牲。
40 Og innmed den ytre sideveggen som snudde i nord, når ein steig upp i port-inngangen, var det tvo bord, og innmed hin sideveggen på forhalli åt porten stod det og tvo bord.
上到朝北的门口,这边有两张桌子,门廊那边也有两张桌子。
41 Det vart då fire bord innmed kvar sidevegg på porten, soleis åtte i alt. På deim skulde dei slagta.
门这边有四张桌子,那边有四张桌子,共八张;在其上祭司宰杀牺牲。
42 Og til brennofferet var det fire bord av tilhoggen stein, ei og ei halv aln lange, og ei og ei halv aln breide og ei aln høge. På deim skulde dei leggja ambodi til å slagta brennofferet og slagtofferet med.
为燔祭牲有四张桌子,是凿过的石头做成的,长一肘半,宽一肘半,高一肘。祭司将宰杀燔祭牲和平安祭牲所用的器皿放在其上。
43 Og tvigreina nabbar, ei tver hand breide, var feste på huset rundt ikring, men på bordi skulde offerkjøtet leggjast.
有钩子,宽一掌,钉在廊内的四围。桌子上有牺牲的肉。
44 Og utanfor indreporten var det kovar åt songarane i den indre fyregarden, innmed sideveggen på nordporten, og framsida deira snudde i sud. Ei koverad låg innmed sideveggen på austporten, med framsida mot nord.
在北门旁,内院里有屋子,为歌唱的人而设。这屋子朝南;在南门旁,又有一间朝北。
45 Og han sagde med meg: Denne koveradi som snur i sud med framsida si, er åt dei prestarne som hev umsut med det som skal gjerast i huset.
他对我说:“这朝南的屋子是为看守殿宇的祭司;
46 Men den koveradi som snur i nord med framsida si, er åt dei prestarne som hev umsut med altartenesta; dei er Sadoks-søner, dei av Levi-sønerne som kjem nær til Herren og tener honom.
那朝北的屋子是为看守祭坛的祭司。这些祭司是利未人中撒督的子孙,近前来事奉耶和华的。”
47 So mælte han fyregarden: eit hundrad alner lang og eit hundrad alner breid i firkant. Og altaret var framfyre huset.
他又量内院,长一百肘,宽一百肘,是见方的。祭坛在殿前。
48 So let han meg koma til forhalli i huset. Og han mælte stolparne i forhalli: fem alner på den eine sida og fem alner på hi, og breiddi på porten: tri alner på den eine sida og tri alner på hi.
于是他带我到殿前的廊子,量廊子的墙柱。这面厚五肘,那面厚五肘。门两旁,这边三肘,那边三肘。
49 Forhalli var tjuge alner lang og elleve alner breid, og ho hadde troppestig som dei steig upp til henne på. Og det var sulor innmed stolparne, ei på kvar sida.
廊子长二十肘,宽十一肘。上廊子有台阶。靠近墙柱又有柱子,这边一根,那边一根。

< Esekiel 40 >