< Esekiel 4 >

1 Og du, menneskjeson! Tak deg ein tiglstein og rita av på honom ein by, Jerusalem!
Et tu fili hominis sume tibi laterem, et pones eum coram te: et describes in eo civitatem Ierusalem.
2 Og laga til umlægringsverk mot byen, og bygg åtaksmurar mot honom, og kasta upp ein voll mot honom, og slå læger mot honom, og set upp murstangarar mot honom rundt ikring.
Et ordinabis adversus eam obsidionem, et aedificabis munitiones, et comportabis aggerem, et dabis contra eam castra, et pones arietes in gyro.
3 Og du, tak deg so ei jarnpanna og set henne til ein jarnvegg millom deg og byen; snu deg med andlitet mot honom, so han vert kringsett, og du skal kringsetja honom: eit teikn er det åt Israels-lyden.
Et tu sume tibi sartaginem ferream, et pones eam in murum ferreum inter te, et inter civitatem: et obfirmabis faciem tuam ad eam, et erit in obsidionem, et circumdabis eam: signum est domui Israel.
4 Og du, legg deg på vinstre sida og legg på henne syndeskuldi åt Israels-lyden; like mange dagar som du ligg på henne, skal du bera deira syndeskuld.
Et tu dormies super latus tuum sinistrum, et pones iniquitates domus Israel super eo numero dierum, quibus dormies super illud, et assumes iniquitatem eorum.
5 Og eg let syndeskulds-åri deira vera som talet på dagarne for deg, tri hundrad og nitti dagar, so lenge skal du bera syndeskuldi åt Israels-lyden.
Ego autem dedi tibi annos iniquitatis eorum, numero dierum trecentos et nonaginta dies: et portabis iniquitatem domus Israel.
6 Og når du hev gjort dette frå deg, skal du andre gongen leggja deg på høgre sida og bera syndeskuldi åt Juda-lyden; i fyrti dagar - ein dag for kvart år - let eg deg bera henne.
Et cum compleveris haec, dormies super latus tuum dexterum secundo: et assumes iniquitatem domus Iuda quadraginta diebus. diem pro anno, diem, inquam, pro anno dedi tibi.
7 Og mot Jerusalem, til å kringsetja det, skal du snu deg med andlitet og med berr arm, og du skal spå imot det.
Et ad obsidionem Ierusalem convertes faciem tuam, et brachium tuum erit extentum: et prophetabis adversus eam.
8 Og sjå, eg bind deg med tog, so du ikkje skal snu deg frå den eine sida til hi fyrr du hev gjort frå deg kringsetjingsdagarne dine.
Ecce circumdedi te vinculis: et non te convertes a latere tuo in latus aliud, donec compleas dies obsidionis tuae.
9 Og du, tak deg kveite og bygg og baunor og linsor og hirsa og spelt, og hav det i eit trog, og laga det til brød åt deg! I like mange dagar som du ligg på sida, i tri hundrad og nitti dagar, skal du eta det.
Et tu sume tibi frumentum, et hordeum, et fabam, et lentem, et milium, et viciam: et mittes ea in vas unum, et facies tibi panes numero dierum, quibus dormies super latus tuum: trecentis et nonaginta diebus comedes illud.
10 Og maten din skal eta etter vegt, tjuge lodd um dag. Frå tid til tid skal du eta det.
Cibus autem tuus, quo vesceris, erit in pondere viginti stateres in die: a tempore usque ad tempus comedes illud.
11 Og vatn skal du drikka etter mål, ein pott. Frå tid til tid skal du drikka det.
Et aquam in mensura bibes, sextam partem hin: a tempore usque ad tempus bibes illud.
12 Og som ei byggkake skal du eta det, og med mannsskarn til brennefang skal du steikja det for deira åsyn.
Et quasi subcinericium hordeaceum comedes illud: et stercore, quod egreditur de homine, operies illud in oculis eorum.
13 Og Herren sagde: «Soleis skal Israels-borni eta sitt brød ureint hjå dei folki som eg vil driva deim burt til.»
Et dixit Dominus: Si comedent filii Israel panem suum pollutum inter Gentes, ad quas eiiciam eos.
14 Og eg sagde: «Ai, ei! Herre, Herre! Sjå, aldri vart sjæli mi sulka, og noko sjølvdaudt og ihelrive hev eg aldri ete frå min ungdom alt til no, og det hev ikkje kome ureint kjøt i min munn.»
Et dixi: Ah, ah, ah, Domine Deus, ecce anima mea non est polluta, et morticinum, et laceratum a bestiis non comedi ab infantia mea usque nunc, et non est ingressa in os meum omnis caro immunda.
15 Og han sagde med meg: «Sjå, eg gjev deg kumøk i staden for mannsskarn, so du kann steikja brødet ditt yver den.»
Et dixit ad me: Ecce dedi tibi fimum boum pro stercoribus humanis: et facies panem tuum in eo.
16 Og han sagde med meg: «Du menneskjeson! Sjå, eg bryt sund brødstaven for Jerusalem, og dei skal eta brød etter vegt og med otte og drikka vatn etter mål og med fælske,
Et dixit ad me: Fili hominis: Ecce ego conteram baculum panis in Ierusalem: et comedent panem in pondere, et in solicitudine: et aquam in mensura, et in angustia bibent:
17 so dei skal vanta brød og vatn og verta forstøkte både ein og hin, og vanmegtast for si misgjerning.»
Ut deficientibus pane et aqua, corruat unusquisque ad fratrem suum: et contabescent in iniquitatibus suis.

< Esekiel 4 >