< Esekiel 39 >
1 Og du, menneskjeson! Spå mot Gog og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal.
"You, son of man, prophesy against Gog, and say, 'Thus says Jehovah: "Look, I am against you, Gog, chief prince of Meshech and Tubal:
2 Og eg vil snu deg um og jaga deg fram og få deg til å koma upp, lengst or Norderland, og lata deg koma upp på Israelsfjelli.
and I will turn you around, drag you along, and bring you up from the remotest parts of the north, and bring you against the mountains of Israel.
3 Og eg vil slå bogen din utor vinstre handi og lata pilerne dine detta utor høgre handi.
Then I will strike your bow out of your left hand, and will make your arrows fall from your right hand.
4 På Israelsfjelli skal du falle, du og all herskararne dine og folkeslagi som er med deg. Til rovfuglar av alle slag og til villdyri på marki gjev eg deg til mat.
You will fall on the mountains of Israel, you and all your troops and the people who are with you. I will give you to birds of prey of every king and to the beasts of the field to be devoured.
5 Utyver marki skal du falla; for eg hev tala, segjer Herren, Herren.
You will fall in the open field; for I have spoken," says Jehovah.
6 Og eg vil senda eld på Magog og på dei som bur trygt i øylandi. Og dei skal sanna at eg er Herren.
And I will send a fire on Magog and on those who dwell securely in the coastlands; then they will know that I am Jehovah.
7 Og mitt heilage namn vil eg gjera kunnigt midt ibland mitt folk Israel, og aldri meir vil eg lata mitt heilage namn verta vanhelga, og folkeslagi skal sanna at eg er Herren, heilag i Israel.
"'And I will make my holy name known in the midst of my people Israel, and I will not allow my holy name to be profaned anymore. And the nations shall know that I am Jehovah, the Holy One in Israel.
8 Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren; det er dagen som eg hev tala um.
Look, it is coming and it will happen, says Jehovah. This is the day I have spoken about.
9 Då skal dei som bur i Israels-byarne ganga ut og gjera upp eld og kveikja upp med herbunader; både med store skjoldar og med små, med bogar og med piler og med stavar og mot spjot. Og med dette til brennefang skal dei elda i sju år.
"'Then those who dwell in the cities of Israel shall go out and make fires of the weapons and burn them, both the shields and bucklers, bows and the arrows, war clubs and spears, and they shall make fires of them for seven years,
10 Dei skal ikkje henta ved or marki og ikkje hogga i skogarne, for dei skal elda med herbunaderne. Og dei skal rana sine ransmenner og herja sine herjarar, segjer Herren, Herren.
so that they shall no need to take wood out of the field or gather firewood from the forests, because they shall make fires of the weapons; and they will take the spoil from those who despoiled them, and plunder those who plundered them, says Jehovah.
11 Og det skal henda same dagen, at eg vil gjeva Gog ein gravstad i Israel, Ferdamannsdalen austum havet, og han skal stengja vegen for ferdafolket. Der skal dei gravleggja Gog og heile mannemugen hans, og dei skal kalla det Gogs-muge-dalen.
"'And it shall happen on that day that I will give to Gog a place for burial in Israel, the Valley of the Travelers east of the sea; and it shall block the way of the travelers. So they shall bury Gog and all his multitude; and they shall call it The Valley of Hamon Gog.
12 I sju månader skal Israels-lyden jorda deim, det skal vera til å reinsa landet.
For seven months the house of Israel will be burying them, in order to cleanse the land.
13 All landslyden skal jorda deim, og det skal gjera deim namnfræge den dagen eg syner meg herleg, segjer Herren, Herren.
Yes, all the people of the land shall bury them, and it shall be a memorial for them on the day that I show my glory, says Jehovah.
14 Og dei skal velja ut menner som stødt skal fara um i landet og jorda deim som der hadde fare fram, deim som hadde vorte liggjande etter utyver jordi; det skal vera til å reinsa det. Når sju månader er lidne, skal dei taka til med leitingi.
And they shall designate men to travel through the land regularly, burying those who remain on the face of the land, in order to cleanse it. At the end of seven months they shall make a search.
15 Når då yverfararane fer um i landet og fær sjå eit mannebein, skal dei setja upp et merke attmed det til gravarane fær grave det ned i Gogs-muge-dalen.
As they go through the land and anyone sees a human bone, he will put a marker next to it until the gravediggers have buried it in the Valley of Hamon Gog.
16 Ogso eit bynamn skal vera Hamona. Soleis skal dei reinsa landet.
Moreover, Hamonah will be the name of a city. Thus they shall cleanse the land.'
17 Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren: Seg med kvar fljugande fuglen og kvart eit udyr på marki: Samla dykk saman og kom! Sanka dykk frå alle stader til slagtofferet mitt, som eg hev slagta åt dykk, eit stort slagtoffer på Israelsfjelli. Og de skal eta kjøt og drikka blod.
"And as for you, son of man, thus says Jehovah: Speak to every kind of bird and to all the wild animals, 'Assemble and come, gather from all around to my sacrifice which I am going to sacrifice for you, a great sacrifice on the mountains of Israel, that you may eat flesh and drink blood.
18 Kjøt av kjempor skal de få eta, og blod frå fyrstar på jord skal de få drikka; verar, lamb og bukkar og uksar, gjødde i Basan alle i hop.
You shall eat the flesh of the mighty, and drink the blood of the princes of the earth, of rams, of lambs, and of goats, of bulls, all of them fattened animals of Bashan.
19 De skal få eta feitt til de vert mette, og drikka blod til det vert drukne, av slagtofferet mitt som eg slagtar åt dykk.
And you shall eat fat until you are full, and drink blood until you are drunk, at my sacrifice which I have sacrificed for you.
20 Og de skal verta mette ved mitt bord med ridehestar og vognhestar, med kjempor og hermenner av alle slag, segjer Herren, Herren.
And you shall be filled at my table with horses and charioteers, with warriors and with all the soldiers,' says Jehovah.
21 Og eg vil syna mitt storvelde millom folki, og alle folki skal sjå min dom, som eg hev halde, og mi hand, som eg hev lagt på deim.
"'And I will set my glory among the nations, and all the nations shall see my judgment when I have executed it and my hand when I lay it on them.
22 Og Israels-lyden skal sanna at eg er Herren, deira Gud, frå den dagen og framleides.
So the house of Israel shall know that I am Jehovah their God, from that day on.
23 Og folkeslagi skal skyna at det var for sine misgjerningar Israels-lyden vart burtførd, for di dei for med svik imot meg, so eg laut løyna mi åsyn for deim og gjeva deim i fiendehand, so dei fall for sverd alle saman.
And the nations shall know that the house of Israel went into captivity for their iniquity, because they were unfaithful to me, so I hid my face from them, and I gave them into the hand of their adversaries, and all of them fell by the sword.
24 Etter deira ureinskap og misgjerningar for eg fram imot deim og løynde mi åsyn for deim.
I dealt with them according to their uncleanness and according to their transgressions, and I hid my face from them.'
25 Difor, so segjer Herren, Herren: No vil eg enda Jakobs fangetid og miskunna all Israels-lyden, og eg vil vera ihuga for mitt heilage namn.
"Therefore thus says Jehovah: 'Now will I restore the fortunes of Jacob and have mercy on the whole house of Israel, and I will be jealous for my holy name.
26 Og dei skal bera si skjemsla og all si utrue framferd mot meg, når dei bur trygt i landet sitt, og ingen skræmer deim.
And they shall feel remorse for their disgrace and all the unfaithfulness they committed against me, when they dwell securely in their land with none to make them afraid.
27 Når eg fører deim tilbake frå folkeslagi og sankar deim or fiendelandi og helgar meg på deim for augo på dei mange folk,
When I have brought them back from the peoples and gathered them out of their enemies' lands, then I will be sanctified through them in the sight of the many nations.
28 då skal dei sanna at eg er Herren, deira Gud, med di at eg førde deim burt til folkeslagi, men samlar deim no inn i deira eige land og ikkje leiver ein einaste av deim etter meg der.
Then they will know that I am Jehovah their God, because I sent them into exile among the nations, and then gathered them into their own land; and I will leave none of them there any more.
29 So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for deim, for eg hev rent ut min ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Herren.
And I will no longer hide my face from them, when I pour out my Spirit on the house of Israel,' says Jehovah."