< Esekiel 38 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
ヱホバの言我にのぞみて言ふ
2 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Gog i Magoglandet, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal, og spå mot honom!
人の子よロシ、メセクおよびトバルの君たるマゴグの地の王ゴグに汝の面をむけ之にむかひて預言し
3 Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal.
言べし主ヱホバかく言たまふロシ、メセク、トバルの君ゴグよ視よ我なんぢを罰せん
4 Og eg vil snu deg um og krøkja krokar i munnvikarne dine og føra deg ut med all din her, hestar og ridarar, i full herbunad alle saman, ein heil mannfjølde med store skjoldar og små, med sverd i hand alle saman.
我汝をひきもどし汝の腮に鉤をほどこして汝および汝の諸の軍勢と馬とその騎者を曳いだすべし是みな其服粧に美を極め大楯小楯をもち凡て劍を執る者にして大軍なり
5 Persar og ætiopar og putæar er med deim, alle saman med skjold og hjelm,
ペルシヤ、エテオピアおよびフテこれとともにあり皆楯と盔をもつ
6 Gomer og alle hans herskarar, Togarma-lyden, lengst or Norderland og alle hans herskarar; mange folkeslag hev du med deg.
ゴメルとその諸の軍隊北の極のトガルマの族とその諸の軍隊など衆多の民汝とともにあり
7 Herbu deg og gjer deg reidug, du og alle herflokkarne dine, som hev samla seg til deg, og du må varda deim vel.
汝準備をなせ汝と汝にあつまれるところの軍隊みな備をせよ而して汝かれらの保護となれ
8 Etter mange dagar kjem turen til deg, når åri renn ut, skal du koma til eit land som er berga undan for sverd, sanka frå mange folkeslag, uppå Israelsfjelli, som stødt låg i øyde. Men no er det ført ut frå folkeslagi, og trygt bur dei alle saman.
衆多の日の後なんぢ罰せられん末の年に汝かの劍をのがれてかへり衆多の民の中より集りきたれる者の地にいたり久しく荒ゐたるイスラエルの山々にいたらん是は國々より導きいだされて皆安然に住ふなり
9 Og du skal draga dit upp; som ei stormflaga skal du koma, som ei sky skal du vera til å skyla landet, du og alle herskararne dine og mange folkeslag med deg.
汝その諸の軍隊および衆多の民をひきゐて上り暴風のごとく至り雲のごとく地を覆はん
10 So segjer Herren, Herren: Og det skal henda den dagen, at ord skal koma upp i ditt hjarta, og du skal tenkja ein illrådig tanke
主ヱホバかくいひたまふ其日に汝の心に思想おこり惡き謀計をくはだてて
11 og segja: «Eg vil fara upp mot eit land utan verjevollar, eg vil koma på desse som er i ro, som bur trygt: alle saman bur dei utan verjemur, og bommar og portar vantar dei.»
言ん我平原の邑々にのぼり穩にして安然に住る者等にいたらん是みな石垣なくして居り關も門もあらざる者なりと
12 Til å rana ran og gjera herfang er du komen, og til å leggja di hand på uppatt-bygde øydestader, mot eit folk som er sanka frå folkeslag, og som el seg til bufe og gods, som er busett på jord-navlen.
斯して汝物を奪ひ物を掠め汝の手をかへして彼の人の住むにいたれる墟址を攻め又かの國々より集りきたりて地の墺區にすみて群と財寶をもつところの民をせめんとす
13 Sjeba og Dedan og kjøpmenner frå Tarsis og alle deira ungløvor skal segja med deg: «Kjem du hit og vil rana ran? Hev du drege i hop dine herskarar til å gjera herfang, til å føra burt sylv og gull, til å taka bufe og gods, til å rana ran i det store?»
シバ、デダン、タルシシの商賈およびその諸の小獅子汝に言ん汝物を奪はんとて來れるや汝物を掠めんために軍隊をあつめしや金銀をもちさり群と財寶を取り多くの物を奪はんとするやと
14 Difor, spå, menneskjeson, og seg med Gog: So segjer Herren, Herren: Den dagen då mitt folk Israel bur trygt, skal du då ikkje få vita det?
是故に人の子よ汝預言してゴグに言へ主ヱホバかくいひたまふ其日に汝わが民イスラエルの安然に住むを知ざらんや
15 Og du skal koma frå din stad langt nord i heimen, du og mange folkeslag med deg, ridande på hestar alle saman, ein stor skare og veldug her.
汝すなはち北の極なる汝の處より來らん衆多の民汝とともにあり皆馬に乗る其軍隊は大にしてその軍勢は夥多し
16 Og du skal fara upp mot mitt folk Israel og skyla landet med ei sky. I dei siste dagarne skal det henda, då let eg deg koma yver landet mitt, so folkeslagi skal læra å kjenna meg, når eg syner min heilagdom på deg, Gog, framfor augo på deim.
而して汝わが民イスラエルに攻きたり雲のごとくに地を覆はんゴグよ末の日にこの事あらんすなはち我汝をわが地に攻きたらしめ汝をもて我の聖き事を國々の民の目のまへにあらはして彼らに我をしらしむべし
17 So segjer Herren, Herren: Er det du som eg tala um i forne dagar gjenom mine tenarar, profetarne i Israel, som spådde i dei dagarne, år for år, at eg vilde lata deg koma yver deim?
主ヱホバかく言たまふ我の昔日わが僕なるイスラエルの預言者等をもて語りし者は汝ならずや即ち彼ら其頃年ひさしく預言して我汝を彼らに攻きたらしめんと言り
18 Og det skal henda den same dagen, den dagen Gog kjem yver Israelslandet, segjer Herren, Herren, då skal harmen min koma upp i mi nos.
主ヱホバいひたまふ其日すなはちゴグがイスラエルの地に攻來らん日にわが怒面にあらはるべし
19 Og i min brennhug, i min logande vreide talar eg: Sanneleg, den dagen skal det vera ein stor jordskjelv yver Israelslandet.
我嫉妬と燃たつ怒をもて言ふ其日には必ずイスラエルの地に大なる震動あらん
20 Og skjelva for mi åsyn skal fiskarne i havet og fuglarne under himmelen og dyri på marki og alt kreket som krek på jordi og kvart eit menneskje som er på jord-yta. Og rivna skal fjelli, og rynja skal hamrarne, og kvar ein mur skal falla til jordi.
海の魚空の鳥野の獣凡て地に匍ふところの昆蟲凡て地にある人わが前に震へん又山々崩れ嶄巌たふれ石垣みな地に仆れん
21 Og eg vil kalla sverd imot honom på alle mine fjell, segjer Herren, Herren; sverd skal dei svinga mot kvarandre.
主ヱホバいひたまふ我劍をわが諸の山に召きたりて彼をせめしめん人々の劍その兄弟を撃べし
22 Og eg vil halda dom yver honom med sott og med blod. Og hyljande regn og haglande steinar, eld og svåvel vil eg lata regna yver honom og yver hans herskarar og yver dei mange folkeslag som er med honom.
我疫病と血をもて彼の罪をたださん我漲ぎる雨と雹と火と硫磺を彼とその軍勢および彼とともなる多の民の上に降すべし
23 Og eg vil syna meg stor og heilag og gjera meg kjend for augo på mange folkeslag. Og dei skal sanna at eg er Herren.
而して我わが大なることと聖きことを明かにし衆多の國民の目のまへに我を示さん彼らはすなはち我のヱホバなることをしるべし