< Esekiel 37 >

1 Herrens hand kom yver meg, og han førde meg i Herrens ande og sette meg ned midt i dalen, som no var full av bein.
여호와께서 권능으로 내게 임하시고 그 신으로 나를 데리고 가서 골짜기 가운데 두셨는데 거기 뼈가 가득하더라
2 Og han let meg ganga framum deim rundt ikring, og sjå, det var ei ovmengd av deim utyver dalen, og sjå, dei var ovleg turre.
나를 그 뼈 사방으로 지나게 하시기로 본즉 그 골짜기 지면에 뼈가 심히 많고 아주 말랐더라
3 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Skal tru dei vil livna upp att, desse beini?» Og eg sagde: «Herre, Herre, du veit det.»
그가 내게 이르시되 인자야 이 뼈들이 능히 살겠느냐 하시기로 내가 대답하되 주 여호와여 주께서 아시나이다
4 Og han sagde med meg: «Spå yver desse beini! Og seg med deim: De turre bein, høyr Herrens ord!
또 내게 이르시되 너는 이 모든 뼈에게 대언하여 이르기를 너희 마른 뼈들아 여호와의 말씀을 들을지어다
5 So segjer Herren, Herren, med desse beini: Sjå, eg let ånd koma i dykk, og de skal livna upp att.
주 여호와께서 이 뼈들에게 말씀하시기를 내가 생기로 너희에게 들어가게 하리니 너희가 살리라
6 Og eg vil setja senar på dykk og lata det koma kjøt på dykk og draga hud yver utanpå dykk og gjeva ånd i dykk, og de skal livna upp att. Og de skal sanna at eg er Herren.»
너희 위에 힘줄을 두고 살을 입히고 가죽으로 덮고 너희 속에 생기를 두리니 너희가 살리라 또 나를 여호와인 줄 알리라 하셨다 하라
7 Og eg spådde so som eg var fyresagd. Då vart det ei skråving medan eg spådde, og sjå, det tok til å braka, og beini drog seg imot kvarandre, bein til bein.
이에 내가 명을 좇아 대언하니 대언할 때에 소리가 나고 움직이더니 이 뼈, 저 뼈가 들어 맞아서 뼈들이 서로 연락하더라
8 Og eg såg, og sjå, det kom senar og kjøt på deim, og det drog seg hud utanpå deim. Men ånd var det ikkje i deim.
내가 또 보니 그 뼈에 힘줄이 생기고 살이 오르며 그 위에 가죽이 덮이나 그 속에 생기는 없더라
9 Og han sagde med meg: «Spå til anden! Spå, menneskjeson, og seg med anden: So segjer Herren, Herren: Kom, du ande, frå dei fire vindar og anda på desse drepne menner, so dei kann livna upp att!»
또 내게 이르시되 인자야 너는 생기를 향하여 대언하라 생기에게 대언하여 이르기를 주 여호와의 말씀에 생기야 사방에서부터 와서 이 사망을 당한 자에게 불어서 살게 하라 하셨다 하라
10 Og eg spådde so som han sette meg til. Og anden kom i deim, og dei livna, og dei stod på føterne sine, ein ovleg, ovleg stor her.
이에 내가 그 명대로 대언하였더니 생기가 그들에게 들어가매 그들이 곧 살아 일어나서 서는데 극히 큰 군대더라
11 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Desse beini, dei er heile Israels-lyden. Sjå, dei segjer: «Turre er våre bein; vår von vart um inkje, det er ute med oss.»
또 내게 이르시되 인자야 이 뼈들은 이스라엘 온 족속이라 그들이 이르기를 우리의 뼈들이 말랐고 우리의 소망이 없어졌으니 우리는 다 멸절되었다 하느니라
12 Spå difor og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg opnar graverne dykkar og let dykk, lyden min, risa upp or graverne dykkar, og eg vil føra dykk til Israels land.
그러므로 너는 대언하여 그들에게 이르기를 주 여호와의 말씀에 내 백성들아 내가 너희 무덤을 열고 너희로 거기서 나오게 하고 이스라엘 땅으로 들어가게 하리라
13 Og de skal sanna at eg er Herren når eg opnar graverne dykkar og let dykk, folket mitt, risa upp or graverne dykkar.
내 백성들아 내가 너희 무덤을 열고 너희로 거기서 나오게 한즉 너희가 나를 여호와인 줄 알리라
14 Og eg vil senda min ande i dykk, og de skal livna upp att, og eg vil lata dykk få bu i landet dykkar. Og de skal sanna at eg er Herren; eg hev tala og vil setja det i verk, segjer Herren.»
내가 또 내 신을 너희 속에 두어 너희로 살게 하고 내가 또 너희를 너희 고토에 거하게 하리니 나 여호와가 이 일을 말하고 이룬 줄을 너희가 알리라 나 여호와의 말이니라 하셨다 하라
15 Herrens ord kom til meg; han sagde:
여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
16 Og du, Menneskjeson! Tak deg ein trestav og skriv på honom: «For Juda og dei Israels-born som er med honom.» Og tak deg ein annan stav og skriv på honom: «For Josef, ein stav for Efraim og all Israels-lyden som er med honom!»
인자야 너는 막대기 하나를 취하여 그 위에 유다와 그 짝 이스라엘 자손이라 쓰고 또 다른 막대기 하나를 취하여 그 위에 에브라임의 막대기 곧 요셉과 그 짝 이스라엘 온 족속이라 쓰고
17 Legg deim so i hop, ein attåt hin, so du fær deim til ein stav, og dei vert til eitt i handi di.
그 막대기들을 서로 연합하여 하나가 되게 하라 네 손에서 둘이 하나가 되리라
18 Og når landsmennerne dine segjer til deg: «Vil du ikkje lata oss få vita kva du meiner med dette?»
네 민족이 네게 말하여 이르기를 이것이 무슨 뜻인지 우리에게 고하지 아니하겠느냐? 하거든
19 tala då til deim: «So segjer Herren, Herren: Sjå, eg tek Josefs stav, som er i Efraims hand, og Israels ætter som er med honom, og eg legg deim attåt Judas stav og gjer deim til ein stav, so dei vert til eitt i handi mi.»
너는 곧 이르기를 주 여호와의 말씀에 내가 에브라임의 손에 있는바 요셉과 그 짝 이스라엘 지파들의 막대기를 취하여 유다의 막대기에 붙여서 한 막대기가 되게 한즉 내 손에서 하나가 되리라 하셨다 하고
20 Og stavarne som du skriv på, skal du halda i handi di framfor augo på deim.
너는 그 글 쓴 막대기들을 무리의 목전에서 손에 잡고
21 Og du skal tala til deim: «So segjer Herren, Herren: Sjå, eg tek Israels-borni burt frå dei folki som dei for til, og eg vil samla deim frå alle stader og føra deim inn i landet sitt.
그들에게 이르기를 주 여호와의 말씀에 내가 이스라엘 자손을 그 간바 열국에서 취하며 그 사면에서 모아서 그 고토로 돌아가게 하고
22 Og eg vil gjera deim til eitt folk i landet, på Israelsfjelli, og ein konge skal vera konge yver deim alle, og dei skal aldri meir vera tvo folk, og aldri meir vera sundbytte i tvo rike.
그 땅 이스라엘 모든 산에서 그들로 한 나라를 이루어서 한 임금이 모두 다스리게 하리니 그들이 다시는 두 민족이 되지 아니하며 두 나라로 나누이지 아니할지라
23 Og dei skal aldri meir sulka seg med dei ufysne avgudarne sine og med styggjorne sine eller med nokor av alle misgjerningarne sine. Og eg vil fri deim ut frå alle sine bustader, der dei hev synda, og eg vil reinsa deim, og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
그들이 그 우상들과 가증한 물건과 그 모든 죄악으로 스스로 더럽히지 아니하리라 내가 그들을 그 범죄한 모든 처소에서 구원하여 정결케 한즉 그들은 내 백성이 되고 나는 그들의 하나님이 되리라
24 Og min tenar David skal vera konge yver deim, og ein hyrding skal vera åt deim alle. Og i mine lover skal dei ferdast, og mine bod skal dei halda og gjera etter deim.
내 조상 다윗이 그들의 왕이 되리니 그들에게 다 한 목자가 있을 것이라 그들이 내 규례를 준행하고 내 율례를 지켜 행하며
25 Og dei skal bu i det landet som eg gav min tenar Jakob, der som federne dykkar budde. Dei skal bu i det, dei sjølve og borni deira og barneborni deira, æveleg, og David, min tenar, skal vera deira fyrste, æveleg.
내가 내 종 야곱에게 준 땅 곧 그 열조가 거하던 땅에 그들이 거하되 그들과 그 자자손손이 영원히 거기 거할 것이요 내 종 다윗이 영원히 그 왕이 되리라
26 Og eg vil gjera ei fredspakt med deim, ei ævepakt med deim skal det vera. Og eg vil busetja deim og lata deim aukast og setja min heilagdom midt ibland deim æveleg.
내가 그들과 화평의 언약을 세워서 영원한 언약이 되게 하고 또 그들을 견고하고 번성케 하며 내 성소를 그 가운데 세워서 영원히 이르게 하리니
27 Og min bustad skal vera yver deim, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
내 처소가 그들의 가운데 있을 것이며 나는 그들의 하나님이 되고 그들은 내 백성이 되리라
28 Og folki skal sanna at eg er Herren som helgar Israel, når min heilagdom vert verande millom deim æveleg.»
내 성소가 영원토록 그들의 가운데 있으리니 열국이 나를 이스라엘을 거룩케 하는 여호와인 줄 알리라 하셨다 하라

< Esekiel 37 >