< Esekiel 36 >
1 Og du menneskjeson! Spå um Israelsfjelli! Og du skal segja: Det Israelsfjell, høyr Herrens ord!
Tu autem fili hominis propheta super montes Israel, et dices: Montes Israel audite verbum Domini:
2 So segjer Herren, Herren: For di fienden sagde: «Hå, hå!» yver dykk, og: «Dei ævelege haugar hev vorte vår eiga, »
Hæc dicit Dominus Deus: Eo quod dixerit inimicus de vobis: Euge, altitudines sempiternæ in hereditatem datæ sunt nobis:
3 difor spå og seg: So segjer Herren, Herren: Etter di, ja, etter di dei avøyder dykk og glefser etter dykk frå alle leider, so hine folki kann eigna dykk til seg, og etter di de er komne på folketunga og hev fenge eit låkt ord på dykk ibland folk,
propterea vaticinare, et dic: Hæc dicit Dominus Deus: Pro eo quod desolati estis, et conculcati per circuitum, et facti in hereditatem reliquis Gentibus, et ascendistis super labium linguæ, et opprobrium populi:
4 difor, de Israelsfjell, høyr Herrens, Herrens ord! So segjer Herren, Herren, med fjelli og med haugarne, med gili og dalarne og med røysarne på dei aude tufterne og med øydebyarne som hev vorte til ran og spott for hine folki som er der ikring,
propterea montes Israel audite verbum Domini Dei: Hæc dicit Dominus Deus montibus, et collibus, torrentibus, vallibusque et desertis, parietinis, et urbibus derelictis, quæ depopulatæ sunt, et subsannatæ a reliquis Gentibus per circuitum.
5 difor, so segjer Herren, Herren: Sanneleg, i min brennande harm hev eg tala mot hine folki og mot Edom, som hev etla seg landet mitt til eiga - med heile si hjartans gleda, med vanvyrdnad i si sjæl - so dei kunde driva ut deim som budde der og so rana det.
Propterea hæc dicit Dominus Deus: Quoniam in igne zeli mei locutus sum de reliquis Gentibus, et de Idumæa universa, quæ dederunt terram meam sibi in hereditatem cum gaudio, et toto corde, et ex animo: et eiecerunt eam ut vastarent:
6 Difor, spå um Israels land og seg med fjelli og med haugarne, med gili og med dalarne: So segjer Herren, Herren: Sjå, i mitt åbry og i min harm hev eg tala, etter di de hev lote tolt skjemsla frå folki.
idcirco vaticinare super humum Israel, et dices montibus, et collibus, iugis, et vallibus: Hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego in zelo meo, et in furore meo locutus sum, eo quod confusionem gentium sustinueritis.
7 Difor, so segjer Herren, Herren: Eg rette handi mi i veret på det: Sanneleg, folki som bur kringum dykk, skal sjølv ljota bera si skjemsla!
Idcirco hæc dicit Dominus Deus: Ego levavi manum meam ut Gentes, quæ in circuitu vestro sunt, ipsæ confusionem suam portent.
8 Men de, Israelsfjell, skal skjota dykkar greiner og bera dykkar frukt åt mitt folk Israel; for snart skal dei koma heim att.
Vos autem montes Israel ramos vestros germinetis, et fructum vestrum afferatis populo meo Israel: prope enim est ut veniat:
9 For sjå, eg vil finna dykk, eg vil snu meg åt dykk, og de skal verta dyrka og sådde.
Quia ecce ego ad vos, et convertar ad vos, et arabimini, et accipietis sementem.
10 Og eg vil føra ei mengd med menneskje upp på dykk, all Israels-lyden, og byarne skal atter få folk, og øydestaderne verta bygde å nyo.
Et multiplicabo in vobis homines, omnemque domum Israel: et habitabuntur civitates, et ruinosa instaurabuntur.
11 Og eg vil gjera dykk rike på folk og fe, og dei skal aukast og verta rike på avkjøme. Og eg vil gjeva dykk folkerike bygder som fyrr i tidi, og eg vil gjera dykk endå meir godt enn i dykkar fyrste tider, og de skal sanna at eg er Herren.
Et replebo vos hominibus, et iumentis: et multiplicabuntur, et crescent: et habitare vos faciam sicut a principio, bonisque donabo maioribus, quam habuistis ab initio: et scietis quia ego Dominus.
12 Og eg vil lata menneskje, mitt folk Israel, ferdast på dykk, dei skal taka deg til eiga, og du skal vera deira odel. Og du skal aldri meir gjera deim barnlause.
Et adducam super vos homines populum meum Israel, et hereditate possidebunt te: et eris eis in hereditatem, et non addes ultra ut absque eis sis.
13 So segjer Herren, Herren: Etter di dei segjer um deg: «Ein mann-etar er du, og barnlaus hev du gjort dine folk, »
Hæc dicit Dominus Deus: Pro eo quod dicunt de vobis: Devoratrix hominum es, et suffocans gentem tuam:
14 difor skal du aldri meir eta menneskje og aldri meir gjera folki dine barnlause, segjer Herren, Herren.
Propterea homines non comedes amplius, et gentem tuam non necabis ultra, ait Dominus Deus:
15 Og aldri meir let eg deg høyra skjemsla frå folki, og vanvyrdnad frå folkeslagi skal du aldri meir turva tola, og folki dine skal du aldri meir få til å snåva, segjer Herren, Herren.
Nec auditam faciam in te amplius confusionem Gentium, et opprobrium populorum nequaquam portabis, et gentem tuam non amittes amplius, ait Dominus Deus.
16 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
Et factum est verbum Domini ad me, dicens:
17 Menneskjeson! Israels-lyden budde i landet sitt, og dei sulka det med si åtferd og sine verk; som ureinskapen hjå kvinna når ho hev sine tider, so var deira åtferd for mi åsyn.
Fili hominis domus Israel habitaverunt in humo sua, et polluerunt eam in viis suis, et in studiis suis iuxta immunditiam menstruatæ facta est via eorum coram me.
18 Då rende eg ut min harm yver deim for det blod som dei hadde rent ut yver landet, og for di dei hadde sulka det med dei ufysne avgudarne sine.
Et effudi indignationem meam super eos pro sanguine, quem fuderunt super terram, et in idolis suis polluerunt eam.
19 Og eg spreidde deim millom folki, og dei vart strådde i landi; etter deira åtferd og verk dømde eg dei.
Et dispersi eos in Gentes, et ventilati sunt in terras: iuxta vias eorum, et adinventiones eorum iudicavi eos.
20 Då dei kom til dei folki som dei for til, då vanhelga dei mitt heilage namn, med di det vart sagt um deim: «Dette er Herrens folk, men ut or landet hans laut dei fara.»
Et ingressi sunt ad Gentes, ad quas introierunt, et polluerunt nomen sanctum meum, cum diceretur de eis: Populus Domini iste est, et de terra eius egressi sunt.
21 Då gjorde det meg ilt for mitt heilage namn som Israels-lyden hadde vanhelga millom dei folki som dei var komne til.
Et peperci nomini sancto meo, quod polluerat domus Israel in Gentibus, ad quas ingressi sunt.
22 Seg difor med Israels-lyden: so segjer Herren, Herren: Ikkje for dykkar skuld, du Israels-lyd, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, som de hev vanhelga millom dei folki som de er komne til.
Idcirco dices domui Israel: Hæc dicit Dominus Deus: Non propter vos ego faciam, domus Israel, sed propter nomen sanctum meum, quod polluistis in Gentibus, ad quas intrastis.
23 Og eg vil helga mitt store namn som vart vanhelga millom folki med di de vanhelga det ibland deim. Og folki skal sanna at eg er Herren, segjer Herren, Herren, når eg helgar meg på dykk for augo deira.
Et sanctificabo nomen meum magnum, quod pollutum est inter Gentes, quod polluistis in medio earum: ut sciant Gentes quia ego Dominus, ait Dominus exercituum, cum sanctificatus fuero in vobis coram eis:
24 Og eg vil henta dykk frå folki og sanka dykk ut or alle landi og flytja dykk til dykkar eige land.
Tollam quippe vos de Gentibus, et congregabo vos de universis terris, et adducam vos in terram vestram.
25 Og eg vil skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk.
Et effundam super vos aquam mundam, et mundabimini ab omnibus inquinamentis vestris, et ab universis idolis vestris mundabo vos.
26 Og eg vil gjeva dykk eit nytt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dykk, og eg vil taka burt steinhjarta or dykkar kjøt og gjeva dykk eit kjøthjarta.
Et dabo vobis cor novum, et spiritum novum ponam in medio vestri: et auferam cor lapideum de carne vestra, et dabo vobis cor carneum.
27 Og min ande vil eg gjeva inni dykk, og eg vil få dykk til å ferdast i mine bod og til å halda loverne mine og gjera etter deim.
Et spiritum meum ponam in medio vestri: et faciam ut in præceptis meis ambuletis, et iudicia mea custodiatis, et operemini.
28 Og de skal bu i det landet som eg gav federne dykkar. Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.
Et habitabitis in terra, quam dedi patribus vestris: et eritis mihi in populum, et ego ero vobis in Deum.
29 Og eg vil fria dykk frå all dykkar ureinska. Og eg vil kalla på kornet og gjera det follrikt og ikkje senda svolt på dykk.
Et salvabo vos ex universis inquinamentis vestris: et vocabo frumentum, et multiplicabo illud, et non imponam vobis famem.
30 Og eg vil mangfalda frukti på trei og grøda på marki, so de ikkje lenger skal taka mot skjemsla frå folki for svolt.
Et multiplicabo fructum ligni, et genimina agri, ut non portetis ultra opprobrium famis in Gentibus.
31 Då skal de minnast dykkar vonde åtferd og dykkar verk, som ikkje var gode. Og de skal styggjast ved dykk sjølve for dykkar misgjerningar og styggjor.
Et recordabimini viarum vestrarum pessimarum, studiorumque non bonorum: et displicebunt vobis iniquitates vestræ, et scelera vestra.
32 Ikkje for dykkar skuld gjer eg det, segjer Herren, Herren, det vere dykk kunnigt! De må blygjast og skjemmast av åtferdi dykkar, du Israels-lyd.
Non propter vos ego faciam, ait Dominus Deus, notum sit vobis: confundimini, et erubescite super viis vestris, domus Israel.
33 So segjer Herren, Herren: Den dagen eg reinsar dykk frå alle dykkar misgjerningar, vil eg gjeva byarne folk, og husi som ligg i røysar, skal verta uppatt-bygde.
Hæc dicit Dominus Deus: In die, qua mundavero vos ex omnibus iniquitatibus vestris, et inhabitari fecero urbes, et instauravero ruinosa,
34 Og øydeland skal verta dyrka, i staden for at det var ei audn for augo på kvar mann som gjekk framum.
et terra deserta fuerit exculta, quæ quondam erat desolata in oculis omnis viatoris,
35 Då skal dei segja: «Dette land som var i øyde lagt, er vorte som Eden-hagen, og byarne som låg i røyser og var øydelagde og nedrivne, er no kringmura og hev sine ibuarar.»
dicent: Terra illa inculta, facta est ut hortus voluptatis: et civitates desertæ, et destitutæ atque suffossæ, munitæ sederunt.
36 Og dei skal sanna, dei folki som vert att rundt ikring dykk, at eg, Herren, hev bygt upp att det nedrivne, hev planta i det aude landet. Eg, Herren, hev tala, og eg set det i verk.
Et scient Gentes quæcumque derelictæ fuerint in circuitu vestro, quia ego Dominus ædificavi dissipata, plantavique inculta, ego Dominus locutus sim, et fecerim.
37 So segjer Herren, Herren: I dette og vil eg lata Israels born finna meg, so eg gjer det for deim: Eg let menneskje aukast som ein saueflokk.
Hæc dicit Dominus Deus: Adhuc in hoc invenient me domus Israel, ut faciam eis: Multiplicabo eos sicut gregem hominum,
38 Som ein heilag saueflokk, som Jerusalems-sauer i høgtiderne, soleis skal dei aude byarne verta: fulle med manneflokkar. Og dei skal sanna at eg er Herren.
ut gregem sanctum, ut gregem Ierusalem in sollemnitatibus eius: Sic erunt civitates desertæ, plenæ gregibus hominum: et scient quia ego Dominus.