< Esekiel 34 >

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
Et factum est verbum Domini ad me, dicens:
2 Menneskjeson! Spå mot Israels hyrdingar! Spå og seg med deim, med hyrdingarne: So segjer Herren, Herren: Usæle Israels hyrdingar som røktar seg sjølve! Er det ikkje hjordi hyrdingen skal røkta?
Fili hominis, propheta de pastoribus Israël: propheta, et dices pastoribus: [Hæc dicit Dominus Deus: Væ pastoribus Israël, qui pascebant semetipsos! nonne greges a pastoribus pascuntur?
3 Feita et de, og med ulli klæder de dykk, og det gjødde slagtar de; hjordi gjæter de ikkje.
Lac comedebatis, et lanis operiebamini, et quod crassum erat occidebatis: gregem autem meum non pascebatis.
4 Det veike hev de ikkje styrkt, og det sjuke hev de ikkje lækt, det beinbrotne hev de ikkje bunde um, og det burtdrivne hev de ikkje sanka, og det burtkomne hev de ikkje leita upp, men de hev fare hardt fram mot deim og med vald.
Quod infirmum fuit non consolidastis, et quod ægrotum non sanastis: quod confractum est non alligastis, et quod abjectum est non reduxistis, et quod perierat non quæsistis: sed cum austeritate imperabatis eis, et cum potentia.
5 Og dei vart spreidde, av di dei var hyrdinglause, og dei vart til føda åt kvart villdyr på marki, og spreidde vart dei.
Et dispersæ sunt oves meæ, eo quod non esset pastor: et factæ sunt in devorationem omnium bestiarum agri, et dispersæ sunt.
6 Forvilla fer sauerne mine på alle fjell og på alle høge hamrar, og utyver alt landet er sauerne mine spreidde, og ingen spør etter deim, og ingen leitar.
Erraverunt greges mei in cunctis montibus, et in universo colle excelso: et super omnem faciem terræ dispersi sunt greges mei, et non erat qui requireret: non erat, inquam, qui requireret.
7 Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!
Propterea, pastores, audite verbum Domini.
8 So sant som eg liver, segjer Herren, sanneleg, etter di sauerne mine er vorte til eit ran, ja, sauerne mine er vortne til føda for åt kvart villdyr på marki, og hyrdingarne mine ikkje spurde etter sauerne mine, men hyrdingarne røkta seg sjølve og ikkje røkta sauerne mine -
Vivo ego, dicit Dominus Deus, quia pro eo quod facti sunt greges mei in rapinam, et oves meæ in devorationem omnium bestiarum agri, eo quod non esset pastor: neque enim quæsierunt pastores mei gregem meum, sed pascebant pastores semetipsos, et greges meos non pascebant:
9 difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!
propterea, pastores, audite verbum Domini.
10 So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna hyrdingarne og krevja sauerne mine av deira hand og taka frå deim gjætsla, so hyrdingarne ikkje lenger skal røkta seg sjølve. Og eg vil berga sauerne mine frå deira munn, so dei ikkje skal verta til føda åt deim.
Hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego ipse super pastores: requiram gregem meum de manu eorum, et cessare faciam eos, ut ultra non pascant gregem, nec pascant amplius pastores semetipsos: et liberabo gregem meum de ore eorum, et non erit ultra eis in escam.]
11 For so segjer Herren, Herren: Sjå, her er eg sjølv, og eg vil spyrja etter sauerne mine og sjå til deim.
[Quia hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego ipse requiram oves meas, et visitabo eas.
12 Likeins som ein hyrding ser til si hjord den dagen han er millom dei spreidde sauerne sine, soleis vil eg sjå til sauerne mine. Og eg vil berga deim frå alle stader der dei er spreidde på ein dag med skyer og myrkeskodda.
Sicut visitat pastor gregem suum, in die quando fuerit in medio ovium suarum dissipatarum, sic visitabo oves meas, et liberabo eas de omnibus locis in quibus dispersæ fuerant in die nubis et caliginis.
13 Og eg vil føra deim ut ifrå folkeslagi og sanka deim ut or landi, og føra deim til deira eige land; og eg vil gjæta deim i Israelsfjelli, i dalarne og på alle bustader i landet.
Et educam eas de populis, et congregabo eas de terris, et inducam eas in terram suam, et pascam eas in montibus Israël, in rivis, et in cunctis sedibus terræ.
14 I ei god gjætslemark vil eg gjæta deim, og i Israels høge fjell skal deira hamning vera. Der skal dei roa seg i ei god hamning og ganga i feit beitemark i Israelsfjelli.
In pascuis uberrimis pascam eas, et in montibus excelsis Israël erunt pascua earum: ibi requiescent in herbis virentibus, et in pascuis pinguibus pascentur super montes Israël.
15 Eg sjølv vil gjæta sauerne mine, og eg vil få deim til å roa seg, segjer Herren, Herren.
Ego pascam oves meas, et ego eas accubare faciam, dicit Dominus Deus.
16 Det burtkomne vil eg leita upp, og det burtdrivne vil eg sanka, og det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; rett vil eg røkta deim.
Quod perierat requiram, et quod abjectum erat reducam, et quod confractum fuerat alligabo, et quod infirmum fuerat consolidabo, et quod pingue et forte custodiam: et pascam illas in judicio.
17 Og de, sauerne mine - so segjer Herren, Herren -: Sjå, eg dømer millom sauer og sauer, millom verar og bukkar.
Vos autem, greges mei, hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego judico inter pecus et pecus, arietum et hircorum.
18 Er det ikkje nok åt dykk å ganga i det beste beite, sidan de trakkar ned med føterne det som stend att på beitet dykkar? Er det ikkje nok at de drikk det klåraste vatnet, sidan de rotar upp med føterne det som er att?
Nonne satis vobis erat pascua bona depasci? insuper et reliquias pascuarum vestrarum conculcastis pedibus vestris: et cum purissimam aquam biberetis, reliquam pedibus vestris turbabatis:
19 Og sauerne mine, dei lyt eta det som de hev trakka med føterne, og drikka det de hev rota upp med føterne.
et oves meæ his quæ conculcata pedibus vestris fuerant, pascebantur: et quæ pedes vestri turbaverant, hæc bibebant.
20 Difor, so segjer Herren, Herren med deim: Sjå, her er eg sjølv, og eg vil døma millom dei feite sauerne og dei magre sauerne.
Propterea hæc dicit Dominus Deus ad vos: Ecce ego ipse judico inter pecus pingue et macilentum:
21 Etter di de trengjer alle dei veike undan med sida og bog og stangar deim med horni dykkar, til de fær spreidt deim og jaga deim av,
pro eo quod lateribus et humeris impingebatis, et cornibus vestris ventilabatis omnia infirma pecora, donec dispergerentur foras,
22 so vil eg berga sauerne mine, og dei skal ikkje lenger vera til ran, og eg vil døma millom sauer og sauer.
salvabo gregem meum, et non erit ultra in rapinam, et judicabo inter pecus et pecus.]
23 Og eg vil reisa upp ein einaste hyrding yver deim, og han skal gjæta deim, min tenar David. Han skal gjæta deim, og han skal vera deira hyrding.
[Et suscitabo super eas pastorem unum qui pascat eas, servum meum David: ipse pascet eas, et ipse erit eis in pastorem.
24 Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste millom deim. Eg, Herren, hev tala.
Ego autem Dominus ero eis in Deum, et servus meus David princeps in medio eorum: ego Dominus locutus sum.
25 Og eg vil gjera ei fredspakt med deim og rydja ut udyr or landet, so dei trygt kann bu i øydemarki og sova i skogarne.
Et faciam cum eis pactum pacis, et cessare faciam bestias pessimas de terra: et qui habitant in deserto, securi dormient in saltibus.
26 Og til ei velsigning vil eg gjera deim og landet rundt ikring min haug, eg vil lata det regna i rett tid, eit regn til velsigning skal det vera.
Et ponam eos in circuitu collis mei benedictionem, et deducam imbrem in tempore suo: pluviæ benedictionis erunt.
27 Og trei på marki skal gjeva si frukt, og jordi skal gjeva si grøda, og dei skal hava det trygt i landet sitt. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengerne i oket deira, og frelsar deim frå deira hender som trælka deim.
Et dabit lignum agri fructum suum, et terra dabit germen suum, et erunt in terra sua absque timore: et scient quia ego Dominus, cum contrivero catenas jugi eorum, et eruero eos de manu imperantium sibi.
28 Og dei skal ikkje lenger vera eit ran for folki, og villdyri i landet skal ikkje eta deim upp. Men trygt skal dei bu, og ingen skal skræma deim.
Et non erunt ultra in rapinam in gentibus, neque bestiæ terræ devorabunt eos: sed habitabunt confidenter absque ullo terrore.
29 Og eg vil laga til ein namngjeten plantehage åt deim, og dei skal aldri meir verta burtrykte av hunger i landet, og aldri meir skal dei tola hæding frå heidningfolki.
Et suscitabo eis germen nominatum, et non erunt ultra imminuti fame in terra, neque portabunt ultra opprobrium gentium.
30 Og dei skal sanna at eg, Herren, deira Gud, er med deim, og at dei, Israels-lyden, er mitt folk, segjer Herren, Herren.
Et scient quia ego Dominus Deus eorum cum eis, et ipsi populus meus domus Israël, ait Dominus Deus.
31 Og de, sauerne mine, sauerne som eg beiter, menneskje er de. Eg er dykkar Gud segjer, Herren, Herren.
Vos autem, greges mei, greges pascuæ meæ, homines estis: et ego Dominus Deus vester, dicit Dominus Deus.]

< Esekiel 34 >