< Esekiel 33 >
1 Herrens ord kom til meg; han sagde:
RAB bana şöyle seslendi:
2 Menneskjeson! Tala til landslyden din og seg med deim: Når eg let sverd koma yver eit land, og dei tek utav folket i landet og set honom til vaktmann åt seg,
“İnsanoğlu, kendi halkına şöyle diyeceksin: ‘Bir ülkenin üzerine kılıç gönderdiğim, ülke halkı aralarından birini seçip bekçi atadığı,
3 og han ser sverdet koma yver landet og blæs i luren og varar folket,
bekçi kılıcın ülkenin üzerine yaklaştığını görüp halkı uyarmak için boru çaldığı zaman;
4 og einkvan høyrer ljomen av luren, men ikkje let seg vara, og sverdet kjem og tek honom burt, då skal blodet hans vera på hans eige hovud;
kim boru sesini işitip de uyarıyı dikkate almazsa, kılıç da gelip onu öldürürse, kanından kendisi sorumludur.
5 ljomen av luren høyrde han, men let seg ikkje vara, blodet hans skal kome yver honom sjølv; for hadde han late seg vara, so hadde han berga livet.
Boru sesini duymuş, ama uyarıyı dikkate almamıştır; kanından kendisi sorumludur. Uyarıyı dikkate alsaydı, canını kurtaracaktı.
6 Men um vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i luren, og folket ikkje vert vara, og sverdet kjem og tek burt einkvan av deim, då er han burtteken for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av handi åt vaktmannen.
Ne var ki, bekçi kılıcın ülkenin üzerine yaklaştığını görüp halkı uyarmak için boru çalmazsa, kılıç da gelip halktan birini öldürürse, o kişi kendi günahı içinde öldürülmüştür; kanından bekçiyi sorumlu tutacağım.’
7 Og, du menneskjeson! Til vaktmann hev eg sett deg åt Israels-lyden. Når du då høyrer eit ord frå min munn, so skal du vara deim åt frå meg.
“İnsanoğlu, seni İsrail halkına bekçi atadım. Benden bir söz duyar duymaz onları benim yerime uyaracaksın.
8 Um eg då segjer med den ugudlege: «Du ugudlege, du skal døy, » og du ikkje talar og varar den ugudlege for hans åtferd, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av di hand.
Kötü kişiye, ‘Ey kötü kişi, kesinlikle öleceksin’ dediğim zaman, onu uyarmaz, kötü yolundan döndürmek için konuşmazsan, o kişi günahı içinde ölecek; ama onun kanından seni sorumlu tutacağım.
9 Men um du hev vara den ugudlege for hans åtferd, at han måtte venda um frå henne, men han vender ikkje um frå si åtferd, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjæl.
Ancak kötü kişiyi uyardığın halde yolundan dönmezse, o günahı içinde ölecek. Ama sen canını kurtarmış olacaksın.
10 Og du, menneskjeson! Seg til Israels-lyden: So segjer det: «Våre brot og våre synder tyngjer på oss, og for deim talmast me reint burt; kor kann me då liva?»
“İnsanoğlu, İsrail halkına de ki, ‘Siz şöyle diyorsunuz: İsyanlarımızla günahlarımız bizi çökertiyor, onlardan ötürü eriyip yok oluyoruz. Durum böyleyken nasıl yaşayabiliriz?’
11 Seg med deim: So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men i det at den ugudlege vender um frå si åtferd og liver. Vend um, vend um frå dei vonde vegarne dykkar! For kvi vil de døy, du Israels-lyd?
Onlara de ki, ‘Varlığım hakkı için diyor Egemen RAB, ben kötü kişinin ölümünden sevinç duymam, ancak kötü kişinin kötü yollarından dönüp yaşamasından sevinç duyarım. Dönün! Kötü yollarınızdan dönün! Niçin ölesiniz, ey İsrail halkı!’
12 Og du, menneskjeson! Seg med ditt folks born: Rettferdig manns rettferd skal ikkje frelsa honom på hans misgjerds-dag, og ugudleg manns gudløysa skal ikkje fella honom den dagen han vender um frå si gudløysa, og ein rettferdig skal ikkje kunna liva ved si rettferd den dagen han syndar.
“Sen, ey insanoğlu, halkına de ki, ‘Doğru kişi Tanrı'ya başkaldırırsa, doğruluğu onu kurtarmaz. Kötü kişi kötülüğünden döndüğü zaman kötülüğü yıkımına neden olmaz. Doğru kişi Tanrı'ya başkaldırırsa, doğruluğu yaşamasını sağlamaz.’
13 Når eg segjer med den rettferdige at han skal liva, men han lit på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans rettferdige verk verta gløymde, og for sin urett som han gjorde, skal han døy.
Doğru kişi için, ‘Kesinlikle yaşayacak’ desem, ama o doğruluğuna güvenip de kötülük yapsa, yaptığı doğru işlerin hiçbiri anımsanmayacak. Yaptığı kötülükten ötürü ölecek.
14 Og når eg segjer til den ugudlege: «Du skal døy, » og han vender um frå si synd og gjer rett og rettferd,
Kötü kişiye, ‘Kesinlikle öleceksin’ desem, ama o günahından dönüp adil ve doğru olanı yapsa,
15 so han, den gudlause, gjev pant attende, kjem att med rana gods, ferdast i livsens bod, so han ikkje gjer urett, då skal han liva, han skal ikkje døy.
aldığı rehini geri verse, çaldığını ödese, yaşam veren kurallar uyarınca davranıp günah işlemese kesinlikle yaşayacak, ölmeyecektir.
16 Alle synderne som han hev gjort, skal vera gløymde. Rett og rettferd hev han gjort, liva skal han.
İşlediği günahlardan hiçbiri ona karşı anımsanmayacaktır, adil ve doğru olanı yapmıştır; kesinlikle yaşayacaktır.
17 Mitt folks born segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett, » endå at det er deira eigi åtferd som ikkje er rett.
“Senin halkın, ‘Rab'bin yolu doğru değil’ diyor. Oysa doğru olmayan onların yolu.
18 Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so skal han døy for det.
Doğru kişi doğruluğundan döner de kötülük yaparsa, yaptığı kötülüğün içinde ölecektir.
19 Og når den gudlause vender um frå si gudløyse og gjer rett og rettferd, so skal han få liva for det.
Kötü kişi yaptığı kötülükten döner de adil ve doğru olanı yaparsa, yaptığı bu işlerle yaşayacaktır.
20 Endå segjer de: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Eg vil døma dykk kvar etter si åtferd, du Israels-lyd.
Ey İsrail halkı, ‘Rab'bin yolu doğru değil’ diyorsun. Her birinizi kendi yoluna göre yargılayacağım.”
21 So hende det i det tolvte året etter me var burtførde, den femte dagen i den tiande månaden, at dei undanslopne frå Jerusalem kom til meg og sagde: «Byen er teken.»
Sürgünlüğümüzün on ikinci yılı, onuncu ayın beşinci günü Yeruşalim'den kaçıp kurtulan biri yanıma gelip, “Kent düştü!” dedi.
22 Men Herrens hand var komi yver meg um kvelden, fyrr dei undanslopne kom; og han let upp munnen min innan dei kom til meg um morgonen. So var då munnen min upplaten, og eg var ikkje mållaus meir.
Akşam, Yeruşalim'den kaçıp kurtulan adam gelmeden önce, RAB'bin eli üzerimdeydi, konuşamıyordum. Sabah o yanıma gelmeden RAB dilimi çözdü. Dilim açıldı, artık konuşabilirdim.
23 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
RAB bana şöyle seslendi:
24 Menneskjeson! Dei som bur millom desse røysarne i Israelslandet, dei segjer: «Abraham var berre ein, og han fekk landet til eiga, men me er mange, oss er landet gjeve til eiga.»
“İnsanoğlu, İsrail'in viran olmuş kentlerinde yaşayanlar, ‘İbrahim tek kişiyken ülkeyi miras almıştı. Oysa biz kalabalığız, ülke miras olarak bize verilmiştir’ diyorlar.
25 Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: De et kjøtet med blodet i og retter augo dykkar etter dei ufysne avgudarne dykkar, og renner ut blod - og de skulde eiga landet!
Bu nedenle onlara de ki, ‘Egemen RAB şöyle diyor: Eti kanıyla yiyor, putlarınıza bel bağlıyor, kan döküyorsunuz. Yine de ülkeyi miras almayı mı umuyorsunuz?
26 De lit på dykkar sverd, de fer med skjemdarverk, og skjemmer konorne åt kvarandre - og de skulde eiga landet?
Kılıcınıza güveniyor, iğrenç şeyler yapıyor, komşunuzun karısını kirletiyorsunuz. Yine de ülkeyi miras almayı mı umuyorsunuz?’
27 So skal du segja med deim: So segjer Herren, Herren: So sant som eg liver, skal dei som bur millom røysarne falla for sverd, og den som er på marki, gjev eg til mat åt udyri, og dei som held på knausar og i hellerar, skal døy av sott.
“Onlara de ki, ‘Egemen RAB şöyle diyor: Varlığım hakkı için, viran olmuş kentlerde yaşayanlar kılıçtan geçirilecek, kırda yaşayanları yem olarak yabanıl hayvanlara vereceğim, kalelerde, mağaralarda yaşayanlar salgın hastalıkla yok olacak.
28 Og eg vil leggja landet i audn og øyde, og det skal vera ute med ovmodet og magti hjå det, og Israels heidar skal liggja i øyda, so ingen ferdast der.
Ülkeyi ıssız, kimsesiz bırakacağım, övündükleri güç son bulacak. İsrail dağları ıssız kalacak, oradan kimse geçmeyecek.
29 Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg legg landet i audn og øyde for alle deira skjemdarverk, som dei hev gjort.
Yaptıkları iğrenç şeylerden ötürü ülkeyi ıssız, kimsesiz bıraktığım zaman benim RAB olduğumu anlayacaklar.’
30 Og du, menneskjeson! Ditt folks born talar seg imillom um deg frammed veggjerne og i husdørerne, og segjer med kvarandre, den eine med den andre: «Kom, lat oss høyra kva for eit ord det er som no gjeng ut frå Herren!»
“Sen, ey insanoğlu, halkın duvar diplerinde, evlerin kapıları önünde senin hakkında konuşuyor. Birbirlerine, ‘Haydi, gidip RAB'den gelen sözün ne olduğunu duyalım’ diyorlar.
31 Og dei kjem åt deg, nett som eit heilt folk kjem, og set seg framfor di åsyn og læst vera mitt folk og lyder på ordi dine; men dei gjer ikkje etter deim. For det munnen deira likar, det gjer dei, og etter vinning fer deira hjarte.
Halk her zamanki gibi sana geliyor. Benim halkım olarak önünde oturuyor, sözlerini dinliyor, ama dediklerini yapmıyorlar. Ağızlarıyla istekli olduklarını açıklıyorlar, ama yürekleri haksız kazanç peşinde.
32 Og sjå, du er som eit elskhugskvæde åt deim, som ein songar med vænt mål og ljuvlegt spel. Og dei lyder på ordi dine, men gjer ikkje etter deim.
Sen onlar için güzel sesle sevgi ezgileri okuyan, iyi çalgı çalan biri gibisin. Sözlerini dinliyor, ama dediklerini yapmıyorlar.
33 Men når det kjem - og koma skal det - då skal dei sanna at ein profet hev vore millom deim.
“Bütün bunlar gerçekleşince –ki gerçekleşecek– aralarında bir peygamber bulunduğunu anlayacaklar.”