< Esekiel 3 >

1 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Et det du finn! Et denne bokrullen, og gakk, tala til Israels-lyden!»
I reče mi: “Sine čovječji, progutaj što je pred tobom! Pojedi taj svitak, te idi i propovijedaj domu Izraelovu!”
2 Og eg let upp min munn, og han gav meg denne bokrullen å eta.
Otvorih usta, a on mi dade da progutam svitak
3 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Din buk skal du metta, og dine innvolar skal du fylla med denne bokrullen som eg gjev deg.» Og eg åt, og han var i munnen min søt som honning.
i reče: “Sine čovječji, nahrani trbuh i nasiti utrobu svitkom što ti ga dajem!” I pojedoh ga, i bijaše mi u ustima sladak kao med.
4 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Gakk av stad til Israels hus og tala til deim med mine ord!
Reče mi: “Sine čovječji, idi domu Izraelovu i prenesi mu moju poruku.
5 For du vert ikkje send til eit folk med ugreidt mål og tungmælt tunga, men til Israels-lyden.
Ne šaljem te k narodu nepoznata jezika i nerazumljiva govora, već te šaljem domu Izraelovu.
6 Ikkje til mange folkeslag med ugreidt mål og tungmælt tunga, so du ikkje skynar ordi deira, i sanning, um eg sende deg til deim, so skulde dei høyra på deg.
Ne šaljem te k mnogim narodima nepoznata jezika i nerazumljiva govora koje ti ne bi mogao razumjeti. A kad bih te k njima i poslao, oni bi te poslušali.
7 Men Israels-lyden skal ikkje vilja lyda på deg, for dei vil ikkje lyda på meg. For all Israels-lyden - harde skallar og stinne hjarto hev dei.
A dom te Izraelov neće poslušati, jer ni mene ne sluša, jer dom je Izraelov tvrde glave i okorjela srca.
8 Sjå, eg gjer di åsyn hard mot deira åsyn og di panna hard mot deira pannor.
Evo, zato ću sada otvrdnuti tvoje lice kao što je i njihovo i glavu ću tvoju učiniti tvrdoglavom kao što je njihova.
9 Som demant, hardare enn stein, gjer eg di panna. Du skal ikkje ottast deim og ikkje vera forfærd framfor deira åsyn, for ei tråssug ætt er dei.»
I ne boj ih se i ne plaši, jer oni su rod odmetnički!”
10 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Alle mine ord som eg talar til deg, tak deim inn i ditt hjarta og høyr deim med dine øyro!
Reče mi: “Sine čovječji, sve riječi što ću ti reći uzmi k srcu i poslušaj ih svojim ušima.
11 Og gakk av stad til dei burtførde, til ditt folks born, og tala til deim og seg med deim: So segjer Herren, Herren - anten dei vil lyda på eller ei.»
I hajde izgnanicima, sinovima svojega naroda, i reci im: Ovako govori Jahve Gospod! - poslušali ili ne poslušali!”
12 Då lyfte åndi meg upp, og eg høyrde attanfor meg ein dynjande sterk ljom: «Lova vere Herrens herlegdom frå den staden der han er!»
Uto me duh podiže i ja za sobom čuh silnu tutnjavu. Slava se Jahvina podigla sa svojega mjesta.
13 likeins ljomen av dei fire livende, når vengjerne deira møttest, og ljomen av hjuli attmed deim, ein dynjande sterk ljom.
Čuh lepet krila onih bića - udarahu jedno o drugo - i snažnu škripu točkova što se s njima kretahu i zaglušnu jeku jakoga glasa.
14 Åndi lyfte meg då upp og tok meg med, og eg for av stad, hugsår og uppøst i mi ånd, og Herrens hand var sterk yver meg.
Tada me duh prihvati i ponese. I ja iđah ogorčen i gnjevna srca, a ruka me Jahvina čvrsto pritisla.
15 Og eg kom til dei burtførde i Tel-Abib som budde attmed Kebarelvi, til den staden der dei budde, og der sat eg hjå deim i tri dagar, hugstolen og reint ifrå meg.
Tako stigoh u Tel Abib, k izgnanicima koji življahu na rijeci Kebaru - onamo gdje se bijahu nastanili - te ostadoh među njima sedam dana kao omamljen.
16 So hende det etter sju dagar at Herrens ord kom til meg; han sagde:
Poslije sedam dana dođe mi opet riječ Jahvina:
17 «Menneskjeson! Til vaktar hev eg sett deg for Israels-lyden; når du då høyrer eit ord frå min munn, skal du vara deim åt frå meg.
“Sine čovječji, postavljam te za čuvara doma Izraelova. I ti ćeš riječi iz mojih usta slušati i opominjat ćeš ih u moje ime.
18 Når eg segjer til den ugudlege: «Du skal døy, » og du ikkje varar honom åt, og ikkje talar og varar den ugudlege åt for hans ugudlege veg, til frelsa for hans liv, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men hans blod vil eg krevja av di hand.
Kad bezbožniku reknem: 'Umrijet ćeš', a ti ga ne opomeneš i ne odvratiš od zla puta njegova kako bi mu život spasio, on će umrijeti sa svojega bezakonja, ali ću ja od tebe tražiti račun za krv njegovu.
19 Og når du varar den ugudlege, men han vender ikkje um frå si gudløysa og frå sin ugudlege veg, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjæl.
A kad opomeneš bezbožnika, a on se ne odvrati od bezakonja i od zla puta svojega, on će umrijeti zbog svoje krivice, a ti ćeš spasiti svoj život.
20 Og når ein rettferdig vender seg frå si rettferd og gjer urett, so vil eg leggja støyt framfor hans åsyn; - han skal døy. Um du ikkje hev vara honom åt, skal han døy i si synd, og den rettferdi som han gjorde, skal ikkje verta ansa, men hans blod vil eg krevja av di hand.
Isto tako, odvrati li se pravednik od svoje pravednosti i stane činiti nepravdu, postavit ću mu zamku i umrijet će jer ga ti ne opomenu zbog njegova grijeha; umrijet će, i njegova se pravedna djela više neće spominjati, ali ću od tebe tražiti račun za krv njegovu.
21 Men um du hev vara den rettferdige, at rettferdig mann skal ikkje synda, og han då ikkje syndar, då skal han liva, sidan han let seg vara, og du hev berga di sjæl.»
Ako li ti pravednika opomeneš da ne griješi, i on zaista prestane griješiti, živjet će jer je prihvatio opomenu, a i ti ćeš spasiti život svoj.”
22 Og Herrens hand kom der yver meg, og han sagde med meg: «Statt upp og gakk ut i dalen, der vil eg tala med deg.»
Ondje me opet zahvati ruka Jahvina i on mi reče: “Ustani i siđi u dolinu da ondje s tobom govorim!”
23 Og eg stod upp og gjekk ut i dalen. Og sjå, der stod Herrens herlegdom lik den herlegdomen eg såg attmed elvi Kebar. Og eg fall ned på mitt andlit.
Ustadoh tada i siđoh u dolinu, i gle: Slava Jahvina stajaše ondje, slična Slavi koju vidjeh na rijeci Kebaru te padoh ničice.
24 Men åndi kom i meg og reiste meg upp på føterne. Og han tala med meg og sagde til meg: «Gakk og steng deg inne i huset ditt!
Jahvin duh uđe u me, osovi me na noge i reče: “Idi i zatvori se u domu svojemu!
25 Og du, menneskjeson. Sjå, dei skal binda deg med tog og setja deg fast med deim, so du ikkje kjem deg ut til å vera i lag med deim.
Na te ću, evo, sine čovječji, staviti užad i svezati te i više nećeš izlaziti.
26 Og tunga di let eg hanga fast ved gomerne dine, so du vert mållaus og ikkje vert deim ein refsingsmann. For ei tråssug ætt er dei.
I jezik ću ti zalijepiti za nepce te ćeš onijemjeti i nećeš ih više karati, jer su rod odmetnički.
27 Men når eg talar med deg, vil eg opna munnen din; då skal du segja til deim: So segjer Herren, Herren: Den som vil lyda på, han lyde, og den som ikkje vil gjeva gaum, han late vera! For ei tråssug ætt er dei.»
A kad ti ja progovorim, otvorit ću ti usta i ti ćeš im reći: Ovako govori Jahve Gospod! I tko hoće slušati, neka sluša, a tko neće, neka ne sluša, jer su rod odmetnički.

< Esekiel 3 >