< Esekiel 28 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
上主的話傳給我說:「
2 Menneskjeson! Seg med fyrsten i Tyrus: So segjer Herren, Herren: Av di at ditt hjarta ovmodar seg, og du segjer: «Eg er ein gud, i Guds høgsæte sit eg midt i havet, » og du er menneskje og ingen gud, endå du set ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta
人子,你要向提洛的王子說:吾主上主這樣說:因為你心高氣傲地說:『我是神,我在海心坐在神位上。』其實,你只是人,而不是神,你心中卻自以為是神。
3 - sjå, visare enn Daniel er du; ingen løyndom kann dei dylja for deg;
看,至於明智,你勝過達尼爾,任何秘密都不能隱瞞你。
4 med din visdom og ditt vit hev du vunne deg rikdom og samla gull og sylv i dine skattkammer;
你憑你的智慧和聰明發了財,把金銀儲滿你寶庫。
5 med din store klokskap i handel hev du auka rikdomen din, og ditt hjarta ovmoda seg av din rikdom -
你在貿易上憑你的豐富智慧,不斷增加你的財富;因你的財富,你便心高氣傲,
6 difor, so segjer Herren, Herren: Av di du sette ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta,
為此吾主上主這樣說:因為你心中自以為是神,
7 sjå, difor let eg framande koma yver deg, valdsmennerne millom folki, og dei skal draga ut sverdi sine mot din høgprude visdom og vanhelga di pryd.
為此,看我要率領外方人,即列國最蠻橫的人來攻打你,他們要拔出劍來攻擊你以智慧所得的美麗,玷污你的光華,
8 I gravi skal dei støypa deg ned, og du skal døy ihelslegen manns daude midt uti havet.
將你拋入深淵,使你在海中遭受慘死。
9 Skal tru du då vil segja: «Eg er ein gud, » beint uppi syni på din banemann, endå du er eit menneskje og ingen gud i handi på din dråpsmann?
在殺戮你的面前,你還敢說『我是神』嗎﹖在擊殺你的人手中,你只是人,而不是神。
10 Som u-umskorne døyr, so skal du døy for framandmanns hand; for eg hev tala, segjer Herren, Herren.
你必在外方人手中死去,像未受割損的人死去一樣:這是我,上主說的──吾主上主的斷語。」
11 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
上主的話傳給我說:「
12 Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus-kongen! Og du skal segja med honom; so segjer Herren, Herren: Du som var innsigle på den vel tilmåta bygnaden, full av visdom og fullkomen vænleik:
人子,你要為提洛的王子唱哀歌,哀悼他說:吾主上主這樣說:你原是一個完美的的模型,滿備智慧,十分美觀。
13 I Eden, Guds hage, var, yverstrådd med dyre steinar av alle slag: Karneol, topas og demant, krysolit, onyks og jaspis, safir, karfunkel, smaragd og gull. Arbeid i drive metall og utskurd prydde deg. Det var laga den dagen du vart skapt.
你曾住在「伊甸」──天主的樂園內,有各種寶石作你的服飾,如赤玉、青玉、金鋼石、橄欖玉、紅瑪瑙、水蒼玉、藍玉、紫寶石、翡翠;衣邊和繡花是用金做的,在你受造的那天,都已準備好了。
14 Du var ein veldug kerub som gav livd, og eg sette deg til å vera på Guds heilage fjell, millom logande steinar ferdast du.
我曾立你為革魯賓,作光耀的守衛,在天主的聖山上,在烈火的石中往來。
15 Ulastande var du på dine vegar frå den dagen du vart skapt, til dess urettvisa fanst hjå deg.
從你受造之日起,你的行為原是齊全的,直到你犯了罪之時。
16 Den store handelen din valda at du vart full av urett og tok til å synda. Då vanhelga eg deg, so du laut burt frå Guds fjell, og eg tynte deg, du livd-gjevande kerub, so du ikkje lenger fekk vera millom dei logande steinar.
因你生意興隆,你就充滿了欺壓,犯了重罪,因此我從天主的山上將你趕走,從烈火石中將你這作守衛的革魯賓剷除。
17 Ditt hjarta ovmoda seg av din vænleik, og du spillte din visdom for ditt glim. Til jordi kasta eg deg, framfor augo på kongar lagde eg deg, so dei kunde skoda deg.
你因美麗而心高氣傲,為了你的光耀,你失去了智慧,所以我要把你拋在地上,叫你在列王面前出醜。
18 Med dine mange misgjerningar, med din urettferdige handel vanhelga du heilagdomarne dine. So let eg eld loga midt utor deg, han skal øyda deg, og eg gjer deg til oska på jordi framfor augo på alle som ser deg.
因你罪過眾多,因你經商不公,褻瀆了你的聖所,所以我要使火由你中間冒出,將你燒毀,在眾目昭彰之下,使你成為地上的塵埃。
19 Alle som kjende deg millom folkeslagi, er forfærde yver deg; ei skræma er du vorten, og du er ikkje til - i all æva.
萬民中凡認識你的,都因你而驚駭。你將成為恐怖的對象,且永遠不復存在。」
20 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
上主的話傳給我說:「
21 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Sidon og spå imot det!
人子,你應面向漆冬,講預言攻擊她,
22 Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg finna deg, Sidon, og eg vil syna meg herleg i deg. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg held dom yver det og helgar meg på det.
對她說:吾主上主這樣說:漆冬,看,我要攻擊你,在你中間受光榮;當我對她施行懲罰,對她顯示我的聖善時,他們必承認我是上主。
23 Og eg vil senda inn i det sott og blod på gatorne. Og iheldslegne skal falla midt i det for sverd som kjem yver deim rundt ikring, og dei skal sanna at eg er Herren.
我要在她境內散發瘟疫,使血傾流在街市上,刀劍由四周向她襲擊,傷亡的人橫臥在她中間:這樣,他們必承認我是上主。
24 Og det skal aldri meir vera for Israels-lyden ein stingande klunger eller svidande tistel av alle deira grannar som svivyrder deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.
以色列的四鄰中,為以色列家族再沒有刺人的荊棘和惱人的蒺藜,敢於輕視他們:這樣,他們必承認我是上主。」
25 So segjer Herren, Herren: Når eg samlar Israels-lyden ifrå folki der som dei er spreidde, då vil eg helga meg på deim framfor augo på folkeslag, og dei skal bu i sitt land som eg gav min tenar Jakob.
吾主上主這樣說:「當我把分散在各民族中的以色列家族聚集起來時,我要在異民前,在他們身上顯示為聖:他們要住在我所賜予我僕人雅各伯的地域內。
26 Og dei skal bu der i trygd og byggja hus og planta vinhagar, ja, dei skal bu i trygd, medan eg held dom yver alle deira grannar som vanvyrde deim. Og dei skal sanna at eg, Herren, er deira Gud.
他們要安全地住在那裏,建造房屋,栽植葡萄園;當我向一般輕視過他們的四鄰施行懲罰時,他們必平安地住在那裏。那麼他們必承認我,上主,是他們的天主。」