< Esekiel 26 >
1 So hende det i det ellevte året, den fyrste dagen i månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
AND it came to pass in the eleventh year, in the first day of the month, that the word of the Lord came unto me, saying,
2 Menneskjeson! Av di Tyrus segjer um Jerusalem: «Hå, hå! I sund er folkeporten broten, til meg er han no flutt; eg vert fyllt sidan han er øydelagd, »
Son of man, because that Tyrus hath said against Jerusalem, Aha, she is broken that was the gates of the people: she is turned unto me: I shall be replenished, now she is laid waste:
3 difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Tyrus, og let mange folkeslag koma veltande upp yver deg, likeins som havet kjem veltande med bårorne sine.
Therefore thus saith the Lord God; Behold, I am against thee, O Tyrus, and will cause many nations to come up against thee, as the sea causeth his waves to come up.
4 Og dei skal brjota ned murarne kring Tyrus og riva ned tårni, og eg vil sopa dusti av tufterne, og gjera byen til eit snaudt svadberg.
And they shall destroy the walls of Tyrus, and break down her towers: I will also scrape her dust from her, and make her like the top of a rock.
5 Ein stad til å greida garn på skal det verta der uti havet, for eg hev tala, segjer Herren, Herren. Og det skal verta til herfang åt folki.
It shall be a place for the spreading of nets in the midst of the sea: for I have spoken it, saith the Lord God: and it shall become a spoil to the nations.
6 Og døtterne som er på innlandet, skal verta drepne med sverd. Og dei skal sanna at eg er Herren.
And her daughters which are in the field shall be slain by the sword; and they shall know that I am the Lord.
7 For so segjer Herren, Herren: Sjå, eg sender mot Tyrus Nebukadressar, Babel-kongen, frå Norderlandi, kongen yver kongarne, med hestar og med vogner og med hestfolk og med ein her og mykje folk.
For thus saith the Lord God; Behold, I will bring upon Tyrus Nebuchadrezzar king of Babylon, a king of kings, from the north, with horses, and with chariots, and with horsemen, and companies, and much people.
8 Døtterne dine på innlandet skal han drepa med sverd. Og han skal gjera ein åtaksmur deg og kasta upp ein voll imot deg og reisa upp eit skjoldtak imot deg.
He shall slay with the sword thy daughters in the field: and he shall make a fort against thee, and cast a mount against thee, and lift up the buckler against thee.
9 Og murstangaren sin skal han setja mot murarne dine, og tårni dine skal han brotja ned med jarni sine.
And he shall set engines of war against thy walls, and with his axes he shall break down thy towers.
10 Hans hestar i mengd skal hylja deg i dumba. Gnyen av hestfolk og hjul og vogner fær murarne dine til å dirra, når han fer inn gjenom portarne dine, sameleis som når ein fer inn i herteken by.
By reason of the abundance of his horses their dust shall cover thee: thy walls shall shake at the noise of the horsemen, and of the wheels, and of the chariots, when he shall enter into thy gates, as men enter into a city wherein is made a breach.
11 Med hovarne sine skal hestarne hans trakka ned alle gatorne dine. Lyden din skal han slå i hel med sverd, og dei sterke stolparne dine skal stupa til jordi.
With the hoofs of his horses shall he tread down all thy streets: he shall slay thy people by the sword, and thy strong garrisons shall go down to the ground.
12 Og dei skal rana din rikdom og gjera dine varor til herfang og brjota ned dine murar, og dine hugnadlege hus skal dei riva ned. Og steinarne dine og treverket ditt og dusti etter deg skal dei kasta beint på sjøen.
And they shall make a spoil of thy riches, and make a prey of thy merchandise: and they shall break down thy walls, and destroy thy pleasant houses: and they shall lay thy stones and thy timber and thy dust in the midst of the water.
13 Og ljoden av songarane dine let eg tagna, og ljomen av cithrarne dine skal ein aldri meir høyra.
And I will cause the noise of thy songs to cease; and the sound of thy harps shall be no more heard.
14 Og eg vil gjera deg til ei bert svadberg, ein stad til å greida garni på skal du verta; du skal aldri verta uppatt-bygd. For eg, Herren, hev tala, segjer Herren, Herren.
And I will make thee like the top of a rock: thou shalt be a place to spread nets upon; thou shalt be built no more: for I the Lord have spoken it, saith the Lord God.
15 So segjer Herren, Herren med Tyrus: Skal ikkje havstrenderne bivra for omen av ditt fall, når gjenomstungne styn, når dei drep og myrder midt inni deg?
Thus saith the Lord God to Tyrus; Shall not the isles shake at the sound of thy fall, when the wounded cry, when the slaughter is made in the midst of thee?
16 Då skal dei stiga ned av sine høgsæte alle fyrstarne på havet, og dei skal leggja av seg kåporne sine og taka av seg sine rosesauma klæde. I skjelte skal dei klæda seg, på jordi skal dei sitja og skjelva kvar augneblink og ræddast yver lagnaden deg.
Then all the princes of the sea shall come down from their thrones, and lay away their robes, and put off their broidered garments: they shall clothe themselves with trembling; they shall sit upon the ground, and shall tremble at every moment, and be astonished at thee.
17 Og dei skal setja i med ein syrgjesong og segja til deg: «Korleis er du lagd i øyde, du som sjømanna bustad, byen den fræge, som hadde magti på havet, både du og dine ibuarar, som skaut skjelk i bringa på alle som budde der?
And they shall take up a lamentation for thee, and say to thee, How art thou destroyed, that wast inhabited of seafaring men, the renowned city, which wast strong in the sea, she and her inhabitants, which cause their terror to be on all that haunt it!
18 No skjelv dei, øyarne, den dagen du fell, og utøyarne i havet tek fæla av di endelykt.»
Now shall the isles tremble in the day of thy fall; yea, the isles that are in the sea shall be troubled at thy departure.
19 For so segjer Herren, Herren: Når eg gjer deg til ein øydestad, lik byar der ingen bur, når eg sender dragsudi uppetter deg og let storhavet gøyma deg,
For thus saith the Lord God; When I shall make thee a desolate city, like the cities that are not inhabited; when I shall bring up the deep upon thee, and great waters shall cover thee;
20 då støyper eg deg ned med deim som i gravi fer ned, til folket frå fordom, og let deg bu i nedheimen, i audner frå æva, med deim som fer ned i gravi, so ingen skal bu i deg; men eg vil gjeva pryda i landet åt dei livande.
When I shall bring thee down with them that descend into the pit, with the people of old time, and shall set thee in the low parts of the earth, in places desolate of old, with them that go down to the pit, that thou be not inhabited; and I shall set glory in the land of the living;
21 Til ei skræma vil eg gjera deg, og so er du upp i inkje, og ein skal leita etter deg, men ikkje finna deg i all æva, segjer Herren, Herren.
I will make thee a terror, and thou shalt be no more: though thou be sought for, yet shalt thou never be found again, saith the Lord God.