< Esekiel 25 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
The LORD’s word came to me, saying,
2 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Ammons-sønerne og spå imot deim!
“Son of man, set your face towards the children of Ammon, and prophesy against them.
3 Og du skal segja med Ammons-sønerne: Høyr Herrens, Herrens ord! So segjer Herren, Herren: Etter di du sagde: «Hå, hå!» yver heilagdomen min, for di han vart vanhelga, og yver Israels land, for di det er i øyde lagt, og yver Juda-lyden, for di han laut fara i utlægd,
Tell the children of Ammon, ‘Hear the word of the Lord GOD! The Lord GOD says, “Because you said, ‘Aha!’ against my sanctuary when it was profaned, and against the land of Israel when it was made desolate, and against the house of Judah when they went into captivity,
4 difor, sjå, so skal austmennerne få deg til eiga, og dei skal slå sine tjeldlæger i deg og finna seg bustader i deg. Dei skal eta frukti di, og dei skal drikka mjølki di.
therefore, behold, I will deliver you to the children of the east for a possession. They will set their encampments in you and make their dwellings in you. They will eat your fruit and they will drink your milk.
5 Og eg vil gjera Rabba til beitemark åt kamelar og Ammonlandet til felæger. Og de skal sanna at eg er Herren.
I will make Rabbah a stable for camels and the children of Ammon a resting place for flocks. Then you will know that I am the LORD.”
6 For so segjer Herren, Herren: Av di du klappa med henderne og trappa med føterne og med all vanvyrdnaden i di sjæl fagna deg yver Israels land,
For the Lord GOD says: “Because you have clapped your hands, stamped with the feet, and rejoiced with all the contempt of your soul against the land of Israel,
7 difor, sjå, so retter eg handi mi imot deg og gjev deg til herfang åt folki og ryd deg ut or folkeslagi og let deg tynast ut or landi. Eg vil øyda deg ut, so du skal sanna at eg er Herren.
therefore, behold, I have stretched out my hand on you, and will deliver you for a plunder to the nations. I will cut you off from the peoples, and I will cause you to perish out of the countries. I will destroy you. Then you will know that I am the LORD.”
8 So segjer Herren, Herren: Av di Moab og Se’ir segjer: «Sjå, det gjekk med Juda-lyden likeins som med alle hine folki,
“‘The Lord GOD says: “Because Moab and Seir say, ‘Behold, the house of Judah is like all the nations,’
9 difor, sjå, so vil eg gjera eit op i sida åt Moab frå der byarne ligg, frå byarne hans alle stader, landepryda Bet-Jesjimot, Ba’al-Meon og alt til Kirjatajim,
therefore, behold, I will open the side of Moab from the cities, from his cities which are on its frontiers, the glory of the country, Beth Jeshimoth, Baal Meon, and Kiriathaim,
10 so Austheims-sønerne kann koma seg inn, likeins som eg vil gjera med Ammons-sønerne, som eg gjev deim til eiga, so ein ikkje meir skal minnast Ammons-sønerne millom folki.
to the children of the east, to go against the children of Ammon; and I will give them for a possession, that the children of Ammon may not be remembered amongst the nations.
11 Og yver Moab vil eg halda dom, so dei skal sanna at eg er Herren.
I will execute judgements on Moab. Then they will know that I am the LORD.”
12 So segjer Herren, Herren: Av di Edom var so hemnfus mot Juda-lyden og førde skuld yver seg, med di dei hemnde seg på deim,
“‘The Lord GOD says: “Because Edom has dealt against the house of Judah by taking vengeance, and has greatly offended, and taken revenge on them,”
13 difor - segjer Herren, Herren - so vil eg retta ut handi mi mot Edom og øyda for honom folk og fe, og eg vil gjera det til ei audn frå Teman, og heilt burt til Dedan skal dei falla for sverd.
therefore the Lord GOD says, “I will stretch out my hand on Edom, and will cut off man and animal from it; and I will make it desolate from Teman. They will fall by the sword even to Dedan.
14 Og min hemn mot Edom vil eg leggja i henderne på mitt folk Israel, og dei skal fara åt med Edom etter min vreide og harm, og dei skal få kjenna min hemn, segjer Herren, Herren.»
I will lay my vengeance on Edom by the hand of my people Israel. They will do in Edom according to my anger and according to my wrath. Then they will know my vengeance,” says the Lord GOD.
15 So segjer Herren, Herren: Av di filistarane for hemnfuse fram, av di dei med all vanvyrdnaden i si sjæl hemnde seg med tynarverk, av eit ævelegt hat,
“‘The Lord GOD says: “Because the Philistines have taken revenge, and have taken vengeance with contempt of soul to destroy with perpetual hostility,”
16 difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg rettar ut handi mi mot filistarane og ryd ut kretarane og tyner det som vert leivt attmed havstrandi.
therefore the Lord GOD says, “Behold, I will stretch out my hand on the Philistines, and I will cut off the Cherethites, and destroy the remnant of the sea coast.
17 Og eg vil lata stor hemn råma deim vreide-refsingar, og dei skal sanna at eg er Herren, når eg let hemnen min nå deim.
I will execute great vengeance on them with wrathful rebukes. Then they will know that I am the LORD, when I lay my vengeance on them.”’”