< Esekiel 24 >
1 Og Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i tiande månaden; han sagde:
Again in the ninth year, in the tenth month, in the tenth day of the month, the word of Yhwh came unto me, saying,
2 Menneskjeson! Skriv deg upp namnet på dagen - nett denne dagen! Babel-kongen er nådd til Jerusalem nett i denne dag.
Son of man, write thee the name of the day, even of this same day: the king of Babylon set himself against Jerusalem this same day.
3 Og tala i ein liknad til den tråssuge lyden og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Set på gryta, set henne på, og slå vatn uppi henne!
And utter a parable unto the rebellious house, and say unto them, Thus saith the Lord Yhwh; Set on a pot, set it on, and also pour water into it:
4 Hav kjøtstykki nedi henne, gode stykke alle, lår og bog! Fyll henne med dei likaste mergbein!
Gather the pieces thereof into it, even every good piece, the thigh, and the shoulder; fill it with the choice bones.
5 Tak av det likaste av småfenaden! Gjer so eit eldsmål uppunder henne for beini skuld! Lat det fosskoka! Beini nedi henne kokar alt.
Take the choice of the flock, and burn also the bones under it, and make it boil well, and let them seethe the bones of it therein.
6 Difor, so segjer Herren, Herren: Usæl vere blodbyen: ei gryta med gravrust i, og hennar gravrust gjekk ikkje av henne! Tak utor henne stykke for stykke! det vert ikkje lutkasting um radi.
Wherefore thus saith the Lord Yhwh; Woe to the bloody city, to the pot whose scum is therein, and whose scum is not gone out of it! bring it out piece by piece; let no lot fall upon it.
7 For blodet ho hev rent ut, er der endå; på eit bert svadberg hev ho helt det ut, ho hev ikkje rent det ut på jordi, so moldi kunde løyna det.
For her blood is in the midst of her; she set it upon the top of a rock; she poured it not upon the ground, to cover it with dust;
8 For at harm kunde hevjast og hemnen nå, hev eg late blodet koma på berre svadet, so det ikkje skulde verta løynt.
That it might cause fury to come up to take vengeance; I have set her blood upon the top of a rock, that it should not be covered.
9 Difor, so segjer Herren, Herren: Usæl vere blodbyen! Eg og vil gjera eldsmålet stort.
Therefore thus saith the Lord Yhwh; Woe to the bloody city! I will even make the pile for fire great.
10 Legg på dugeleg med ved, kveik upp elden! Koka krafti or kjøtet, og lat sodet verta innkoka, so beini vert brende!
Heap on wood, kindle the fire, consume the flesh, and spice it well, and let the bones be burned.
11 Og lat henne standa tom på gløderne, so ho vert heit og koparen glodheit, so ureinska kann smelta utor henne og gravrusti tærast burt.
Then set it empty upon the coals thereof, that the brass of it may be hot, and may burn, and that the filthiness of it may be molten in it, that the scum of it may be consumed.
12 Eg møddest so sårt med henne, men av gjekk ho ikkje, denne tjukke rusti. I elden då med henne!
She hath wearied herself with lies, and her great scum went not forth out of her: her scum shall be in the fire.
13 Di ureinska er vorti ei skjemd; etter di eg freista å reinsa deg, men du ikkje vart rein, so skal du ikkje verta rein heretter, fyrr eg fær døyva min harm på deg.
In thy filthiness is lewdness: because I have purged thee, and thou wast not purged, thou shalt not be purged from thy filthiness any more, till I have caused my fury to rest upon thee.
14 Eg, Herren, hev tala; det kjem, og eg vil setja det i verk. Eg let det ikkje ugjort, og ikkje vil eg spara og ikkje angra. Etter dine vegar og dine gjerningar skal dei døma deg, segjer Herren, Herren.
I Yhwh have spoken it: it shall come to pass, and I will do it; I will not go back, neither will I spare, neither will I repent; according to thy ways, and according to thy doings, shall they judge thee, saith the Lord Yhwh.
15 Og Herren ord kom til meg; han sagde:
Also the word of Yhwh came unto me, saying,
16 Menneskjeson! Sjå, eg tek frå deg den dine augo hev hugnad i, ved eit slag. Men du skal ikkje barma deg og ikkje gråta, og ikkje ei tåra må renna.
Son of man, behold, I take away from thee the desire of thine eyes with a stroke: yet neither shalt thou mourn nor weep, neither shall thy tears run down.
17 Sukka i løynd! men syrgjelag yver den daude må du ikkje gjera. Bitt huva di på deg, og tak skorne på føterne dine, og breid ikkje noko utyver skjegget, og et ikkje folks brød!
Forbear to cry, make no mourning for the dead, bind the tire of thine head upon thee, and put on thy shoes upon thy feet, and cover not thy lips, and eat not the bread of men.
18 Og eg tala til folket um morgonen, og kona mi døydde um kvelden. Og morgonen etter gjorde eg som eg var fyresagd.
So I spake unto the people in the morning: and at even my wife died; and I did in the morning as I was commanded.
19 Då sagde folket med meg: «Vil du ikkje segja oss kva det skal tyda åt oss, det du gjer?»
And the people said unto me, Wilt thou not tell us what these things are to us, that thou doest so?
20 Og eg sagde med deim: Herrens ord kom til meg; han sagde:
Then I answered them, The word of Yhwh came unto me, saying,
21 Seg med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vanhelgar min heilagdom, som de lit på i ovmod, som dykkar augo hev hugnad i, og dykkar sjæl trår etter. Og dykkar søner og døtter, som de hev leivt etter dykk, skal falla for sverd.
Speak unto the house of Israel, Thus saith the Lord Yhwh; Behold, I will profane my sanctuary, the excellency of your strength, the desire of your eyes, and that which your soul pitieth; and your sons and your daughters whom ye have left shall fall by the sword.
22 Då skal de gjera likeins som eg hev gjort; de skal ikkje breida noko yver skjegget og ikkje eta folks brød.
And ye shall do as I have done: ye shall not cover your lips, nor eat the bread of men.
23 Og huvorne dykkar skal de hava på hovudi og skorne dykkar på føterne, og de skal ikkje barma dykk og ikkje gråta. Og de skal talmast av i dykkar misgjerningar og stynja kvar med annan.
And your tires shall be upon your heads, and your shoes upon your feet: ye shall not mourn nor weep; but ye shall pine away for your iniquities, and mourn one toward another.
24 Og Ezekiel skal vera eit teikn åt dykk; heiltupp som han hev gjort, skal de gjera. Når det kjem, då skal de sanna at eg er Herren, Herren.
Thus Ezekiel is unto you a sign: according to all that he hath done shall ye do: and when this cometh, ye shall know that I am the Lord Yhwh.
25 Og du, menneskjeson! Skal det ikkje henda den dagen når eg tek frå deim deira trygd, deira herlege frygd, det som deira augo hadde hugnad i og deira sjæl trådde etter, deira søner og døtter,
Also, thou son of man, shall it not be in the day when I take from them their strength, the joy of their glory, the desire of their eyes, and that whereupon they set their minds, their sons and their daughters,
26 at den dagen skal dei som slepp undan koma til deg og gjera det kunnigt, so folk høyrer på?
That he that escapeth in that day shall come unto thee, to cause thee to hear it with thine ears?
27 Den same dagen skal du få lata upp munnen, når dei undansloppne er komne, og du skal tala og ikkje lenger vera mållaus, og du skal vera eit teikn åt deim, og dei skal sanna at eg er Herren.
In that day shall thy mouth be opened to him which is escaped, and thou shalt speak, and be no more dumb: and thou shalt be a sign unto them; and they shall know that I am Yhwh.