< Esekiel 21 >

1 Då kom Herrens ord til meg; han sagde:
et factus est sermo Domini ad me dicens
2 Menneskjeson! Snu di åsyn mot Jerusalem og preika mot heilagdomarne og spå mot Israelslandet!
fili hominis pone faciem tuam ad Hierusalem et stilla ad sanctuaria et propheta contra humum Israhel
3 Og du skal segja til Israelslandet: So segjer Herren: Sjå, eg skal finna deg og draga sverdet utor slira og rydja ut or deg rettferdige og ugudleg.
et dices terrae Israhel haec dicit Dominus Deus ecce ego ad te et eiciam gladium meum de vagina sua et occidam in te iustum et impium
4 Sidan eg vil rydja ut or deg rettferdig og ugudleg, so skal sverdet mitt fara utor slira mot alt kjøt frå sud til nord.
pro eo autem quod occidi in te iustum et impium idcirco egredietur gladius meus de vagina sua ad omnem carnem ab austro ad aquilonem
5 Og alt kjøt skal sanna at eg, Herren, hev drege sverdet mitt or slira, det vert innatt-stunge.
ut sciat omnis caro quia ego Dominus eduxi gladium meum de vagina sua inrevocabilem
6 Og du, menneskjeson, sukka! Du skal sukka framfor augo deira so det knakar i dine lender - i såran sut.
et tu fili hominis ingemesce in contritione lumborum et in amaritudinibus ingemesce coram eis
7 Og når dei då segjer med deg: «Kvifor sukkar du?» då skal du segja: «For ei fretnad; for han kjem. Då vil kvart eit hjarta bråna og alle hender siga, og kvar ei ånd dovna og alle kne verta som vatn. Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren.»
cumque dixerint ad te quare tu gemis dices pro auditu quia venit et tabescet omne cor et dissolventur universae manus et infirmabitur omnis spiritus et per cuncta genua fluent aquae ecce venit et fiet ait Dominus Deus
8 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
et factus est sermo Domini ad me dicens
9 Menneskjeson! Spå og seg: So segjer Herren: Seg: Eit sverd, eit sverd, kvest, ja, blenkt og.
fili hominis propheta et dices haec dicit Dominus Deus loquere gladius gladius exacutus est et limatus
10 Til å halda slagting med er det kvest, og til å blikta som eldingen er det blenkt. Eller skulde me fegnast, du min sons ætt, som vanvyrder alt tre?
ut caedat victimas exacutus est ut splendeat limatus est qui moves sceptrum filii mei succidisti omne lignum
11 Og han let det blenkjast til eit handyvle; dette sverdet er kvest og blenkt, med det er etla åt dråpsmanns hand.
et dedi eum ad levigandum ut teneatur manu iste exacutus est gladius et iste limatus ut sit in manu interficientis
12 Ropa og barma deg, menneskjeson! For det er åt mitt folk, det er åt alle fyrstar i Israel; etla åt sverdet er dei med mitt folk. Difor, slå deg på lendi!
clama et ulula fili hominis quia hic factus est in populo meo hic in cunctis ducibus Israhel qui fugerant gladio traditi sunt cum populo meo idcirco plaude super femur
13 For prøva er komi, og kven skulde ho råka, um ikkje den ætti som vanvyrder tukt? segjer Herren, Herren.
quia probatus est et hoc cum sceptrum subverterit et non erit dicit Dominus Deus
14 Og du, menneskjeson! Spå og slå i hop henderne! Tvifelt, ja trifelt kjem sverdet: sverdet til å stinga menner, sverd til å stinga den store, det møter deim alle stader.
tu ergo fili hominis propheta et percute manu ad manum et duplicetur gladius ac triplicetur gladius interfectorum hic est gladius occisionis magnae qui obstupescere eos facit
15 Til eit bliktande sverd sette eg det imot alle portarne deira, so hjarto skal bråna og støytesteinarne verta mange. Å, det er gjort til å ljona, kvest til å slagta med.
et corde tabescere et multiplicat ruinas in omnibus portis eorum dedi conturbationem gladii acuti et limati ad fulgendum amicti ad caedem
16 Tak deg på tak, sverd, hogg til høgre! Snu deg, hogg til vinstre! Kvar so eggi di snur!
exacuere vade ad dextram sive ad sinistram quocumque faciei tuae est appetitus
17 Då skal eg og slå i hop henderne mine og svala min harm. Eg, Herren, hev tala.
quin et ego plaudam manu ad manum et implebo indignationem meam ego Dominus locutus sum
18 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
et factus est sermo Domini ad me dicens
19 Og du, menneskjeson! Gjer deg tvo vegar som sverdet åt Babel-kongen kann fara fram på! Frå eitt land skal dei ganga ut båe. Laga so til ein vegvisar, laga honom til der vegarne tek av til kvar ein by!
et tu fili hominis pone tibi duas vias ut veniat gladius regis Babylonis de terra una egredientur ambo et manu capiet coniecturam in capite viae civitatis coniciet
20 Du skal gjera ein veg som sverdet kann fara fram på til Rabba åt Ammons-sønerne, og ein til Juda, inn i Jerusalem, borgbyen.
viam pones ut veniat gladius ad Rabbath filiorum Ammon et ad Iudam in Hierusalem munitissimam
21 For Babel-kongen stend attmed vegemotet, der som båe vegarne tek til, og driv på med spaning; han rister pilerne, spør husgudarne, skodar på livri.
stetit enim rex Babylonis in bivio in capite duarum viarum divinationem quaerens commiscens sagittas interrogavit idola exta consuluit
22 I høgre handi fær han luten «Jerusalem», at han skal setja upp murstangarar, lata upp munnen med tynar-rop, lata herrop ljoma, setja upp murstangarar mot portarne, kasta upp umlægringsvoll, byggja åtaksmurar.
ad dextram eius facta est divinatio super Hierusalem ut ponat arietes ut aperiat os in caede ut elevet vocem in ululatu ut ponat arietes contra portas ut conportet aggerem ut aedificet munitiones
23 Men dei tykkjer det er berre fåfengd spådom; dei hev då lovnadseidar i mengd. Men han minner um misgjerning, so dei skal verta tekne.
eritque quasi consulens frustra oraculum in oculis eorum et sabbatorum otium imitans ipse autem recordabitur iniquitatis ad capiendum
24 Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di de hev drege dykkar misgjerning fram or gløymsla, med di dykkar brot vert openberra, so dykkar syndar vert synberre i alle dykkar verk - etter di de kjem fram or gløymsla, skal de verta tekne med handi.
idcirco haec dicit Dominus Deus pro eo quod recordati estis iniquitatis vestrae et revelastis praevaricationes vestras et apparuerunt peccata vestra in omnibus cogitationibus vestris pro eo inquam quod recordati estis manu capiemini
25 Og du vanheilage gudløysing, Israels fyrste, din dag er komen når misgjerningi ein gong lyt enda.
tu autem profane impie dux Israhel cuius venit dies in tempore iniquitatis praefinita
26 So segjer Herren, Herren: Tak huva av, lyft kruna ned! Det som er, skal ikkje vera; det låge skal upp, det høge skal ned.
haec dicit Dominus Deus aufer cidarim tolle coronam nonne haec est quae humilem sublevavit et sublimem humiliavit
27 I koll, i koll, i koll vil eg støyta det; det skal ikkje vera gjort med det heller - til dess han kjem som retten hev, han som eg vil gjeva det.
iniquitatem iniquitatem iniquitatem ponam eam et hoc nunc factum est donec veniret cuius est iudicium et tradam ei
28 Og, du menneskjeson, spå og seg: So segjer Herren, Herren um Ammons-sønerne og um deira svivyrding: Og du skal segja: Eit sverd, eit sverd er drege, blenkt til å slagta med, til å tyna, til å ljona,
et tu fili hominis propheta et dic haec dicit Dominus Deus ad filios Ammon et ad obprobrium eorum et dices mucro mucro evaginate ad occidendum limate ut interficias et fulgeas
29 medan dei ser fåfengde syner og spår deg lygn, so du kann verta lagd attmed halsarne åt daudedømde gudløysingar som dagen er komen åt, når misgjerningi ein gong lyt enda.
cum tibi viderentur vana et divinarentur mendacia ut dareris super colla vulneratorum impiorum quorum venit dies in tempore iniquitatis praefinita
30 Stikk i slira ditt sverd! På den staden der du er skapt, i det landet du er ætta ifrå, vil eg døma deg.
revertere ad vaginam tuam in loco in quo creatus es in terra nativitatis tuae iudicabo te
31 Eg vil renna utyver deg min harm, min vreideloge vil eg blåsa imot deg og gjeva deg i henderne på villmenner, meistrar i tynarverk.
et effundam super te indignationem meam in igne furoris mei sufflabo in te daboque te in manus hominum insipientium et fabricantium interitum
32 Elden skal øyda deg, ditt blod skal verta utrent midt i landet, ingen skal koma deg i meir hug; for eg, Herren, hev tala.
igni eris cibus sanguis tuus erit in medio terrae oblivioni traderis quia ego Dominus locutus sum

< Esekiel 21 >