< Esekiel 2 >
1 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Statt upp på føterne dine so eg kann få tala med deg!»
καὶ εἶπεν πρός με υἱὲ ἀνθρώπου στῆθι ἐπὶ τοὺς πόδας σου καὶ λαλήσω πρὸς σέ
2 Og det kom ånd i meg med det same han tala med meg, og reiste meg upp på mine føter, og eg lydde på honom som tala til meg.
καὶ ἦλθεν ἐπ’ ἐμὲ πνεῦμα καὶ ἀνέλαβέν με καὶ ἐξῆρέν με καὶ ἔστησέν με ἐπὶ τοὺς πόδας μου καὶ ἤκουον αὐτοῦ λαλοῦντος πρός με
3 Og han sagde til meg: «Menneskjeson! Eg sender deg til Israels-borni, dei upprørske heidningar som hev gjort upprør imot meg. Dei sjølve og deira feder hev forbrote seg mot meg alt til den dag i dag.
καὶ εἶπεν πρός με υἱὲ ἀνθρώπου ἐξαποστέλλω ἐγώ σε πρὸς τὸν οἶκον τοῦ Ισραηλ τοὺς παραπικραίνοντάς με οἵτινες παρεπίκρανάν με αὐτοὶ καὶ οἱ πατέρες αὐτῶν ἕως τῆς σήμερον ἡμέρας
4 Og til borni med dei harde andliti og stive hjarto - eg sender deg til deim. Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, Herren.»
καὶ ἐρεῖς πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος
5 Og dei, anten dei lyder på eller ikkje - for ei tråssug ætt er dei - so skal dei få vita at ein profet hev vore midt imillom deim.
ἐὰν ἄρα ἀκούσωσιν ἢ πτοηθῶσιν διότι οἶκος παραπικραίνων ἐστίν καὶ γνώσονται ὅτι προφήτης εἶ σὺ ἐν μέσῳ αὐτῶν
6 Og du, menneskjeson! Ikkje ottast deim! og ordi deira ottast du ikkje! For tistlar og klunger er hjå deg, og med skorpionar bur du. For ordi deira ottast du ikkje, og for deira åsyn vere du ikkje forfærd! For ei tråssug ætt er dei.
καὶ σύ υἱὲ ἀνθρώπου μὴ φοβηθῇς αὐτοὺς μηδὲ ἐκστῇς ἀπὸ προσώπου αὐτῶν διότι παροιστρήσουσι καὶ ἐπισυστήσονται ἐπὶ σὲ κύκλῳ καὶ ἐν μέσῳ σκορπίων σὺ κατοικεῖς τοὺς λόγους αὐτῶν μὴ φοβηθῇς καὶ ἀπὸ προσώπου αὐτῶν μὴ ἐκστῇς διότι οἶκος παραπικραίνων ἐστίν
7 Og du skal tala ordi mine til deim, anten dei lyder på eller ikkje, for tråssuge, det er dei.
καὶ λαλήσεις τοὺς λόγους μου πρὸς αὐτούς ἐὰν ἄρα ἀκούσωσιν ἢ πτοηθῶσιν διότι οἶκος παραπικραίνων ἐστίν
8 Men du, menneskjeson, lyd på det som eg vil tala til deg! Ver ikkje tråssug som den tråssuge ætti! Lat upp munnen din og et det som eg gjev deg!»
καὶ σύ υἱὲ ἀνθρώπου ἄκουε τοῦ λαλοῦντος πρὸς σέ μὴ γίνου παραπικραίνων καθὼς ὁ οἶκος ὁ παραπικραίνων χάνε τὸ στόμα σου καὶ φάγε ἃ ἐγὼ δίδωμί σοι
9 Og som eg såg, og sjå, ei hand var rett ut til meg. Og sjå, i den var ein bokrull.
καὶ εἶδον καὶ ἰδοὺ χεὶρ ἐκτεταμένη πρός με καὶ ἐν αὐτῇ κεφαλὶς βιβλίου
10 Og han rulla honom upp framfor mi åsyn, og han var fullskriven inni og utanpå. Og skrive var det på honom syrgjesongar, sukkar og verop.
καὶ ἀνείλησεν αὐτὴν ἐνώπιον ἐμοῦ καὶ ἐν αὐτῇ γεγραμμένα ἦν τὰ ὄπισθεν καὶ τὰ ἔμπροσθεν καὶ ἐγέγραπτο εἰς αὐτὴν θρῆνος καὶ μέλος καὶ οὐαί