< Esekiel 17 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
여호와의 말씀이 내게 임하여 가라사대
2 Menneskjeson! Legg upp ei gåta og set fram ein liknad åt Israels-lyden.
인자야 너는 수수께끼와 비유를 이스라엘 족속에게 베풀어
3 Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Den store ørnen med dei store vengjerne, dei lange slagfjørerne, og fjørhamen fullsett med spriklute fjører, kom til Libanon og tok toppen av cedertreet.
이르기를 주 여호와의 말씀에 채색이 구비하고 날개가 크고 깃이 길고 털이 숱한 큰 독수리가 레바논에 이르러 백향목 높은 가지를 취하되
4 Øvste kvisten braut han av og førde honom til eit kræmarland og sette honom ned i ein kjøpmannsby.
그 연한 가지 끝을 꺾어 가지고 장사하는 땅에 이르러 상고의 성읍에 두고
5 Sidan tok han ein renning der i landet og sette honom i dyrka jord; han tok og sette honom som ein seljetein der det var nøgdi med vatn.
또 그 땅의 종자를 취하여 옥토에 심되 수양버들 가지처럼 큰 물가에 심더니
6 Og han voks og vart til eit vintre, vidt og lågvakse, so hans rankar skulde venda seg til ørnen og røterne hans skulde vera under honom. Han vart soleis til eit vintre som fekk greiner og skaut renningar.
그것이 자라며 퍼져서 높지 아니한 포도나무 곧 굵은 가지와 가는 가지가 난 포도나무가 되어 그 가지는 독수리를 향하였고 그 뿌리는 독수리의 아래 있었더라
7 So var det ein annan stor ørn med store vengjer og yven fjørham. Og sjå, dette vintreet krøkte røterne sine burtåt honom, og frå den sengi der det var planta, tøygde det rankorne sine mot honom for at han skulde vatna det,
또 날개가 크고 털이 많은 큰 독수리에게 물을 받으려고 그 심긴 두둑에서 그를 향하여 뿌리가 발하고 가지가 퍼졌도다
8 endå at det var planta i god jord og attmed mykje vatn, so det kunde skjota greiner og bera frukt og verta eit gildt vintre.
그 포도나무를 큰 물 가 옥토에 심은 것은 가지를 내고 열매를 맺어서 아름다운 포도나무를 이루게 하려 하였음이니라
9 Seg: So segjer Herren, Herren: Skal det trivast? Vil ikkje hin ørnen slita upp røterne og riva frukti av det so det tornar? Kvart eit sprettande blad skal torna, so ein tarv ikkje stor magt og mykje folk til å riva det upp mot rotom.
너는 이르기를 주 여호와의 말씀에 그 나무가 능히 번성하겠느냐 이 독수리가 어찌 그 뿌리를 빼고 실과를 따며 그 나무로 시들게 하지 아니하겠으며 그 연한 잎사귀로 마르게 하지 아니하겠느냐 많은 백성이나 강한 팔이 아니라도 그 뿌리를 뽑으리라
10 Sjå, det er planta; skal det trivast? Vil det ikkje torna, verta knas-turt, når austanvinden kjem burti det? I sengi der det veks, skal det torna.
볼지어다 그것이 심겼으나 번성하겠느냐 동풍이 부딪힐 때에 아주 마르지 아니하겠느냐 그 자라던 두둑에서 마르리라 하셨다 하라
11 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
12 Seg til den tråssuge lyden: Skynar de ikkje kva dette er? Seg: Sjå, Babel-kongen kom til Jerusalem, og han tok kongen og hovdingarne og førde deim med seg til Babel.
너는 패역한 족속에게 묻기를 너희가 이 비유를 깨닫지 못하겠느냐 하고 그들에게 고하기를 바벨론 왕이 예루살렘에 이르러 왕과 방백을 사로잡아 바벨론 자기에게로 끌어가고
13 Og han tok ein utav kongsætti og gjorde pakt med honom og let honom gjera eiden, og dei megtige i landet tok han burt,
그 왕족 중에 하나를 택하여 언약을 세우고 그로 맹세케 하고 또 그 땅의 능한 자들을 옮겨 갔나니
14 for at det skulde vera eit litevore kongerike og ikkje hevja seg upp, so det skulde halda pakti med honom og standa seg.
이는 나라를 낮추어 스스로 서지 못하고 그 언약을 지켜야 능히 서게 하려 하였음이어늘
15 Men han sette seg upp imot honom, med di han let sine sendemenner fara til Egyptarland, for at dei skulde gjeva honom hestar og mykje folk. Skal det ganga honom vel? Skal han sleppa undan, den som gjer slikt? Skal han få brjota pakt og sleppa frå det?
그가 사자를 애굽에 보내어 말과 군대를 구함으로 바벨론 왕을 배반하였으니 형통하겠느냐 이런 일을 행한 자가 피하겠느냐 언약을 배반하고야 피하겠느냐
16 So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, sanneleg, på den staden der han er, den kongen som gjorde honom til konge - eiden hans svivyrde han, og pakti med honom braut han - hjå honom, midt i Babel, skal han døy.
나 주 여호와가 말하노라 내가 나의 삶을 두고 맹세하노니 바벨론 왕이 그를 왕으로 세웠거늘 그가 맹세를 업신여겨 언약을 배반하였은즉 그 왕의 거하는 곳 바벨론 중에서 왕과 함께 있다가 죽을 것이라
17 Og Farao skal ikkje hjelpa honom i striden med stor her og mykje folk, når dei kastar upp ein voll og byggjer åtaksmurar til å tyna mange liv.
대적이 토성을 쌓으며 운제를 세우고 많은 사람을 멸절하려 할 때에 바로가 그 큰 군대와 많은 무리로도 그 전쟁에 그를 도와 주지 못하리라
18 Han svivyrde eiden då han braut pakti, og sjå, han hadde gjeve handtak på det, og alt dette hev han gjort; sleppa undan skal han ikkje.
그가 이미 손을 내어 밀어 언약하였거늘 맹세를 업신여겨 언약을 배반하고 이 모든 일을 행하였으니 피하지 못하리라
19 Difor, so segjer Herren, Herren: So sant som eg liver, sanneleg, eiden min som han svivyrde, og pakti mi som han braut, vil eg leggja på hans hovud.
그러므로 나 주 여호와가 말하노라 내가 나의 삶을 두고 맹세하노니 그가 내 맹세를 업신여기고 내 언약을 배반하였은즉 내가 그 죄를 그 머리에 돌리되
20 Og eg vil breida ut garnet mitt yver honom, og han skal verta fanga i mitt net. Og eg vil føra honom til Babel og ganga til doms med honom der for sviket han sette upp imot meg.
내 그물을 그 위에 베풀며 내 올무에 걸리게 하여 끌고 바벨론으로 가서 나를 반역한 그 반역을 거기서 국문할지며
21 Og alle som vil røma undan ut or alle hans fylkingar, for sverd skal dei falla, og dei som vert leivde, skal verta spreidde for alle vindar, og de skal sanna at eg, Herren, hev tala.
그 모든 군대에서 도망한 자들은 다 칼에 엎드러질 것이요 그 남은 자는 사방으로 흩어지리니 나 여호와가 이것을 말한 줄을 너희가 알리라
22 So segjer Herren, Herren: Då vil eg taka av toppen på det høge cedertreet og setja; av dei øvste kvisterne vil eg brjota ein grann teinung, og eg vil planta honom på eit høgt og rise fjell.
나 주 여호와가 말하노라 내가 또 백향목 꼭대기에서 높은 가지를 취하여 심으리라 내가 그 높은 새 가지 끝에서 연한 가지를 꺾어 높고 빼어난 산에 심되
23 På Israels høge fjell vil eg planta honom, og han skal få greiner og bera frukt og verta eit gildt cedertre. Og alle fuglar, alt fljugande, skal bu under det, i skuggen av greinerne på det skal dei bu.
이스라엘 높은 산에 심으리니 그 가지가 무성하고 열매를 맺어서 아름다운 백향목을 이룰 것이요 각양 새가 그 아래 깃들이며 그 가지 그늘에 거할지라
24 Og alle trei på marki skal skyna at eg, Herren, hev gjort eit høgt tre lågt og eit lågt tre høgt, hev late eit grønt tre torna og eit turt tre grønka. Eg, Herren, hev tala, og eg set det i verk.
들의 모든 나무가 나 여호와는 높은 나무를 낮추고 낮은 나무를 높이며 푸른 나무를 말리우고 마른 나무를 무성케 하는줄 알리라 나 여호와는 말하고 이루느니라 하라