< Esekiel 16 >

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
2 Menneskjeson! Lat Jerusalem få vita um sin styggedom.
인자야 예루살렘으로 그 가증한 일을 알게 하여
3 Og du skal segja: So segjer Herren, Herren til Jerusalem: Ditt upphav og di ætt er frå Kananitarlandet; far din var ein amorit og mor di ei hetitkvinna.
이르기를 주 여호와께서 예루살렘에 대하여 말씀하시되 네 근본과 난 땅은 가나안이요 네 아비는 아모리 사람이요 네 어미는 헷 사람이라
4 Då du kom til, den dagen du vart fødd, skar dei ikkje navlestrengen din, og ikkje vart du reintvegi med vatn og ikkje gnidi inn med salt og ikkje reiva med reivar.
너의 난 것을 말하건대 네가 날 때에 네 배꼽줄을 자르지 아니하였고 너를 물로 씻어 정결케 하지 아니하였고 네게 소금을 뿌리지 아니하였고 너를 강보에 싸지도 아니하였나니
5 Ikkje eit auga ynka deg, so dei gjorde noko av dette med deg av miskunn imot deg, men du vart kasta på berre marki, av di dei fekk stygg til deg den dagen du vart fødd.
너를 돌아 보아 이 중에 한 가지라도 네게 행하여 너를 긍휼히 여긴 자가 없었으므로 네가 나던 날에 네 몸이 꺼린바 되어 네가 들에 버리웠었느니라
6 Då gjekk eg framum deg og såg deg, der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sagde med deg: «Du som ligg der i blodet ditt, liv!» Ja, eg sagde med deg: «Du som ligg der i blodet ditt, liv!»
내가 네 곁으로 지나 갈 때에 네가 피투성이가 되어 발짓하는 것을 보고 네게 이르기를 너는 피투성이라도 살라 다시 이르기를 너는 피투성이라도 살라 하고
7 Til mange tusund, som blomar i eng, gjer eg deg. Og du voks og vart stor og nådde den høgste vænleik. Brjosti vart faste, og håret ditt voks. Men du var berr og naki.
내가 너로 들의 풀 같이 많게 하였더니 네가 크게 자라고 심히 아름다우며 유방이 뚜렷하고 네 머리털이 자랐으나 네가 오히려 벌거벗은 적신이더라
8 Då gjekk eg framum deg og såg deg, og sjå, di tid var komi, elskhugstidi. Og eg breidde eg kappa mi yver deg og løynde blygsli di. Og eg svor deg truskapseid og gjorde pakt med deg, segjer Herren, Herren, og du vart mi.
내가 네 곁으로 지나며 보니 네 때가 사랑스러운 때라 내 옷으로 너를 덮어 벌거벗은 것을 가리우고 네게 맹세하고 언약하여 너로 내게 속하게 하였었느니라 나 주 여호와의 말이니라
9 Og eg tvo deg i vatn og skylde blodet av deg, og salva deg med olje.
내가 물로 너를 씻겨서 네 피를 없이 하며 네게 기름을 바르고
10 Og eg klædde deg i rosesauma ty og hadde på deg skor av markuskinn og batt på deg eit fint hovudlin og sveipte deg i silke.
수 놓은 옷을 입히고 물돼지 가죽신을 신기고 가는 베로 띠우고 명주로 덧입히고
11 Og eg prydde deg med prydnadsting, og gav deg armband på henderne og kjeda um halsen.
패물을 채우고 팔고리를 손목에 끼우고 사슬을 목에 드리우고
12 Og eg sette ein ring i nosi di og øyreringar i øyro dine og ei fager kruna på hovudet ditt.
코고리를 코에 달고 귀고리를 귀에 달고 화려한 면류관을 머리에 씌웠나니
13 Og du prydde deg med gull og sylv, og klædnaden din var fint linty og silke og rosesauma ty. Fint mjøl og honning og olje fekk du til mat. Du vart ovende fager, so du vart ei høveleg dronning.
이와 같이 네가 금 은으로 장식하고 가는 베와 명주와 수놓은 것을 입으며 또 고운 밀가루와 꿀과 기름을 먹음으로 극히 곱고 형통하여 왕후의 지위에 나아갔느니라
14 Og du vart namngjeti millom folki for din vænleik, for han var fullkomen ved mi pryda som eg hadde butt deg til med, segjer Herren, Herren.
네 화려함을 인하여 네 명성이 이방인 중에 퍼졌음은 내가 네게 입힌 영화로 네 화려함이 온전함이니라 나 주 여호와의 말이니라
15 Men du leit på din vænleik og dreiv hor i kraft av di namnfrægd, og du auste ut din hordom yver kvar og ein som gjekk framum - han skal få det!
그러나 네가 네 화려함을 믿고 네 명성을 인하여 행음하되 무릇 지나가는 자면 더불어 음란을 많이 행하므로 네 몸이 그들의 것이 되도다
16 Og av klædi dine tok du og gjorde deg spreklute offerhaugar og dreiv hor på deim - slikt må ikkje koma på, ikkje henda.
네가 네 의복을 취하여 색스러운 산당을 너를 위하여 만들고 거기서 행음하였나니 이런 일은 전무후무하니라
17 Og du tok dine prydnadsting av gullet mitt og sylvet mitt som eg hadde gjeve deg, og gjorde deg mannsbilæte, og du dreiv hor med deim.
네가 또 나의 준 금, 은 장식품으로 너를 위하여 남자 우상을 만들어 행음하며
18 Og du tok dine rosesauma klæde og hadde på deim, og min olje og min røykjelse sette du fram åt deim.
또 네 수 놓은 옷으로 그 우상에게 입히고 나의 기름과 향으로 그 앞에 베풀며
19 Og brødet mitt som eg gav deg, finmjølet og oljen og honningen som eg hadde gjeve deg til mat, det sette du fram åt deim til godange; soleis gjekk det, segjer Herren, Herren.
또 내가 네게 주어 먹게 한 내 식물 곧 고운 밀가루와 기름과 꿀을 네가 그 앞에 베풀어 향기를 삼았나니 과연 그렇게 하였느니라 나 주 여호와의 말이니라
20 Og du tok dine søner og døtter, som du hadde født åt meg, og ofra deim til mat åt deim. Var det då ikkje nok at du dreiv hor,
또 네가 나를 위하여 낳은 네 자녀를 가져 그들에게 드려 제물을 삼아 불살랐느니라 네가 너의 음행을 작은 일로 여겨서
21 sidan du jamvel slagta borni mine og gav deim burt, med di du let deim ganga gjenom elden for deim?
나의 자녀들을 죽여 우상에게 붙여 불 가운데로 지나가게 하였느냐?
22 Og i alle dine styggjor og din hordom kom du ikkje i hug dine ungdomsdagar, då du var berr og naki og låg og sprala i ditt blod.
네 어렸을 때에 벌거벗어 적신이었으며 피투성이가 되어서 발짓하던 것을 기억지 아니하고 네가 모든 가증한 일과 음란을 행하였느니라
23 So hende etter all din vondskap - usæl, usæl vere du! segjer Herren, Herren -
나 주 여호와가 말하노라 너는 화 있을진저 화 있을진저 네가 모든 악을 행한 후에
24 at du bygde deg ein kvelving og gjorde deg ein offerhaug på alle torg.
너를 위하여 누를 건축하며 모든 거리에 높은 대를 쌓았도다
25 Attmed kvart eit vegemot bygde du din haug og skjemde din vænleik og breidde føterne ut for kvar og ein som gjekk framum, ja, du dreiv mykjen hordom.
네가 높은 대를 모든 길 머리에 쌓고 네 아름다움을 가증하게 하여 모든 지나가는 자에게 다리를 벌려 심히 행음하고
26 Og du dreiv hor med Egyptarlands-sønerne, grannarne dine, som hev stort kjøt, og du dreiv mykjen hordom til å harma meg med.
하체가 큰 네 이웃나라 애굽 사람과도 행음하되 심히 음란히 하여 내 노를 격동하였도다
27 Og sjå, eg rette ut mi hand og minka på det eg hadde etla åt deg, og eg let deim som hata deg fara åt med deg som dei vilde, filistardøtterne, som blygdest yver di skjemdaråtferd.
그러므로 내가 내 손을 네 위에 펴서 네 일용 양식을 감하고 너를 미워하는 블레셋 여자 곧 네 더러운 행실을 부끄러워하는 자에게 너를 붙여 임의로 하게 하였거늘
28 Og du dreiv hor med Assurs-sønerne, av di du ikkje hadde fenge ditt nøgje, og du dreiv hor med deim, men endå fekk du ikkje ditt nøgje.
네가 음욕이 차지 아니하여 또 앗수르 사람과 행음하고 그들과 행음하고도 오히려 부족히 여겨
29 Og du for verre fram med din hordom, alt til kræmarlandet Kaldæa, men endå fekk du ikkje ditt nøgje.
장사하는 땅 갈대아에까지 심히 행음하되 오히려 족한 줄을 알지못하였느니라
30 Å, kor hjarta ditt brann av gir! - segjer Herren, Herren - at du kunde gjera alt dette, og fara åt som den skamlausaste skjøkja
나 주 여호와가 말하노라 네가 이 모든 일을 행하니 이는 방자한 음부의 행위라 네 마음이 어찌 그리 약한지
31 og byggja din kvelving attmed kvart eit vegemot og gjera dine haugar på kvart eit torg! Men du var ikkje som ei onnor skjøkja, med di du vanvyrde skjøkjeløn.
네가 누를 모든 길 머리에 건축하며 높은 대를 모든 거리에 쌓고도 값을 싫어하니 창기 같지도 않도다
32 Du horkona! I staden for med mannen din held du deg med framande!
그 지아비 대신에 외인과 사통하여 간음하는 아내로다
33 Alle skjøkjor gjev dei gåvor; men du gav alle dine elskarar gåvorne dine og kjøpte deim til å koma til deg frå alle leider og driva hor med deg.
사람들은 모든 창기에게 선물을 주거늘 오직 너는 네 모든 정든 자에게 선물을 주며 값을 주어서 사방에서 와서 너와 행음하게 하니
34 Og du vart reint umsnudd imot andre kvende, i din ukjurskap; etter deg laup ingen, men du gav horeløn, du fekk ikkje, so rangsnudd var du.
너의 음란함이 다른 여인과 같지 아니함은 행음하려고 너를 따르는 자가 없음이며 또 네가 값을 받지 아니하고 도리어 줌이라 그런즉 다른 여인과 같지 아니하니라
35 Difor, du skjøkja, høyr Herrens ord!
그러므로 너 음부야 여호와의 말을 들을지어다
36 So segjer Herren, Herren: For di du auste ut dine pengar og nækte di skam i din ulivnad med dine elskarar og med alle dine ufysne avgudar, og du spillte blod av dine born, som du gav deim,
나 주 여호와가 말하노라 네가 네 누추한 것을 쏟으며 네 정든 자와 행음함으로 벗은 몸을 드러내며 또 가증한 우상을 위하여 네 자녀의 피를 그 우상에게 드렸은즉
37 difor, sjå, so samlar eg alle dine elskarar, som du tektest, og alle som du elska med alle som du hata, og eg vil samla deim imot deg frå alle leider og nækja di skam framfyre deim, og dei skal få sjå all di skam.
내가 저의 즐거워하는 정든 자와 사랑하던 모든 자와 미워하던 모든 자를 모으되 사방에서 모아 너를 대적하게 할 것이요 또 네 벗은 몸을 그 앞에 드러내어 그들로 그것을 다 보게 할 것이며
38 Og eg vil lata same domen ganga yver deg som yver horkonor og slike som spiller blod, og eg vil gjera deg til eit blodigt offer for brennande harm og åbry.
내가 또 간음하고 사람의 피를 흘리는 여인을 국문함 같이 너를 국문하여 진노의 피와 투기의 피를 네게 돌리고
39 Og eg vil gjeva deg i deira hand, og dei skal riva ned din kvelving, og brjota ned dine haugar, og hava av deg klædi dine, og taka dine dyrverdige prydnadsting, og lata deg liggja der naki og berr.
내가 또 너를 그들의 손에 붙이리니 그들이 네 누를 헐며 네 높은 대를 훼파하며 네 의복을 벗기고 네 장식품을 빼앗고 네 몸을 벌거벗겨 버려두며
40 Og dei skal gjera manngard um deg og steina deg i hel og hogga deg sund med sverdi sine.
무리를 데리고 와서 너를 돌로 치며 칼로 찌르며
41 Og dei skal brenna upp dine hus med eld og halda dom yver deg framfor augo på mange kvinnor. Og eg vil gjera ende på din hordom, og heller ikkje skjøkjeløn skal du heretter gjeva.
불로 너의 집들을 사르고 여러 여인의 목전에서 너를 벌할지라 내가 너로 곧 음행을 그치게 하리니 네가 다시는 값을 주지 아니하리라
42 Og eg vil svala min heite harm på deg, og mitt åbry mot deg skal kverva. So vil eg halda meg i ro og ikkje lenger vera vreid.
그리한즉 내가 네게 대한 내 분노가 그치며 내 투기가 네게서 떠나고 마음이 평안하여 다시는 노하지 아니하리라
43 Av di at du ikkje mintest ungdomsdagarne dine, men harma meg med alt dette, sjå, so vil eg og lata di åtferd koma på ditt hovud, segjer Herren, Herren; for hev du ikkje lagt skamløysa attåt alle styggjorne dine?
네가 어렸을 때를 기억지 아니하고 이 모든 일로 나를 격노케 하였은즉 내가 네 행위대로 네 머리에 보응하리니 네가 이 음란과 네 모든 가증한 일을 다시는 행하지 아니하리라 나 주 여호와의 말이니라
44 Sjå, alle som brukar ordtøke, skal hava dette til ordtak um deg: «Som mori, so dotteri.»
무릇 속담하는 자가 네게 대하여 속담하기를 어미가 어떠하면 딸도 그렇다 하리라
45 Du er dotter åt mor di, som stygdest ved mannen sin og borni sine, og du er syster åt systerne dine, som stygdest ved mennerne og borni sine: ei hetitkvinna er mor dykkar og ein amorit far dykkar.
너는 그 남편과 자녀를 싫어한 어미의 딸이요 너는 그 남편과 자녀를 싫어한 형의 동생이로다 네 어미는 헷 사람이요 네 아비는 아모리 사람이며
46 Og den store syster di er Samaria, og hennar døtter, som bur på vinstre handi åt deg, og den litle syster di, som bur på høgre handi, er Sodoma og hennar døtter.
네 형은 그 딸들과 함께 네 좌편에 거하는 사마리아요 네 아우는 그 딸들과 함께 네 우편에 거하는 소돔이라
47 Fulla gjekk du ikkje på deira vegar og gjorde ikkje styggjor som dei; men berre eit lite bil - so for du verre åt enn dei på alle dine vegar.
네가 그들의 행위대로만 행치 아니하며 그 가증한대로만 행치 아니하고 그것을 적게 여겨서 네 모든 행위가 그보다 더욱 부패하였도다
48 So sant som eg liver, segjer Herren, Herren: Sodoma, syster di, ho og hennar døtter, hev ikkje gjort som du, og dine døtter.
나 주 여호와가 말하노라 내가 나의 삶을 두고 맹세하노니 네 아우 소돔 곧 그와 그 딸들은 너와 네 딸들의 행위 같이 행치 아니하였느니라
49 Sjå, dette er misgjerningi åt Sodoma, syster di: ovmod; nøgdi med brød og sutlaus ro hadde ho og døtterne hennar; men handi åt armingen og fatigmannen styrkte ho ikkje.
네 아우 소돔의 죄악은 이러하니 그와 그 딸들에게 교만함과 식물의 풍족함과 태평함이 있음이며 또 그가 가난하고 궁핍한 자를 도와주지 아니하며
50 Og med storlæte for dei, og dei gjorde skjemdarverk framfor mi åsyn; då rudde eg deim burt, fyrst eg såg det.
거만하여 가증한 일을 내 앞에서 행하였음이라 그러므로 내가 보고 곧 그들을 없이 하였느니라
51 Og Samaria hev ikkje synda halvt so mykje som du, og du hev gjort dine styggjor fleire enn deira, so du gjorde systerne dine rettferdige med alle styggjor som du for med.
사마리아는 네 죄의 절반도 범치 아니하였느니라 네가 그들보다 가증한 일을 심히 행한고로 너의 가증한 행위로 네 형과 아우를 의롭게 하였느니라
52 Ber då du og di skam, du som hev dømt dine syster orsakande; i dine synder hev du vore skamlausare enn dei, og soleis vart dei rettferdigare enn du. So skulde du blygjast, du og, og bera di skam, med di du gjer systerne dine rettferdige.
네가 네 형과 아우를 논단하였은즉 너도 네 수치를 담당할찌니라 네가 그들보다 더욱 가증한 죄를 범하므로 그들이 너보다 의롭게 되었나니 네가 네 형과 아우를 의롭게 하였은즉 너는 놀라며 네 수치를 담당할지니라
53 Men eg vil enda deira utlægd, utlægdi for Sodoma og hennar døtter og utlægdi for Samaria og hennar døtter og utlægdi for dine eigne utlæge midt imillom deim,
내가 그들의 사로잡힘 곧 소돔과 그 딸들의 사로잡힘과 사마리아와 그 딸들의 사로잡힘과 그들 중에 너의 사로잡힌 자의 사로잡힘을 돌이켜서
54 for at du skal bera di skam og skjemmast av alt det du hev gjort med di du trøystar deim.
너로 네 수욕을 담당하고 너의 행한 모든 일을 인하여 부끄럽게 하리니 이는 네가 그들에게 위로가 됨이라
55 Og systerne dine, Sodoma og hennar døtter, skal atter verta det dei fordom var, og Samaria og hennar døtter skal atter verta det dei fordom var, og du og dine døtterne skal atter verta det dei fordom var.
네 아우 소돔과 그 딸들이 옛 지위를 회복할 것이요 사마리아와 그 딸들도 그 옛 지위를 회복할 것이며 너와 네 딸들도 너희 옛 지위를 회복할 것이니라
56 Var ikkje syster di, Sodoma, eit uord i munnen din i ovmods-dagarne dine,
네가 교만하던 때에 네 아우 소돔을 네 입으로 말하지도 아니하였나니
57 fyrr vondskapen din vart synberr - liksom i den tidi då dei hædde deg, Arams-døtterne og alle der kringum, og filistardøtterne som svivyrde deg rundt ikring?
곧 네 악이 드러나기 전에며 아람 딸들이 너를 능욕하기 전에며 너의 사방에 둘러 있는 블레셋 딸들이 너를 멸시하기 전에니라
58 Di skjemd og dine styggjor skal du bera, segjer Herren.
네 음란과 네 가증한 일을 네가 담당하였느니라 나 여호와의 말이니라
59 For so segjer Herren, Herren: Eg vil fara åt med deg etter di eigi åtferd, du som vanvyrde eiden med di du braut pakti.
나 주 여호와가 말하노라 네가 맹세를 멸시하여 언약을 배반하였은즉 내가 네 행한대로 네게 행하리라
60 Men eg vil minnast mi pakt med deg i ungdomsdagarne dine, og eg vil gjera ei ævepakt med deg.
그러나 내가 너의 어렸을 때에 너와 세운 언약을 기억하고 너와 영원한 언약을 세우리라
61 Og du skal minnast dine vegar og blygjast, når du tek imot systerne dine, dei som er større enn du, og dei som er mindre enn du, og eg gjev deg deim til døtter, endå at dei ikkje var med i di pakt.
네가 네 형과 아우를 접대할 때에 네 행위를 기억하고 부끄러워할 것이라 내가 그들을 네게 딸로 주려니와 네 언약으로 말미암음이 아니니라
62 Og eg vil gjera mi pakt med deg, og du skal sanna at eg er Herren,
내가 네게 내 언약을 세워서 너로 나를 여호와인 줄 알게 하리니
63 for at du skal minnast og blygjast og ikkje lata upp munnen din berre for blygsl, når eg tilgjev deg alt det du hev gjort, segjer Herren, Herren.
이는 내가 네 모든 행한 일을 용서한 후에 너로 기억하고 놀라고 부끄러워서 다시는 입을 열지 못하게 하려 함이니라 나 주 여호와의 말이니라 하셨다 하라

< Esekiel 16 >