< Esekiel 13 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
et factus est sermo Domini ad me dicens
2 Menneskjeson! Spå mot profetarne i Israel, som spår, og seg med deim som spår utav eige hjarta: Høyr Herrens ord!
fili hominis vaticinare ad prophetas Israhel qui prophetant et dices prophetantibus de corde suo audite verbum Domini
3 So segjer Herren, Herren: Usæla yver profetarne, dei dårar, som gjeng etter si eiga ånd og etter det dei ikkje hev set!
haec dicit Dominus Deus vae prophetis insipientibus qui sequuntur spiritum suum et nihil vident
4 Som revar i røysar er dine profetar, Israel.
quasi vulpes in desertis prophetae tui Israhel erant
5 De er ikkje stigne upp i murrivorne og hev ikkje mura upp verjemur kring Israels-lyden, so han kunde standa seg i striden på Herrens dag.
non ascendistis ex adverso neque opposuistis murum pro domo Israhel ut staretis in proelio in die Domini
6 Deira syner var fåfengd og deira spådomar lygn, dei som segjer: So segjer Herren, endå Herren ikkje hev sendt deim. Like vel vonar dei å vera sannspådde.
vident vana et divinant mendacium dicentes ait Dominus cum Dominus non miserit eos et perseveraverunt confirmare sermonem
7 Er det ikkje fåfengd syn de hev set, og ljugar-spåing de hev fare med, når de segjer: «So segjer Herren, » enda eg ikkje hadde tala?
numquid non visionem cassam vidistis et divinationem mendacem locuti estis et dicitis ait Dominus cum ego non sim locutus
8 Difor, so segjer Herren, Herren: Med di at de talar fåfengd og ser lygn, difor, sjå, so vil eg finna dykk, segjer Herren, Herren.
propterea haec dicit Dominus Deus quia locuti estis vana et vidistis mendacium ideo ecce ego ad vos ait Dominus Deus
9 Og mi hand skal vera mot dei profetarne som ser fåfengd og fer med ljugar-spåing; i mitt folks råd skal dei ikkje vera, og i boki åt Israels-lyden skal dei ikkje verta skrivne, og til Israels land skal dei ikkje koma; og de skal sanna at eg er Herren, Herren,
et erit manus mea super prophetas qui vident vana et divinant mendacium in concilio populi mei non erunt et in scriptura domus Israhel non scribentur nec in terra Israhel ingredientur et scietis quia ego Dominus Deus
10 for di, ja, for di de hev villa mitt folk og sagt: «Fred, » og der er ikkje fred - og når det byggjer ein murvegg, sjå, so stryk dei berre kalkrøra på.
eo quod deceperint populum meum dicentes pax et non est pax et ipse aedificabat parietem illi autem liniebant eum luto absque paleis
11 Seg til kalk-strjukarane, at han vil ramla ned, det kjem eit skvalande støyteregn, og de, haglsteinar, skal falla, og ei stormflaga skal koma kastande.
dic ad eos qui liniunt absque temperatura quod casurus sit erit enim imber inundans et dabo lapides praegrandes desuper inruentes et ventum procellae dissipantem
12 Og sjå, når veggen er nedramla, vil det då ikkje verta sagt med dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»
siquidem ecce cecidit paries numquid non dicetur vobis ubi est litura quam levistis
13 Difor, so segjer Herren, Herren: I min harm let eg ei stormflaga koma kastande, og i min vreide let eg eit skvalande støytregn koma, og i min harm haglsteinar til å øydeleggja alt i hop.
propterea haec dicit Dominus Deus et erumpere faciam spiritum tempestatum in indignatione mea et imber inundans in furore meo erit et lapides grandes in ira in consummationem
14 Og eg vil riva ned veggen som de strauk med kalk, og velta honom til jordi, og hans grunnvollar skal verta berrlagde. Når det då ramlar i røys, skal de verta tynte i fallet, og de skal sanna at eg er Herren.
et destruam parietem quem levistis absque temperamento et adaequabo eum terrae et revelabitur fundamentum eius et cadet et consumetur in medio eius et scietis quia ego sum Dominus
15 Og eg vil tøma ut all mi vreide yver veggen, og yver deim som strauk honom med kalk. Då vil eg segja med dykk: Burte er både veggen og dei som strauk på honom,
et conplebo indignationem meam in parietem et in his qui linunt eum absque temperamento dicamque vobis non est paries et non sunt qui linunt eum
16 profetarne i Israel som spådde um Jerusalem og såg fredssyner åt det, endå det ikkje var fred, segjer Herren, Herren.
prophetae Israhel qui prophetant ad Hierusalem et vident ei visionem pacis et non est pax ait Dominus Deus
17 Og du, menneskjeson! Vend di åsyn mot ditt folks døtter, som spår ut av sitt eige hjarta, og spå imot deim!
et tu fili hominis pone faciem tuam contra filias populi tui quae prophetant de corde suo et vaticinare super eas
18 Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Usæla yver dei kvende som saumar bindsl åt alle handleder og lagar hovudsveip åt alle, både store og små, so dei kann fanga sjæler! De fangar sjæler for folket mitt, og andre sjæler held de i live, dykk til vinning.
et dic haec ait Dominus Deus vae quae consuunt pulvillos sub omni cubito manus et faciunt cervicalia sub capite universae aetatis ad capiendas animas cum caperent animas populi mei vivificabant animas eorum
19 Og de vanhelgar meg for mitt folk for nokre korn-nevar og brødmolar - til å drepa sjæler som ikkje skulde døy, og til å halda liv i sjæler som ikkje skulde liva, med di de lyg for lyden min som lyder på lygn.
et violabant me ad populum meum propter pugillum hordei et fragmen panis ut interficerent animas quae non moriuntur et vivificarent animas quae non vivunt mentientes populo meo credenti mendaciis
20 Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil få tak i bindsli dykkar, som de fangar sjælerne med likeins som fuglar, og vil riva deim av armarne dykkar. Og eg vil fria sjælerne som de hev fanga, sjæler likeins som fuglar.
propter hoc haec dicit Dominus Deus ecce ego ad pulvillos vestros quibus vos capitis animas volantes et disrumpam eos de brachiis vestris et dimittam animas quas vos capitis animas ad volandum
21 Og eg vil riva sund dykkar hovudsveip og berga mitt folk utor dykkar hender, so dei aldri meir skal vera veidefang i dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren.
et disrumpam cervicalia vestra et liberabo populum meum de manu vestra neque erunt ultra in manibus vestris ad praedandum et scietis quia ego Dominus
22 For di de ved lygn fær rettferdig manns hjarta til å vanmodast, endå eg ikkje hev gjort honom vanmoda, og de hev gjort gudlaus manns hender sterke, for at han ikkje skulde venda um frå sin vonde veg so eg kunde få halda honom i live,
pro eo quod maerere fecistis cor iusti mendaciter quem ego non contristavi et confortastis manus impii ut non reverteretur a via sua mala et viveret
23 difor skal de ikkje hava fåfengde syner, og rune-kunster fær det ikkje fara med lenger; og eg vil berga mitt folk ut or dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren.
propterea vana non videbitis et divinationes non divinabitis amplius et eruam populum meum de manu vestra et scietis quoniam ego Dominus