< Esekiel 12 >
1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
2 Menneskjeson! Midt ibland den tråssuge ætti bur du, millom slike som hev augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei tråssug ætt er dei.
υἱὲ ἀνθρώπου ἐν μέσῳ τῶν ἀδικιῶν αὐτῶν σὺ κατοικεῖς οἳ ἔχουσιν ὀφθαλμοὺς τοῦ βλέπειν καὶ οὐ βλέπουσιν καὶ ὦτα ἔχουσιν τοῦ ἀκούειν καὶ οὐκ ἀκούουσιν διότι οἶκος παραπικραίνων ἐστίν
3 Og du, menneskjeson! Bu deg til som du skal fara i utlægd, og far burt um dagen framfor augo på deim, og du skal fara frå der du bur til ein annan stad framfor augo på deim. Kann henda dei kunde koma til å sjå; for ei tråssug ætt er dei.
καὶ σύ υἱὲ ἀνθρώπου ποίησον σεαυτῷ σκεύη αἰχμαλωσίας ἡμέρας ἐνώπιον αὐτῶν καὶ αἰχμαλωτευθήσῃ ἐκ τοῦ τόπου σου εἰς ἕτερον τόπον ἐνώπιον αὐτῶν ὅπως ἴδωσιν διότι οἶκος παραπικραίνων ἐστίν
4 Og du skal føra ut bunaden din som ferdabunad høgstedags framfor deira augo, og sjølv skal du fara ut um kvelden framfor deira augo, sameleis som når dei fer i utlægd.
καὶ ἐξοίσεις τὰ σκεύη σου ὡς σκεύη αἰχμαλωσίας ἡμέρας κατ’ ὀφθαλμοὺς αὐτῶν καὶ σὺ ἐξελεύσῃ ἑσπέρας ὡς ἐκπορεύεται αἰχμάλωτος
5 Brjot deg eit hol i veggen framfor deira augo, og før bunaden din ut gjenom det!
ἐνώπιον αὐτῶν διόρυξον σεαυτῷ εἰς τὸν τοῖχον καὶ διεξελεύσῃ δῑ αὐτοῦ
6 Framfor augo på deim skal du lyfta honom upp på herdi; når det er stumende myrkt, skal du føra honom ut, og du skal sveipa inn andlitet ditt, so du ikkje ser landet. For eg hev gjort deg til eit teikn for Israels-lyden.
ἐνώπιον αὐτῶν ἐπ’ ὤμων ἀναλημφθήσῃ καὶ κεκρυμμένος ἐξελεύσῃ τὸ πρόσωπόν σου συγκαλύψεις καὶ οὐ μὴ ἴδῃς τὴν γῆν διότι τέρας δέδωκά σε τῷ οἴκῳ Ισραηλ
7 Og eg gjorde so som han baud meg; eg budde meg som til å fara i utlægd ved høgste-dagsleite, og um kvelden braut eg meg ut gjenom veggen med handi. Og då det var stumende myrkt vorte, førde eg bunaden min ut; på herdi bar eg honom framfor deira augo.
καὶ ἐποίησα οὕτως κατὰ πάντα ὅσα ἐνετείλατό μοι καὶ σκεύη ἐξήνεγκα ὡς σκεύη αἰχμαλωσίας ἡμέρας καὶ ἑσπέρας διώρυξα ἐμαυτῷ τὸν τοῖχον καὶ κεκρυμμένος ἐξῆλθον ἐπ’ ὤμων ἀνελήμφθην ἐνώπιον αὐτῶν
8 Og Herrens ord kom til meg um morgonen; han sagde:
καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με τὸ πρωὶ λέγων
9 Menneskjeson! Hev ikkje Israels-lyden, den tråssuge ætti, sagt med deg: «Kva gjer du?»
υἱὲ ἀνθρώπου οὐκ εἶπαν πρὸς σὲ ὁ οἶκος τοῦ Ισραηλ οἶκος ὁ παραπικραίνων τί σὺ ποιεῖς
10 Seg med deim: So segjer Herren, Herren: Denne beringi gjeld fyrsten i Jerusalem og all Israels-lyden som derinne er.
εἰπὸν πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος κύριος ὁ ἄρχων καὶ ὁ ἀφηγούμενος ἐν Ιερουσαλημ καὶ παντὶ οἴκῳ Ισραηλ οἵ εἰσιν ἐν μέσῳ αὐτῶν
11 Seg: Eg er eit teikn åt dykk; likeins som eg hev gjort, so skal det gjerast med deim; dei skal verta fangar og fara i utlægd.
εἰπὸν ὅτι ἐγὼ τέρατα ποιῶ ἐν μέσῳ αὐτῆς ὃν τρόπον πεποίηκα οὕτως ἔσται αὐτοῖς ἐν μετοικεσίᾳ καὶ ἐν αἰχμαλωσίᾳ πορεύσονται
12 Og fyrsten som er hjå deim skal taka si byrd på herdi og fara ut med det er stumende myrkt. Dei skal brjota hol i muren og føra ut gjenom det. Sitt andlit skal han sveipa inn, so han ikkje skal sjå landet med sine augo.
καὶ ὁ ἄρχων ἐν μέσῳ αὐτῶν ἐπ’ ὤμων ἀρθήσεται καὶ κεκρυμμένος ἐξελεύσεται διὰ τοῦ τοίχου καὶ διορύξει τοῦ ἐξελθεῖν αὐτὸν δῑ αὐτοῦ τὸ πρόσωπον αὐτοῦ συγκαλύψει ὅπως μὴ ὁραθῇ ὀφθαλμῷ καὶ αὐτὸς τὴν γῆν οὐκ ὄψεται
13 Og eg vil breida ut garnet mitt yver honom, og han skal verta fanga i mitt veide-net. So vil eg føra honom til Babel, til Kaldæarlandet - men det skal han ikkje sjå - og der skal han døy.
καὶ ἐκπετάσω τὸ δίκτυόν μου ἐπ’ αὐτόν καὶ συλλημφθήσεται ἐν τῇ περιοχῇ μου καὶ ἄξω αὐτὸν εἰς Βαβυλῶνα εἰς γῆν Χαλδαίων καὶ αὐτὴν οὐκ ὄψεται καὶ ἐκεῖ τελευτήσει
14 Og alt som ikring honom er til hjelp og alle hans herflokkar vil eg spreida for alle vindar. Og sverd vil eg draga ut etter deim.
καὶ πάντας τοὺς κύκλῳ αὐτοῦ τοὺς βοηθοὺς αὐτοῦ καὶ πάντας τοὺς ἀντιλαμβανομένους αὐτοῦ διασπερῶ εἰς πάντα ἄνεμον καὶ ῥομφαίαν ἐκκενώσω ὀπίσω αὐτῶν
15 Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg spreider deim millom folki og strår deim ut i landi.
καὶ γνώσονται διότι ἐγὼ κύριος ἐν τῷ διασκορπίσαι με αὐτοὺς ἐν τοῖς ἔθνεσιν καὶ διασπερῶ αὐτοὺς ἐν ταῖς χώραις
16 Men nokre få av deim vil eg leiva etter sverd og svolt og sott, so dei kann fortelja um alle sine styggjor millom folki som dei kjem til, og dei skal sanna at eg er Herren.
καὶ ὑπολείψομαι ἐξ αὐτῶν ἄνδρας ἀριθμῷ ἐκ ῥομφαίας καὶ ἐκ λιμοῦ καὶ ἐκ θανάτου ὅπως ἐκδιηγῶνται πάσας τὰς ἀνομίας αὐτῶν ἐν τοῖς ἔθνεσιν οὗ εἰσήλθοσαν ἐκεῖ καὶ γνώσονται ὅτι ἐγὼ κύριος
17 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
18 Menneskjeson! Et brødet ditt bivrande, og drikk vatnet ditt skjelvande og med hugsott!
υἱὲ ἀνθρώπου τὸν ἄρτον σου μετ’ ὀδύνης φάγεσαι καὶ τὸ ὕδωρ σου μετὰ βασάνου καὶ θλίψεως πίεσαι
19 Og du skal segja til landslyden: So segjer Herren, Herren um deim som bur i Jerusalem, um Israels land: Brødet sitt skal dei eta med hugsott, og vatnet sitt skal dei drikka med fælske, for di deira land skal verta audt og snaudt, av di alle ibuarane for med valdsverk.
καὶ ἐρεῖς πρὸς τὸν λαὸν τῆς γῆς τάδε λέγει κύριος τοῖς κατοικοῦσιν Ιερουσαλημ ἐπὶ τῆς γῆς τοῦ Ισραηλ τοὺς ἄρτους αὐτῶν μετ’ ἐνδείας φάγονται καὶ τὸ ὕδωρ αὐτῶν μετὰ ἀφανισμοῦ πίονται ὅπως ἀφανισθῇ ἡ γῆ σὺν πληρώματι αὐτῆς ἐν ἀσεβείᾳ γὰρ πάντες οἱ κατοικοῦντες ἐν αὐτῇ
20 Og folkerike byar skal verta lagde i øyde, og landet skal verta ei øydemark, og de skal sanna at eg er Herren.
καὶ αἱ πόλεις αὐτῶν αἱ κατοικούμεναι ἐξερημωθήσονται καὶ ἡ γῆ εἰς ἀφανισμὸν ἔσται καὶ ἐπιγνώσεσθε διότι ἐγὼ κύριος
21 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
22 Menneskjeson! Kva er det for eit ordtøke de hev i Israels land, at de segjer: «Dagarne gjeng, og kvar ei syn vert upp i inkje?»
υἱὲ ἀνθρώπου τίς ὑμῖν ἡ παραβολὴ αὕτη ἐπὶ τῆς γῆς τοῦ Ισραηλ λέγοντες μακρὰν αἱ ἡμέραι ἀπόλωλεν ὅρασις
23 Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: Eg vil få burt dette ordtøket, og dei skal aldri meir taka det på si tunga i Israel, men seg med deim: Nær er dagarne komne og sannsegni i kvar ei syn.
διὰ τοῦτο εἰπὸν πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος ἀποστρέψω τὴν παραβολὴν ταύτην καὶ οὐκέτι μὴ εἴπωσιν τὴν παραβολὴν ταύτην οἶκος τοῦ Ισραηλ ὅτι λαλήσεις πρὸς αὐτούς ἠγγίκασιν αἱ ἡμέραι καὶ λόγος πάσης ὁράσεως
24 For no heretter skal det ikkje finnast fåfengd syn og falsk spådom hjå Israels-lyden.
ὅτι οὐκ ἔσται ἔτι πᾶσα ὅρασις ψευδὴς καὶ μαντευόμενος τὰ πρὸς χάριν ἐν μέσῳ τῶν υἱῶν Ισραηλ
25 For eg, Herren, talar det ord eg talar, og det skal setjast i verk, det skal ikkje drygjast lenger ut. For i dykkar dagar, du tråssuge ætt, talar eg eit ord og set det i verk, segjer Herren, Herren.
διότι ἐγὼ κύριος λαλήσω τοὺς λόγους μου λαλήσω καὶ ποιήσω καὶ οὐ μὴ μηκύνω ἔτι ὅτι ἐν ταῖς ἡμέραις ὑμῶν οἶκος ὁ παραπικραίνων λαλήσω λόγον καὶ ποιήσω λέγει κύριος
26 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
27 Menneskjeson! Sjå, Israels-lyden segjer: «Syni han ser, gjeld dagar langt undan, og um ukomne tider spår han.»
υἱὲ ἀνθρώπου ἰδοὺ οἶκος Ισραηλ ὁ παραπικραίνων λέγοντες λέγουσιν ἡ ὅρασις ἣν οὗτος ὁρᾷ εἰς ἡμέρας πολλάς καὶ εἰς καιροὺς μακροὺς οὗτος προφητεύει
28 Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: No heretter skal ikkje noko av mine ord drygjast ut lenger, det ord som eg talar, skal setjast i verk, segjer Herren, Herren.
διὰ τοῦτο εἰπὸν πρὸς αὐτούς τάδε λέγει κύριος οὐ μὴ μηκύνωσιν οὐκέτι πάντες οἱ λόγοι μου οὓς ἂν λαλήσω λαλήσω καὶ ποιήσω λέγει κύριος