< Esekiel 11 >

1 Og åndi lyfte meg og flutte meg åt Øystreporten på Herrens hus, den som snur mot aust. Og sjå, frammed inngangen åt porten var det fem og tjuge mann. Og eg såg midt ibland deim Ja’azanja Azzursson og Pelatja Benajason, hovdingarne for folket.
καὶ ἀνέλαβέν με πνεῦμα καὶ ἤγαγέν με ἐπὶ τὴν πύλην τοῦ οἴκου κυρίου τὴν κατέναντι τὴν βλέπουσαν κατὰ ἀνατολάς καὶ ἰδοὺ ἐπὶ τῶν προθύρων τῆς πύλης ὡς εἴκοσι καὶ πέντε ἄνδρες καὶ εἶδον ἐν μέσῳ αὐτῶν τὸν Ιεζονιαν τὸν τοῦ Εζερ καὶ Φαλτιαν τὸν τοῦ Βαναιου τοὺς ἀφηγουμένους τοῦ λαοῦ
2 Og han sagde til meg: «Menneskjeson! Det er desse menner som tenkjer upp urett og legg meinråder i denne byen.
καὶ εἶπεν κύριος πρός με υἱὲ ἀνθρώπου οὗτοι οἱ ἄνδρες οἱ λογιζόμενοι μάταια καὶ βουλευόμενοι βουλὴν πονηρὰν ἐν τῇ πόλει ταύτῃ
3 Det er dei som segjer: Det ber ikkje snart til med husbyggjing; dette er gryta, og me er kjøtet.»
οἱ λέγοντες οὐχὶ προσφάτως ᾠκοδόμηνται αἱ οἰκίαι αὕτη ἐστὶν ὁ λέβης ἡμεῖς δὲ τὰ κρέα
4 Difor, spå imot deim! spå, du menneskjeson!
διὰ τοῦτο προφήτευσον ἐπ’ αὐτούς προφήτευσον υἱὲ ἀνθρώπου
5 Og Herrens ande fall på meg, og han sagde med meg: «Seg: So segjer Herren: Soleis hev de sagt, Israels-menner, og kva som leikar dykk i hugen, veit eg vel.
καὶ ἔπεσεν ἐπ’ ἐμὲ πνεῦμα κυρίου καὶ εἶπεν πρός με λέγε τάδε λέγει κύριος οὕτως εἴπατε οἶκος Ισραηλ καὶ τὰ διαβούλια τοῦ πνεύματος ὑμῶν ἐγὼ ἐπίσταμαι
6 Mykje folk hev de drepe i denne byen, og de hev fyllt gatorne med drepne.
ἐπληθύνατε νεκροὺς ὑμῶν ἐν τῇ πόλει ταύτῃ καὶ ἐνεπλήσατε τὰς ὁδοὺς αὐτῆς τραυματιῶν
7 Difor, so segjer Herren, Herren: Dei de hev drepe og lagt ned der, dei er kjøtet, og byen er gryta, men dykk skal dei føra ut or honom.
διὰ τοῦτο τάδε λέγει κύριος τοὺς νεκροὺς ὑμῶν οὓς ἐπατάξατε ἐν μέσῳ αὐτῆς οὗτοί εἰσιν τὰ κρέα αὐτὴ δὲ ὁ λέβης ἐστίν καὶ ὑμᾶς ἐξάξω ἐκ μέσου αὐτῆς
8 Sverd ottast de, og sverd vil eg lata koma yver dykk, segjer Herren, Herren.
ῥομφαίαν φοβεῖσθε καὶ ῥομφαίαν ἐπάξω ἐφ’ ὑμᾶς λέγει κύριος
9 Og eg vil føra dykk ut derifrå og gjeva dykk i henderne på framande, og eg vil halda dom yver dykk.
καὶ ἐξάξω ὑμᾶς ἐκ μέσου αὐτῆς καὶ παραδώσω ὑμᾶς εἰς χεῖρας ἀλλοτρίων καὶ ποιήσω ἐν ὑμῖν κρίματα
10 For sverd skal de falla; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk. Og de skal sanna at eg er Herren.
ἐν ῥομφαίᾳ πεσεῖσθε ἐπὶ τῶν ὁρίων τοῦ Ισραηλ κρινῶ ὑμᾶς καὶ ἐπιγνώσεσθε ὅτι ἐγὼ κύριος
11 Han skal ikkje vera gryta åt dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk.
αὐτὴ ὑμῖν οὐκ ἔσται εἰς λέβητα καὶ ὑμεῖς οὐ μὴ γένησθε ἐν μέσῳ αὐτῆς εἰς κρέα ἐπὶ τῶν ὁρίων τοῦ Ισραηλ κρινῶ ὑμᾶς
12 Og de skal sanna at eg er Herren, de som ikkje hev ferdast i mine bod og ikkje gjort etter mine lover; men etter loverne åt heidningfolki som bur rundt ikring dykk, hev de gjort.
καὶ ἐπιγνώσεσθε διότι ἐγὼ κύριος
13 Og det hende medan eg heldt på å spå, at Pelatja Benajason døydde. Då fall eg å gruve på mitt andlit og ropa med sterk røyst: «Å, å! Herre, Herre! Vil du tyna alt som er leivt i Israel?»
καὶ ἐγένετο ἐν τῷ προφητεύειν με καὶ Φαλτιας ὁ τοῦ Βαναιου ἀπέθανεν καὶ πίπτω ἐπὶ πρόσωπόν μου καὶ ἀνεβόησα φωνῇ μεγάλῃ καὶ εἶπα οἴμμοι οἴμμοι κύριε εἰς συντέλειαν σὺ ποιεῖς τοὺς καταλοίπους τοῦ Ισραηλ
14 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
καὶ ἐγένετο λόγος κυρίου πρός με λέγων
15 Menneskjeson! Dine brør, dine brør, dine frendar og all Israels-lyden, alle saman, til deim er det Jerusalems-buarne segjer: «Haldt dykk langt burte frå Herren! Me hev fenge landet til eiga.»
υἱὲ ἀνθρώπου οἱ ἀδελφοί σου καὶ οἱ ἄνδρες τῆς αἰχμαλωσίας σου καὶ πᾶς ὁ οἶκος τοῦ Ισραηλ συντετέλεσται οἷς εἶπαν αὐτοῖς οἱ κατοικοῦντες Ιερουσαλημ μακρὰν ἀπέχετε ἀπὸ τοῦ κυρίου ἡμῖν δέδοται ἡ γῆ εἰς κληρονομίαν
16 Difor, seg: So segjer Herren, Herren: Då eg førde deim langt burt imillom heidningarne og spreidde deim i landi, då vart eg eit lite bil ein heilagdom åt deim i dei landi der dei kom.
διὰ τοῦτο εἰπόν τάδε λέγει κύριος ὅτι ἀπώσομαι αὐτοὺς εἰς τὰ ἔθνη καὶ διασκορπιῶ αὐτοὺς εἰς πᾶσαν τὴν γῆν καὶ ἔσομαι αὐτοῖς εἰς ἁγίασμα μικρὸν ἐν ταῖς χώραις οὗ ἂν εἰσέλθωσιν ἐκεῖ
17 Difor, seg: So segjer Herren, Herren: Eg vil samla dykk frå folki og henta dykk utor landi som de er kringspreidde i, og eg vil gjeva dykk Israels land.
διὰ τοῦτο εἰπόν τάδε λέγει κύριος καὶ εἰσδέξομαι αὐτοὺς ἐκ τῶν ἐθνῶν καὶ συνάξω αὐτοὺς ἐκ τῶν χωρῶν οὗ διέσπειρα αὐτοὺς ἐν αὐταῖς καὶ δώσω αὐτοῖς τὴν γῆν τοῦ Ισραηλ
18 Ja, dit skal dei koma, og dei skal hava burt utor det all ufysna og all styggedomen.
καὶ εἰσελεύσονται ἐκεῖ καὶ ἐξαροῦσιν πάντα τὰ βδελύγματα αὐτῆς καὶ πάσας τὰς ἀνομίας αὐτῆς ἐξ αὐτῆς
19 Og eg vil gjeva deim eitt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inn i deim. Og eg vil taka burt steinhjarta or deira kjøt, og eg vil gjeva deim eit kjøthjarta,
καὶ δώσω αὐτοῖς καρδίαν ἑτέραν καὶ πνεῦμα καινὸν δώσω ἐν αὐτοῖς καὶ ἐκσπάσω τὴν καρδίαν τὴν λιθίνην ἐκ τῆς σαρκὸς αὐτῶν καὶ δώσω αὐτοῖς καρδίαν σαρκίνην
20 so dei skal ferdast i mine bod og halda mine lover og gjera etter deim. So skal dei vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.
ὅπως ἐν τοῖς προστάγμασίν μου πορεύωνται καὶ τὰ δικαιώματά μου φυλάσσωνται καὶ ποιῶσιν αὐτά καὶ ἔσονταί μοι εἰς λαόν καὶ ἐγὼ ἔσομαι αὐτοῖς εἰς θεόν
21 Men dei som let hjarta sitt ferdast etter hjarta åt dei ufyselege og styggjelege avgudarne sine, deira åtferd vil eg leggja på deira hovud, segjer Herren, Herren.»
καὶ εἰς τὴν καρδίαν τῶν βδελυγμάτων αὐτῶν καὶ τῶν ἀνομιῶν αὐτῶν ὡς ἡ καρδία αὐτῶν ἐπορεύετο τὰς ὁδοὺς αὐτῶν εἰς κεφαλὰς αὐτῶν δέδωκα λέγει κύριος
22 Då lyfte kerubarne vengjerne sine, og hjuli fylgde med deim. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim.
καὶ ἐξῆραν τὰ χερουβιν τὰς πτέρυγας αὐτῶν καὶ οἱ τροχοὶ ἐχόμενοι αὐτῶν καὶ ἡ δόξα θεοῦ Ισραηλ ἐπ’ αὐτὰ ὑπεράνω αὐτῶν
23 Og Herrens herlegdom steig upp midt utor byen og stana yver fjellet som er austanfor byen.
καὶ ἀνέβη ἡ δόξα κυρίου ἐκ μέσης τῆς πόλεως καὶ ἔστη ἐπὶ τοῦ ὄρους ὃ ἦν ἀπέναντι τῆς πόλεως
24 Og åndi lyfte meg og førde meg til Kaldæa, til dei burtførde - i syni, ved Guds Ande, hende det. Og upp ifrå meg for syni som eg hadde set.
καὶ ἀνέλαβέν με πνεῦμα καὶ ἤγαγέν με εἰς γῆν Χαλδαίων εἰς τὴν αἰχμαλωσίαν ἐν ὁράσει ἐν πνεύματι θεοῦ καὶ ἀνέβην ἀπὸ τῆς ὁράσεως ἧς εἶδον
25 Og eg tala til dei burtførde alle dei Herrens ord som han hadde synt meg.
καὶ ἐλάλησα πρὸς τὴν αἰχμαλωσίαν πάντας τοὺς λόγους τοῦ κυρίου οὓς ἔδειξέν μοι

< Esekiel 11 >