< Esekiel 10 >
1 Og eg såg, og sjå, på den kvelven som var yver hovudi på kerubarne, var det som ein safirstein, sjåande til på skapnad som ein kongsstol. Ein kunde sjå honom yver deim.
And I looked, and behold, in the expanse that was over the head of the cherubim there appeared above them as it were a sapphire stone, as the appearance of the likeness of a throne.
2 Og han sagde med mannen i linklædnaden: «Gakk inn millom hjuli, inn under keruben, og tak nevarne dine fulle med gløder av deim som er millom kerubarne, og strå deim yver byen!» Og han gjekk medan eg såg på.
And he spoke unto the man clothed with linen, and said, Come in between the wheels, under the cherub, and fill the hollow of thy hands with coals of fire from between the cherubim, and scatter them over the city. And he went in in my sight.
3 Og kerubarne stod på høgre sida åt huset då mannen gjekk inn, og skyi fyllte den indre fyregarden.
And the cherubim stood on the right side of the house, when the man went in; and the cloud filled the inner court.
4 Og Herrens herlegdom lyfte seg frå keruben og burt til dørstokken i huset. Og skyi fyllte huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden.
And the glory of Jehovah mounted up from the cherub, [and came] over the threshold of the house; and the house was filled with the cloud, and the court was full of the brightness of Jehovah's glory.
5 Og ljomen av kerubvengjerne høyrdest alt til den ytre fyregarden, som røysti åt Gud den allmegtige, når han talar.
And the sound of the wings of the cherubim was heard to the outer court, as the voice of the Almighty God when he speaketh.
6 Og det hende, då han baud mannen i linklædnaden og sagde: «Tak eld av den som er millom hjuli, millom kerubarne, » at han gjekk og stana attmed hjulet.
And it came to pass when he had commanded the man clothed with linen, saying, Take fire from between the wheels, from between the cherubim, then he went in, and stood beside the wheel.
7 Og keruben rette ut handi si, millom kerubarne, burtåt elden som var millom kerubarne, og tok og lagde i nevarne på honom i linklædnaden. Og han tok imot og gjekk ut.
And the cherub stretched forth his hand from between the cherubim unto the fire that was between the cherubim, and took and put it into the hands of him [that was] clothed with linen; who took [it], and went out.
8 Og under vengjerne på kerubarne kunde ein sjå eitkvart på skap som ei mannshand.
And there appeared in the cherubim the form of a man's hand under their wings.
9 Og eg såg, og sjå, det var fire hjul på kerubarne, eitt hjul hjå kvar kerub. Og hjuli var sjåande til som krysolit-stein.
And I looked, and behold, four wheels beside the cherubim, one wheel beside one cherub, and another wheel beside another cherub; and the appearance of the wheels was as the look of a chrysolite stone.
10 Alle fire såg likeins ut, og det var nett som eitt hjul skulde vera inni hitt.
And as for their appearance, they four had one likeness, as if a wheel were in the midst of a wheel.
11 Når dei gjekk, gjekk dei til alle fire sidorne; dei snudde seg ikkje når dei gjekk, for til den staden som hovudet snudde, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
When they went, they went upon their four sides; they turned not as they went, but to the place whither the head looked they followed it: they turned not as they went.
12 Og heile deira likam og deira rygg og deira hender og deira vengjer og hjuli var fullsette med augo rundt ikring - dei fire hadde kvar sitt hjul.
And their whole body, and their backs, and their hands, and their wings, and the wheels were full of eyes round about, in them four [and] their wheels.
13 Hjuli, dei vart kalla «kvervel» so eg høyrde på.
As for the wheels, they were called in my hearing, Galgal.
14 Og det var fire andlit på kvar; det fyrste hadde kerub-andlit, og det andre eit mannsandlit, og det tridje eit løve-andlit, og det fjorde eit ørne-andlit.
And every one had four faces: the first face was the face of a cherub, and the second face the face of a man, and the third the face of a lion, and the fourth the face of an eagle.
15 Og kerubarne lyfte seg; det var dei livendi som eg hadde set attmed elvi Kebar.
And the cherubim mounted up. This was the living creature that I saw by the river Chebar.
16 Og når kerubarne gjekk, so gjekk hjuli innmed deim, og når kerubarne lyfte vengjerne sine til å hevja seg upp frå jordi, skilde heller ikkje hjuli seg frå deim.
And when the cherubim went, the wheels went beside them; and when the cherubim lifted up their wings to mount up from the earth, the same wheels also turned not from beside them.
17 Når livendi stod, so stod dei, og når dei lyfte seg, so lyfte dei seg med deim, for åndi åt livendi var i deim.
When they stood, these stood; and when they mounted up, these mounted up with them: for the spirit of the living creature was in them.
18 Og Herrens herlegdom gjekk ut frå dørstokken på huset og stod yver kerubarne.
And the glory of Jehovah departed from over the threshold of the house, and stood over the cherubim.
19 Og kerubarne lyfte vengjerne sine og steig upp frå jordi medan eg såg på, då dei gjekk ut, og hjuli innmed deim. Og dei stana attmed inngangen åt Øystreporten på Herrens hus. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim.
And the cherubim lifted up their wings, and mounted up from the earth in my sight, when they went out; and the wheels were beside them; and they stood at the door of the east gate of Jehovah's house; and the glory of the God of Israel was over them above.
20 Det var dei same livendi som eg hadde set under Israels Gud burtmed elvi Kebar, og eg skyna at det var kerubar.
This is the living creature that I saw under the God of Israel by the river Chebar; and I knew that they were cherubim.
21 Og det var fire andlit på kvart eitt av dei fire, og fire vengjer på kvart eit, og eitkvart på skap som mannehender under vengjerne deira.
Each one had four faces, and every one four wings; and the likeness of the hands of a man was under their wings.
22 Og skapnaden på andliti deira det var dei andliti som eg hadde set attmed elvi Kebar; soleis såg dei ut, og dei var det. Og kvart eitt av deim gjekk beint fram.
And as for the likeness of their faces, they were the faces which I had seen by the river Chebar — their appearance and themselves: they went every one straight before them.