< 2 Mosebok 1 >

1 No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:
以色列的众子,各带家眷,和雅各一同来到埃及。他们的名字记在下面。
2 Ruben og Simeon og Levi og Juda,
有吕便、西缅、利未、犹大、
3 Issakar og Sebulon og Benjamin,
以萨迦、西布伦、便雅悯、
4 Dan, Naftali, Gad og Asser.
但、拿弗他利、迦得、亚设。
5 Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.
凡从雅各而生的,共有七十人。约瑟已经在埃及。
6 Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti.
约瑟和他的弟兄,并那一代的人,都死了。
7 Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.
以色列人生养众多,并且繁茂,极其强盛,满了那地。
8 Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
有不认识约瑟的新王起来,治理埃及,
9 Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.
对他的百姓说:“看哪,这以色列民比我们还多,又比我们强盛。
10 Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!»
来吧,我们不如用巧计待他们,恐怕他们多起来,日后若遇什么争战的事,就连合我们的仇敌攻击我们,离开这地去了。”
11 So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses.
于是埃及人派督工的辖制他们,加重担苦害他们。他们为法老建造两座积货城,就是比东和兰塞。
12 Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket.
只是越发苦害他们,他们越发多起来,越发蔓延;埃及人就因以色列人愁烦。
13 Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg,
埃及人严严地使以色列人做工,
14 og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera.
使他们因做苦工觉得命苦;无论是和泥,是做砖,是做田间各样的工,在一切的工上都严严地待他们。
15 Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:
有希伯来的两个收生婆,一名施弗拉,一名普阿;埃及王对她们说:
16 «Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona, » sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.»
“你们为希伯来妇人收生,看她们临盆的时候,若是男孩,就把他杀了;若是女孩,就留她存活。”
17 Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva.
但是收生婆敬畏 神,不照埃及王的吩咐行,竟存留男孩的性命。
18 Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?»
埃及王召了收生婆来,说:“你们为什么做这事,存留男孩的性命呢?”
19 «Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske, » svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.»
收生婆对法老说:“因为希伯来妇人与埃及妇人不同;希伯来妇人本是健壮的,收生婆还没有到,她们已经生产了。”
20 Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment.
神厚待收生婆。以色列人多起来,极其强盛。
21 Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme.
收生婆因为敬畏 神, 神便叫她们成立家室。
22 Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»
法老吩咐他的众民说:“以色列人所生的男孩,你们都要丢在河里;一切的女孩,你们要存留她的性命。”

< 2 Mosebok 1 >