< 2 Mosebok 2 >
1 So var det ein mann av Levi-ætti som gjekk av og tok seg ei kona, og ho var og av Levi-ætti.
레위 족속 중 한 사람이 가서 레위 여자에게 장가 들었더니
2 Og kvinna vart umhender, og åtte ein son. Ho tykte det var so vent eit barn, og løynde honom i tri månader;
그 여자가 잉태하여 아들을 낳아 그 준수함을 보고 그를 석달을 숨겼더니
3 då kunde ho ikkje få løynt honom lenger. So fann ho ei røyrkista til honom; den brædde ho med jordbik og tjøra, og so lagde ho sveinen upp i, og sette kista i sevet attmed elvebarden;
더 숨길 수 없이 되매 그를 위하여 갈 상자를 가져다가 역청과 나무 진을 칠하고 아이를 거기 담아 하숫가 갈대 사이에 두고
4 og syster hans stod eit stykke undan, og skulde sjå korleis det gjekk med honom.
그 누이가 어떻게 되는 것을 알려고 멀리 섰더니
5 Då kom dotter åt Farao ned åt elvi, og vilde lauga seg, medan møyarne hennar gjekk att og fram på elvbakken. Ho gådde kista i sevet, og sende terna si etter henne.
바로의 딸이 목욕하러 하수로 내려오고 시녀들은 하숫가에 거닐 때에 그가 갈대 사이에 상자를 보고 시녀를 보내어 가져다가
6 So hadde ho upp loket, og såg barnet; «nei sjå!» sagde ho, «ein liten svein som ligg og græt!» Og ho tykte synd i honom og sagde: «Det er eit av hebræarborni: »
열고 그 아이를 보니 아이가 우는지라 그가 불쌍히 여겨 가로되 `이는 히브리 사람의 아이로다'
7 Då sagde syster hans med dotter åt Farao: «Skal eg ganga og finna deg ei hebræarkona som gjev brjost, so ho kann fostra upp barnet for deg?»
그 누이가 바로의 딸에게 이르되 `내가 가서 히브리 여인 중에서 유모를 불러다가 당신을 위하여 이 아이를 젖 먹이게 하리이까?'
8 «Gjer so!» svara kongsdotteri. So gjekk gjenta og henta mor åt barnet.
바로의 딸이 그에게 이르되 `가라' 그 소녀가 가서 아이의 어미를 불러오니
9 Og kongsdotteri sagde til henne: «Tak denne sveinen og fostra honom upp for meg! Eg skal løna deg for det.» So tok kona sveinen, og fostra honom upp.
바로의 딸이 그에게 이르되 `이 아이를 데려다가 나를 위하여 젖을 먹이라 내가 그 삯을 주리라' 여인이 아이를 데려다가 젖을 먹이더니
10 Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdotteri med honom, og han vart som son hennar. Ho kalla han Moses; «for eg hev teke honom upp or vatnet, » sagde ho.
그 아이가 자라매 바로의 딸에게로 데려가니 그의 아들이 되니라 그가 그 이름을 모세라 하여 가로되 `이는 내가 그를 물에서 건져내었음이라' 하였더라
11 So leid tidi fram til Moses var vaksen. Då var det ein gong han gjekk ut til landsmennerne sine, og såg korleis dei laut slita og slæpa, og so fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebræar, ein av landsmennerne hans.
모세가 장성한 후에 한번은 자기 형제들에게 나가서 그 고역함을 보더니 어떤 애굽 사람이 어떤 히브리 사람 곧 자기 형제를 치는 것을 본지라
12 Då såg han vel ikring seg, men vart ikkje var nokon, og so slo han egyptaren i hel, og grov honom ned i sanden.
좌우로 살펴 사람이 없음을 보고 그 애굽 사람을 쳐죽여 모래에 감추니라
13 Den andre dagen gjekk han ut att, og såg tvo hebræarar som heldt på og slost. Då sagde han med den som hadde skuldi: «Kvi slær du landsmannen din?»
이튿날 다시 나가니 두 히브리 사람이 서로 싸우는지라 그 그른 자에게 이르되 `네가 어찌하여 동포를 치느냐?' 하매
14 «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?» svara han; «tenkjer du på å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses rædd, og sagde med seg sjølv: «Hev det alt kome upp!»
그가 가로되 `누가 너로 우리의 주재와 법관을 삼았느냐? 네가 애굽 사람을 죽임같이 나도 죽이려느냐?' 모세가 두려워하여 가로되 `일이 탄로되었도다'
15 Då Farao fekk spurt det, freista han å få drepe Moses. Men Moses rømde for Farao, og stana ikkje fyrr han var i Midjanlandet; der sette han seg ned attmed ein brunn.
바로가 이 일을 듣고 모세를 죽이고자 하여 찾은지라 모세가 바로의 낯을 피하여 미디안 땅에 머물며 하루는 우물 곁에 앉았더라
16 Presten i Midjan hadde sju døtter; og dei kom og auste upp vatn, og fyllte trørne, og vilde brynna småfeet åt far sin.
미디안 제사장에게 일곱 딸이 있더니 그들이 와서 물을 길어 구유에 채우고 그 아비의 양무리에게 먹이려 하는데
17 Men so kom det nokre hyrdingar og jaga deim ifrå. Då reis Moses upp og hjelpte deim, og brynnte buskapen deira.
목자들이 와서 그들을 쫓는지라 모세가 일어나 그들을 도와 그 양무리에게 먹이니라
18 Då dei kom heim att til Re’uel, far sin, sagde han: «Korleis hev det seg at de kjem so tidleg i dag?»
그들이 그 아비 르우엘에게 이를 때에 아비가 가로되 `너희가 오늘은 어찌하여 이같이 속히 돌아오느냐?'
19 «Ein egyptar kom og hjelpte oss mot hyrdingarne, » svara dei; «og so auste han upp vatn for oss, og brynnte buskapen.»
그들이 가로되 `한 애굽 사람이 우리를 목자들의 손에서 건져내고 우리를 위하여 물을 길어 양무리에게 먹였나이다'
20 Då sagde Re’uel med døtterne sine: «Kvar er han so? Kvi let de då mannen vera att ute? Bed honom inn, so han kann få seg mat!»
아비가 딸들에게 이르되 `그 사람이 어디 있느냐? 너희가 어찌하여 그 사람을 버리고 왔느냐? 그를 청하여 음식으로 대접하라' 하였더라
21 Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si.
모세가 그와 동거하기를 기뻐하매 그가 그 딸 십보라를 모세에게 주었더니
22 Ho åtte ein son, og Moses kalla honom Gersom; «for eg hev fenge heimvist i eit framandt land, » sagde han.
그가 아들을 낳으매 모세가 그 이름을 게르솜이라 하여 가로되 `내가 타국에서 객이 되었음이라' 하였더라
23 Som no dagarne leid og tidi skreid, so døydde kongen i Egyptarland. Men Israels-folket sukka for trældomen og let ille, og naudropi deira steig upp til Gud.
여러 해 후에 애굽 왕은 죽었고 이스라엘 자손은 고역으로 인하여 탄식하며 부르짖으니 그 고역으로 인하여 부르짖는 소리가 하나님께 상달한지라
24 Og Gud høyrde korleis dei sukka og stunde, og Gud mintest sambandet sitt med Abraham og Isak og Jakob.
하나님이 그 고통 소리를 들으시고 아브라함과 이삭과 야곱에게 세운 그 언약을 기억하사
25 For Gud hadde auga med Israels-borni, og Gud visste korleis til stod.
이스라엘 자손을 권념하셨더라