< Esters 7 >

1 So kom då kongen og Haman til drikkelaget hjå dronning Ester.
王とハマンは王妃エステルの酒宴に臨んだ。
2 Då dei sat og drakk vin, spurde kongen Ester sameleis andre dagen: «Kva er di bøn, dronning Ester? Du skal få det du bed um. Kva er ditt ynskje? Um det vore helvti av riket, so skal det løyvast deg.»
このふつか目の酒宴に王はまたエステルに言った、「王妃エステルよ、あなたの求めることは何か。必ず聞かれる。あなたの願いは何か。国の半ばでも聞きとどけられる」。
3 Då svara dronning Ester: «Hev eg funne nåde i kongens augo, og det tekkjest kongen soleis, så unn meg mitt liv på mi bøn og mitt folk på mitt ynskje!
王妃エステルは答えて言った、「王よ、もしわたしが王の目の前に恵みを得、また王がもしよしとされるならば、わたしの求めにしたがってわたしの命をわたしに与え、またわたしの願いにしたがってわたしの民をわたしに与えてください。
4 For me er selde, eg og folket mitt, til å verta utrudde, drepne og tynte. Hadde me vorte selde til trælar og trælkvinnor, då skulde eg tagt; for den ulukka vilde ikkje vore so stor at det var verdt å bry kongen.»
わたしとわたしの民は売られて滅ぼされ、殺され、絶やされようとしています。もしわたしたちが男女の奴隷として売られただけなら、わたしは黙っていたでしょう。わたしたちの難儀は王の損失とは比較にならないからです」。
5 Då spurde kong Ahasveros dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han, den som hev våga seg til å gjera sovore?»
アハシュエロス王は王妃エステルに言った、「そんな事をしようと心にたくらんでいる者はだれか。またどこにいるのか」。
6 Ester svara: «Det er ein illtenkt mann, ein fiendesmann, den vonde Haman, som sit der.» Då vart Haman forfærd for kongen og dronningi.
エステルは言った、「そのあだ、その敵はこの悪いハマンです」。そこでハマンは王と王妃の前に恐れおののいた。
7 Kongen reis upp i harm frå drikkelaget og gjekk ut i slottshagen. Haman drygde, vilde tigga dronning Ester um livet; han skyna kongen var fast på å føra honom i ulukka.
王は怒って酒宴の席を立ち、宮殿の園へ行ったが、ハマンは残って王妃エステルに命ごいをした。彼は王が自分に害を加えようと定めたのを見たからである。
8 Kongen kom attende til drikkelaget frå slottshagen og såg Haman liggja yver kvilebenken som Ester sat på. «Vil du, » ropa kongen, «jamvel her inne i mitt nærvære taka dronningi med vald?» Snaudt var ordi slopne utor munnen på kongen fyrr dei sveipte inn andlitet på Haman.
王が宮殿の園から酒宴の場所に帰ってみると、エステルのいた長いすの上にハマンが伏していたので、王は言った、「彼はまたわたしの家で、しかもわたしの前で王妃をはずかしめようとするのか」。この言葉が王の口から出たとき、人々は、ハマンの顔をおおった。
9 Harbona, ein av hirdmennerne som gjorde tenesta hjå kongen, sagde: «Attmed huset åt Haman stend det alt ein galge, femti alner høg; den let Haman reisa åt Mordokai, som med sine ord gjorde kongen gagn.» «Heng honom der!» sagde kongen.
その時、王に付き添っていたひとりの侍従ハルボナが「王のためによい事を告げたあのモルデカイのためにハマンが用意した高さ五十キュビトの木がハマンの家に立っています」と言ったので、王は「彼をそれに掛けよ」と言った。
10 So hengde dei Haman upp i den galgen han hadde reist åt Mordokai. Og kongens harm gav seg att.
そこで人々はハマンをモルデカイのために備えてあったその木に掛けた。こうして王の怒りは和らいだ。

< Esters 7 >