< Predikerens 5 >

1 Agta foten din når du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein held seg nær og høyrer enn at dårar ber fram slagtoffer; for dei gjer vondt av di dei ikkje veit.
汝ヱホバの室にいたる時にはその足を愼め 進みよりて聴聞は愚なる者の犠牲にまさる 彼等はその惡をおこなひをることを知ざるなり
2 Ver ikkje bråfus med munnen din, og lat ikkje hjarta forhasta seg med å bera fram noko ord for Gud! For Gud er i himmelen og du på jordi, lat difor ordi dine vera få!
汝神の前にありては軽々し口を開くなかれ 心を攝めて妄に言をいだすなかれ 其は神は天にいまし汝は地にをればなり 然ば汝言詞を少からしめよ
3 For draumar kjem av mykje mas, og dåresvall av mange ord.
夫夢は事の繁多によりて生じ 愚なる者の聲は言の衆多によりて識るなり
4 Lovar du Gud noko, so dryg ikkje med å halda det, for han likar ikkje dårar. Haldt det du lovar!
汝神に誓願をかけなば之を還すことを怠るなかれ 神は愚なる者を悦びたまはざるなり 汝はそのかけし誓願を還すべし
5 Det er betre at du inkje lovar enn at du lovar og ikkje held det.
誓願をかけてこれを還さざるよりは寧ろ誓願をかけざるは汝に善し
6 Lat ikkje munnen føra skuld yver kroppen, og seg ikkje til sendebodet: «Eg forrende meg!» Kvifor skal Gud harmast på det du segjer og tyna det som henderne dine gjer.
汝の口をもて汝の身に罪を犯さしむるたかれ 亦使者の前に其は過誤なりといふべからず 恐くは神汝の言を怒り汝の手の所爲を滅したまはん
7 For med mange draumar fylgjer mykje fåfengd, og like eins med mange ord. Nei, du skal ottast Gud.
夫夢多ければ空たる事多し 言詞の多きもまた然り 汝ヱホバを畏め
8 Um du ser at fatigmannen ligg under trykk, og at dei ranar rett og rettferd i landet, so undrast ikkje på den ting! For den eine høgsette lurer på den andre, og dei hev høgsette yver seg.
汝國の中に貧き者を虐遇る事および公道と公義を枉ることあるを見るもその事あるを怪むなかれ 其はその位高き人よりも高き者ありてその人を伺へばなり又其等よりも高き者あるなり
9 Det er i alle høve ein fyremun for eit land: Ein konge som fremjar jordbruk.
國の利益は全く是にあり 即ち王者が農事に勤むるにあるなり
10 Den som elskar pengar, vert ikkje mett av pengar, og den som elskar rikdom, fær ingi vinning. Det er fåfengd det og.
銀を好む者は銀に飽こと無し 豊富ならんことを好む者は得るところ有らず 是また空なり
11 Di meir gods, di fleire til å tæra på det. Kva gagn hev eigaren av det anna enn augnesyn?
貨財増せばこれを食む者も増すなり その所有主は唯日にこれを看るのみ その外に何の益かあらん
12 Søt er svevnen for arbeidsmannen, anten han et lite eller mykje; men rikmannen fær ikkje sova for mette.
労する者はその食ふところは多きも少きも快く睡るなり 然れども富者はその貨財の多きがために睡ることを得せず
13 Det finst noko syrgjeleg leidt som eg hev set under soli: Rikdom som eigaren hev spart upp til si eigi ulukka.
我また日の下に患の大なる者あるを見たり すなはち財寶のこれを蓄ふる者の身に害をおよぼすことある是なり
14 Misser han denne rikdomen i eit uhende, og han hev fenge ein son, so eig han ingen ting.
その財寶はまた災難によりて失落ことあり 然ばその人子を挙ることあらんもその手には何物もあることなし
15 Slik som han kom ut or morslivet, skal han ganga burt att, so naken som han kom, og for strævet sitt fær han ingen ting som han kunde taka med seg.
人は母の胎より出て釆りしごとくにまた裸體にして皈りゆくべし その労苦によりて得たる者を毫厘も手にとりて携へゆくことを得ざるなり
16 Det og er syrgjeleg leidt: Just slik som han kom, skal han ganga burt; kva vinning hev han då av det at han strævar burt i vind og vær?
人は全くその來りしごとくにまた去ゆかざるを得ず 是また患の大なる者なり 抑風を追て労する者何の益をうること有んや
17 Attpå tærer han sitt heile sitt liv i myrker, og stor harm lyt han dragast med, og so hans sjukdom og sinne!
人は生命の涯黒暗の中に食ふことを爲す また憂愁多かり 疾病身にあり 憤怒あり
18 Høyr no kva eg hev funne godt og fagert: At ein et og drikk og nyt det som godt er i all den møda som han mødest med under soli alle dei livedagar som Gud gjev honom; for det er hans lut.
視よ我は斯観たり 人の身にとりて善かつ美なる者は 神にたまはるその生命の極食飮をなし 且その日の下に労して働ける労苦によりて得るところの福禄を身に享るの事なり是その分なればなり
19 Og so tidt Gud gjev ein mann rikdom og skattar og attpå gjer honom før til å njota godt av det og taka sin lut og gleda seg i møda si, so er det ei gåva frå Gud.
何人によらず神がこれに富と財を與へてそれに食ことを得せしめ またその分を取りその労苦によりて快樂を得ることをせさせたまふあれば その事は神の賜物たるなり
20 For då tenkjer han ikkje so mykje på livedagarne sine, av di Gud gjev honom nok å gjera med hjartegleda hans.
かかる人はその年齢の日を憶ゆること深からず 其は神これが心の喜ぶところにしたがひて應ることを爲したまへばなり

< Predikerens 5 >