< Daniel 6 >

1 Og Darius fann for godt å setja eit hundrad og tjuge satrapar yver riket, so det alle stadar i riket skulde vera slike å finna.
大流士隨心所願,立一百二十個總督,治理通國。
2 Og yver deim sette han tri riksrådar, og av deim var Daniel den eine; for deim skulde satraparne gjera rekneskap, so kongen ingen skade leid.
又在他們以上立總長三人(但以理在其中),使總督在他們三人面前回覆事務,免得王受虧損。
3 Men Daniel merkte seg ut framfor hine riksrådarne og satraparne, for det var ei makelaus ånd i honom, og kongen tenkte på å setja honom yver heile riket.
因這但以理有美好的靈性,所以顯然超乎其餘的總長和總督,王又想立他治理通國。
4 Då søkte dei andre riksrådarne og satraparne å finna ei sak imot Daniel i det som kom riksstyringi ved. Men dei kunde ingi sovore sak finna, eller noko som var rangt, med di han var trugen i tenesta si; ingi misferd og inkje rangt var å finna hjå honom.
那時,總長和總督尋找但以理誤國的把柄,為要參他;只是找不着他的錯誤過失,因他忠心辦事,毫無錯誤過失。
5 Då sagde mennerne: «Me finn ikkje nokor sak imot denne Daniel, minder det skulde lata seg gjera å finna noko i gudsdyrkingi hans.»
那些人便說:「我們要找參這但以理的把柄,除非在他上帝的律法中就尋不着。」
6 Etter dette styrmde desse riksrådarne og satraparne inn til kongen og sagde soleis til honom: «Kong Darius live æveleg!
於是,總長和總督紛紛聚集來見王,說:「願大流士王萬歲!
7 Alle riksrådarne og jarlarne og satraparne, rådsherrarne og landshovdingarne i riket hev samrådt seg um at eit kongelegt påbod burde verta gjeve, og eit forbod ferda ut, at kven det er som i tretti dagar heldt si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi.
國中的總長、欽差、總督、謀士,和巡撫彼此商議,要立一條堅定的禁令,三十日內,不拘何人,若在王以外,或向神或向人求甚麼,就必扔在獅子坑中。
8 So lat det no, konge, verta ferda ut eit forbod, og lat det setja upp skriftleg, so det ikkje kann takast attende, etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.»
王啊,現在求你立這禁令,加蓋玉璽,使禁令決不更改;照米底亞和波斯人的例是不可更改的。」
9 I samhøve med dette let kong Darius eit skriv setja upp og eit forbod ferda ut.
於是大流士王立這禁令,加蓋玉璽。
10 Men so snart Daniel hadde fenge visst at skrivet var uppsett, gjekk han inn i huset sitt; der hadde han på den øvre salen sin vindaugo som var opne mot Jerusalem. Der fall han tri gonger um dagen på kne og bad og takka Gud, soleis som han fyrr hadde vore van til å gjera.
但以理知道這禁令蓋了玉璽,就到自己家裏(他樓上的窗戶開向耶路撒冷),一日三次,雙膝跪在他上帝面前,禱告感謝,與素常一樣。
11 Då styrmde mennerne inn, og dei fann Daniel, som bad og kalla på sin Gud.
那些人就紛紛聚集,見但以理在他上帝面前祈禱懇求。
12 Sidan gjekk dei til kongen og spurde honom um det kongelege forbodet: «Hev du ikkje late setja upp eit forbod, at kven det er som i tretti dagar held si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi?» Kongen svara: «Jau, og det ordet stend fast etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.»
他們便進到王前,提王的禁令,說:「王啊,三十日內不拘何人,若在王以外,或向神或向人求甚麼,必被扔在獅子坑中。王不是在這禁令上蓋了玉璽嗎?」王回答說:「實有這事,照米底亞和波斯人的例是不可更改的。」
13 Då svara dei og sagde til kongen: «Daniel, ein av dei jødiske fangarne, agtar korkje på deg eller på det forbodet som du hev late setja upp, men held si bøn tri gonger um dagen.»
他們對王說:「王啊,那被擄之猶大人中的但以理不理你,也不遵你蓋了玉璽的禁令,他竟一日三次祈禱。」
14 Då kongen høyrde dette, vart han svært sorgfull, og gjorde seg sut for korleis han skulde kunna berga Daniel; alt til soleglad mødde han seg med å leita etter ein utveg til å hjelpa honom.
王聽見這話,就甚愁煩,一心要救但以理,籌劃解救他,直到日落的時候。
15 Då styrmde mennerne inn til kongen og sagde til honom: «Kongen må vita at det er ei lov hjå medararne og persararne, at ikkje noko forbod eller påbod som kongen ferdar ut, kann brigdast.»
那些人就紛紛聚集來見王,說:「王啊,當知道米底亞人和波斯人有例,凡王所立的禁令和律例都不可更改。」
16 Då baud kongen at dei skulde henta Daniel og kasta honom i løvegropi; og kongen tala til Daniel og sagde: «Guden din, som du so ideleg dyrkar, han frelsa deg!»
王下令,人就把但以理帶來,扔在獅子坑中。王對但以理說:「你所常事奉的上帝,他必救你。」
17 Og dei fann fram ein stein og lagde den yver gropsmunnen, og kongen innsigla honom med sitt eige innsigle og innsiglet åt stormennerne sine, so det ikkje skulde verta gjort noko um att i det som hadde hendt med Daniel.
有人搬石頭放在坑口,王用自己的璽和大臣的印,封閉那坑,使懲辦但以理的事毫無更改。
18 Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt, og han fasta heile natti og let ingi kvinnor koma inn til seg; og han fekk ikkje blund på augo.
王回宮,終夜禁食,無人拿樂器到他面前,並且睡不着覺。
19 Sidan um morgonen, i lysingi, reis kongen upp og skunda seg til løvegropi.
次日黎明,王就起來,急忙往獅子坑那裏去。
20 Og då han var nær burt åt gropi komen, ropa han på Daniel med sorgfull røyst. Kongen tok til ords og sagde til Daniel: «Daniel, du tenar åt den levande Gud, må tru Guden din, den som du so ideleg dyrkar, hev kunna berga deg frå løvorne?»
臨近坑邊,哀聲呼叫但以理,對但以理說:「永生上帝的僕人但以理啊,你所常事奉的上帝能救你脫離獅子嗎?」
21 Då svara Daniel kongen: «Kongen live æveleg!
但以理對王說:「願王萬歲!
22 Min Gud hev sendt engelen sin til å lata att løvemunnarne, so dei ingen skade hev gjort meg. For eg er funnen saklaus for honom; og ikkje heller hev eg forbrote meg mot deg, konge.»
我的上帝差遣使者,封住獅子的口,叫獅子不傷我;因我在上帝面前無辜,我在王面前也沒有行過虧損的事。」
23 Då vart kongen ovleg glad, og baud at dei skulde taka Daniel upp or gropi. Og då Daniel var teken upp or gropi, kunde dei ingen skade finna på honom; for han hadde trutt på sin Gud.
王就甚喜樂,吩咐人將但以理從坑裏繫上來。於是但以理從坑裏被繫上來,身上毫無傷損,因為信靠他的上帝。
24 Sida baud kongen, og dei henta dei mennerne som hadde klaga Daniel, og kasta deim og borni og konorne deira i løvegropi; og endå fyrr dei var til botnar komne, rauk løvorne på deim og krasa kvart beinet i deim.
王下令,人就把那些控告但以理的人,連他們的妻子兒女都帶來,扔在獅子坑中。他們還沒有到坑底,獅子就抓住他們,咬碎他們的骨頭。
25 Etter dette skreiv kong Darius til alle folk og ætter og tungemål som fanst på heile jordi: «Heil og sæl!
那時,大流士王傳旨,曉諭住在全地各方、各國、各族的人說:「願你們大享平安!
26 Hermed gjev eg det bodet at i heile mitt rike skal folk skjelva og ottast for Daniels Gud. For han er den livande Gud, som skal vera i all æva; og riket hans er eit som ikkje kann øydast, og veldet hans varer alt til enden.
現在我降旨曉諭我所統轄的全國人民,要在但以理的上帝面前,戰兢恐懼。 因為他是永遠長存的活上帝, 他的國永不敗壞; 他的權柄永存無極!
27 Han frelsar og friar ut, han gjer teikn og under i himmelen og på jordi, han som hev frelst Daniel or løve-vald.»
他護庇人,搭救人, 在天上地下施行神蹟奇事, 救了但以理脫離獅子的口。」
28 Og denne Daniel steig i æra og magt i styringstidi åt Darius og persaren Kyrus.
如此,這但以理,當大流士王在位的時候和波斯王塞魯士在位的時候,大享亨通。

< Daniel 6 >