< Amos 8 >

1 Soleis let Herren, Herren meg sjå: Der stod ei korg med mogi frukt.
Thus the Lord GOD showed me; and behold a basket of summer fruit.
2 Og han sagde: «Kva er det du ser, Amos?» Eg svara: «Ei korg med mogi frukt.» Og Herren sagde: «Haust-moge er mitt folk Israel. Eg vil’kje bera yver med det meir.
And He said: 'Amos, what seest thou?' And I said: 'A basket of summer fruit.' Then said the LORD unto me: The end is come upon My people Israel; I will not again pardon them any more.
3 Og slotts-songarn’ yling vert på dagen den, » segjer Herren, Herren. Lik er i mengd kvar ein stad stilt slengde av.
And the songs of the palace shall be wailings in that day, saith the Lord GOD; the dead bodies shall be many; in every place silence shall be cast.
4 Høyr dette, de som snikjer etter fatigmann, de som tynar småfolk i landet,
Hear this, O ye that would swallow the needy, and destroy the poor of the land,
5 De som segjer: «Når er nymåne-helgi slutt, so me kann få kornet vårt selja, og sabbaten, so me inn i kornburet slepp og kann minka vårt mål og auka vår pris og driva fusk med vegti,
Saying: 'When will the new moon be gone, that we may sell grain? and the sabbath, that we may set forth corn? making the ephah small, and the shekel great, and falsifying the balances of deceit;
6 Og armingen kjøpa for gull og stakaren for eit par skor, og so lata deim lettkornet få?»
That we may buy the poor for silver, and the needy for a pair of shoes, and sell the refuse of the corn?'
7 Ved Jakobs byrgskap Herren svor: Aldri skal alt dykkar verk verta gløymt.
The LORD hath sworn by the pride of Jacob: Surely I will never forget any of their works.
8 Skulde’kje for slikt då skjelva jordi og heile mannheimen syrgja, og reint gå i flaum som Nilen, stiga og falla som Egyptarelvi?
Shall not the land tremble for this, and every one mourn that dwelleth therein? Yea, it shall rise up wholly like the River; and it shall be troubled and sink again, like the River of Egypt.
9 Og det hender på dagen den, segjer Herren, Herren, ved høgstdags bil let eg sol gå ned, og jordi skal myrkna på ljosan dag.
And it shall come to pass in that day, saith the Lord GOD, that I will cause the sun to go down at noon, and I will darken the earth in the clear day.
10 Dykkar helgar eg vendar til sorg, alle visor til syrgjesongar. Og sekk eg sveipar um kvar ei lend, gjer fleinskallut kvar ein haus, veld sorg som for einaste barn, gjer enden til ein uheils dag.
And I will turn your feasts into mourning, and all your songs into lamentation; and I will bring up sackcloth upon all loins, and baldness upon every head; and I will make it as the mourning for an only son, and the end thereof as a bitter day.
11 Sjå, dagar det koma skal, segjer Herren, Herren, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød, ikkje torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord.
Behold, the days come, saith the Lord GOD, that I will send a famine in the land, not a famine of bread, nor a thirst for water, but of hearing the words of the LORD.
12 Og dei fer ifrå hav til hav, og dei sviv ifrå nord til aust, og dei leitar etter Herrens ord, men dei finn det ikkje.
And they shall wander from sea to sea, and from the north even to the east; they shall run to and fro to seek the word of the LORD, and shall not find it.
13 På den dagen skal fagre møyar og unge menn av torsten tynast,
In that day shall the fair virgins and the young men faint for thirst.
14 Dei som sver ved Samarias synd, og som segjer: «So sant din Gud liver, Dan, og so sant Be’ersebas vis liver.» Dei sig ned og ris aldri upp meir.
They that swear by the sin of Samaria, and say: 'As thy God, O Dan, liveth'; and: 'As the way of Beer-sheba liveth'; even they shall fall, and never rise up again.

< Amos 8 >