< 2 Korintierne 4 >
1 Difor, då me hev denne tenesta, etter som me hev fenge miskunn, so misser me ikkje modet,
2 men me hev avsagt dei skamlege løynvegar og gjeng ikkje fram med svikråd eller forfalskar Guds ord, men ved å kunngjera sanningi steller me oss fram for alle manns samvit for Guds åsyn.
3 Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom deim som vert fortapte,
4 dei som guden til denne verdi hev blinda den vantruande hugen på, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilæte, ikkje skal skina for deim. (aiōn )
5 For ikkje oss sjølve forkynnar me, men Kristus Jesus som Herre, men oss sjølve som dykkar tenarar for Jesu skuld.
6 For Gud, som sagde at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss.
7 Men me hev denne skatten i leirkjerald, so den rike krafti skal vera av Gud og ikkje av oss,
8 med di me stødt er i trengsla, men ikkje i stengsla, tvilande, men ikkje mistvilande,
9 forfylgde, men ikkje uppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte,
10 alltid berande Jesu daude med oss i likamen, at og Jesu liv må verta openberra i vår likam;
11 for endå medan me liver, vert me alltid yvergjevne til dauden for Jesu skuld, at og Jesu liv må verta openberra i vårt døyelege kjøt.
12 Soleis er då dauden verksam i oss, men livet i dykk.
13 Men då me hev den same Ande med trui - etter det som stend skrive: «Eg trudde, difor tala eg» - so trur me og, difor talar me og,
14 då me veit, at han som vekte upp Herren Jesus, skal og vekkja oss upp med Jesus og stella oss fram med dykk.
15 For det hender alt for dykkar skuld, so nåden kann vinna so mange fleire og verka rikleg takk til Guds æra.
16 Difor misser me ikkje modet, men um og vårt ytre menneskje gjeng til grunns, so vert då det indre uppnya dag etter dag.
17 For vår kortvarande og lette trengsla verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål, (aiōnios )
18 med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timelegt, men det usynlege ævelegt. (aiōnios )