< 1 Kongebok 9 >

1 Då Salomo no hadde gjort ifrå seg byggjearbeidet med Herrens hus og kongshuset og alt det andre som han hadde hug og lyst til å få gjort,
καὶ ἐγενήθη ὡς συνετέλεσεν Σαλωμων οἰκοδομεῖν τὸν οἶκον κυρίου καὶ τὸν οἶκον τοῦ βασιλέως καὶ πᾶσαν τὴν πραγματείαν Σαλωμων ὅσα ἠθέλησεν ποιῆσαι
2 synte Herren seg for Salomo andre gongen, liksom han hadde synt seg for honom i Gibeon.
καὶ ὤφθη κύριος τῷ Σαλωμων δεύτερον καθὼς ὤφθη ἐν Γαβαων
3 Og Herren sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og di audmjuke påkalling som du hev sendt upp til meg; huset du hev bygt, hev eg helga til å bera namnet mitt i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.
καὶ εἶπεν πρὸς αὐτὸν κύριος ἤκουσα τῆς φωνῆς τῆς προσευχῆς σου καὶ τῆς δεήσεώς σου ἧς ἐδεήθης ἐνώπιον ἐμοῦ πεποίηκά σοι κατὰ πᾶσαν τὴν προσευχήν σου ἡγίακα τὸν οἶκον τοῦτον ὃν ᾠκοδόμησας τοῦ θέσθαι τὸ ὄνομά μου ἐκεῖ εἰς τὸν αἰῶνα καὶ ἔσονται οἱ ὀφθαλμοί μου ἐκεῖ καὶ ἡ καρδία μου πάσας τὰς ἡμέρας
4 Ferdast du no for mi åsyn liksom David, far din, ferdast, i hjartans reinleik og i ærlegdom, so du gjer alt det som eg hev sagt deg fyre, held loverne og rettarne mine,
καὶ σὺ ἐὰν πορευθῇς ἐνώπιον ἐμοῦ καθὼς ἐπορεύθη Δαυιδ ὁ πατήρ σου ἐν ὁσιότητι καρδίας καὶ ἐν εὐθύτητι καὶ τοῦ ποιεῖν κατὰ πάντα ἃ ἐνετειλάμην αὐτῷ καὶ τὰ προστάγματά μου καὶ τὰς ἐντολάς μου φυλάξῃς
5 då skal eg halda uppe kongsstolen din i Israel æveleg, soleis som lovnaden min lydde til David, far din: «Aldri skal du vanta ein mann på Israels kongsstol.»
καὶ ἀναστήσω τὸν θρόνον τῆς βασιλείας σου ἐπὶ Ισραηλ εἰς τὸν αἰῶνα καθὼς ἐλάλησα τῷ Δαυιδ πατρί σου λέγων οὐκ ἐξαρθήσεταί σοι ἀνὴρ ἡγούμενος ἐν Ισραηλ
6 Men dersom de og borni dykkar snur meg ryggen og ikkje held bodi mine, loverne mine som eg hev lagt fram for dykk, men gjeng av stad og dyrkar andre gudar og bed til deim,
ἐὰν δὲ ἀποστραφέντες ἀποστραφῆτε ὑμεῖς καὶ τὰ τέκνα ὑμῶν ἀπ’ ἐμοῦ καὶ μὴ φυλάξητε τὰς ἐντολάς μου καὶ τὰ προστάγματά μου ἃ ἔδωκεν Μωυσῆς ἐνώπιον ὑμῶν καὶ πορευθῆτε καὶ δουλεύσητε θεοῖς ἑτέροις καὶ προσκυνήσητε αὐτοῖς
7 so vil eg rydja Israel ut or det landet eg hev gjeve deim; det huset eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja ifrå mi åsyn, og Israel skal verta eit ordtøke og ei spott millom alle folk.
καὶ ἐξαρῶ τὸν Ισραηλ ἀπὸ τῆς γῆς ἧς ἔδωκα αὐτοῖς καὶ τὸν οἶκον τοῦτον ὃν ἡγίασα τῷ ὀνόματί μου ἀπορρίψω ἐκ προσώπου μου καὶ ἔσται Ισραηλ εἰς ἀφανισμὸν καὶ εἰς λάλημα εἰς πάντας τοὺς λαούς
8 Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
καὶ ὁ οἶκος οὗτος ὁ ὑψηλός πᾶς ὁ διαπορευόμενος δῑ αὐτοῦ ἐκστήσεται καὶ συριεῖ καὶ ἐροῦσιν ἕνεκα τίνος ἐποίησεν κύριος οὕτως τῇ γῇ ταύτῃ καὶ τῷ οἴκῳ τούτῳ
9 då skal dei svara: «For di dei vende seg ifrå Herren, sin Gud, han som hadde ført federne deira ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar, bad til deim og tente deim, difor hev Herren late alt dette vonde koma yver deim.»»
καὶ ἐροῦσιν ἀνθ’ ὧν ἐγκατέλιπον κύριον θεὸν αὐτῶν ὃς ἐξήγαγεν τοὺς πατέρας αὐτῶν ἐξ Αἰγύπτου ἐξ οἴκου δουλείας καὶ ἀντελάβοντο θεῶν ἀλλοτρίων καὶ προσεκύνησαν αὐτοῖς καὶ ἐδούλευσαν αὐτοῖς διὰ τοῦτο ἐπήγαγεν κύριος ἐπ’ αὐτοὺς τὴν κακίαν ταύτην τότε ἀνήγαγεν Σαλωμων τὴν θυγατέρα Φαραω ἐκ πόλεως Δαυιδ εἰς οἶκον αὐτοῦ ὃν ᾠκοδόμησεν ἑαυτῷ ἐν ταῖς ἡμέραις ἐκείναις
10 Då no tjuge år var lidne, og Salomo hadde bygt dei tvo husi, Herrens hus og kongshuset,
εἴκοσι ἔτη ἐν οἷς ᾠκοδόμησεν Σαλωμων τοὺς δύο οἴκους τὸν οἶκον κυρίου καὶ τὸν οἶκον τοῦ βασιλέως
11 og Hiram, kongen i Tyrus, hadde hjelpt Salomo med cedertre og cypresstre og alt det gull han ynskte, so gav kong Salomo Hiram tjuge byar i Galilæa-landet.
Χιραμ βασιλεὺς Τύρου ἀντελάβετο τοῦ Σαλωμων ἐν ξύλοις κεδρίνοις καὶ ἐν ξύλοις πευκίνοις καὶ ἐν χρυσίῳ καὶ ἐν παντὶ θελήματι αὐτοῦ τότε ἔδωκεν ὁ βασιλεὺς τῷ Χιραμ εἴκοσι πόλεις ἐν τῇ γῇ τῇ Γαλιλαίᾳ
12 Og Hiram tok ut ifrå Tyrus, og vilde sjå på dei byarne som Salomo hadde gjeve honom; men han lika deim ikkje.
καὶ ἐξῆλθεν Χιραμ ἐκ Τύρου καὶ ἐπορεύθη εἰς τὴν Γαλιλαίαν τοῦ ἰδεῖν τὰς πόλεις ἃς ἔδωκεν αὐτῷ Σαλωμων καὶ οὐκ ἤρεσαν αὐτῷ
13 Og han sagde: «Kva er dette for byar du hev gjeve meg, bror min?» Og han gav deim namnet Kabulslandet, som dei og hev heitt til denne dag.
καὶ εἶπεν τί αἱ πόλεις αὗται ἃς ἔδωκάς μοι ἀδελφέ καὶ ἐκάλεσεν αὐτάς ὅριον ἕως τῆς ἡμέρας ταύτης
14 Men Hiram sende kongen tri hundrad vågar gull.
καὶ ἤνεγκεν Χιραμ τῷ Σαλωμων ἑκατὸν καὶ εἴκοσι τάλαντα χρυσίου
15 Det hadde seg soleis med det arbeidsfolk som kong Salomo tok ut til byggjearbeidet med Herrens hus og sitt eige hus og Millo og muren kring Jerusalem og Hasor og Megiddo og Geser:
16 - Farao, kongen i Egyptarland, hadde sett i veg og teke Gezer, og sett eld på det og drepe kananitarne som budde i byen og so gjeve honom i heimafylgje til dotter si, kona åt Salomo;
17 men Salomo bygde upp att Gezer og Nedre Bet-Horon
18 og Ba’alat og Tadmor i øydemarki der i landet,
19 bygde og alle dei upplagsbyar Salomo hadde, og vognbyarne og hestbyarne og elles alt som Salomo fekk hug og lyst til å få bygt i Jerusalem og på Libanon og i heile kongeriket sitt -:
20 Alt det folket som fanst att av amoritarne, hetitarne, perizitarne, hevitarne og jebusitarne, folk som ikkje var av Israels ætt,
21 sønerne deira, som var att etter deim i landet, med di Israels-sønerne ikkje hadde magta å fullføra bannstøyten imot deim, desse tok Salomo ut til pliktarbeid, og soleis hev det vore til den dag i dag.
22 Men av Israels-sønerne gjorde Salomo ingen til træl; for dei var herfolk og tenarar og hovdingar og kjempor hjå honom og hovdingar for stridsvognerne og hestfolket hans.
23 Talet på yverfutarne, som stod fyre arbeidet til Salomo, var fem hundrad og femti; dei rådde yver folket som gjorde arbeidet.
24 Nettupp på den tid dotter åt Farao hadde flutt upp ifrå Davidsbyen til huset sitt, som han hadde bygt til henne, gav han seg til å byggja Millo.
25 Tri gonger um året ofra Salomo brennoffer og takkoffer på det altaret han hadde bygt til Herren, og brende røykjelse ved alteret der framfor Herrens åsyn, og hadde no huset ferdigt.
26 Kong Salomo bygde og skip i Esjon-Geber; det ligg attmed Elot på Raudehavs-strandi i Edomlandet.
καὶ ναῦν ὑπὲρ οὗ ἐποίησεν ὁ βασιλεὺς Σαλωμων ἐν Γασιωνγαβερ τὴν οὖσαν ἐχομένην Αιλαθ ἐπὶ τοῦ χείλους τῆς ἐσχάτης θαλάσσης ἐν γῇ Εδωμ
27 Og Hiram sende sjøvant mannskap av sitt folk til skipi i lag med folket åt Salomo.
καὶ ἀπέστειλεν Χιραμ ἐν τῇ νηὶ τῶν παίδων αὐτοῦ ἄνδρας ναυτικοὺς ἐλαύνειν εἰδότας θάλασσαν μετὰ τῶν παίδων Σαλωμων
28 Dei for til Ofir og henta gull derifrå, eit tusund og femti våger, som dei førde til kong Salomo.
καὶ ἦλθον εἰς Σωφηρα καὶ ἔλαβον ἐκεῖθεν χρυσίου ἑκατὸν καὶ εἴκοσι τάλαντα καὶ ἤνεγκαν τῷ βασιλεῖ Σαλωμων

< 1 Kongebok 9 >