< 1 Kongebok 8 >
1 Då stemnde Salomo saman styresmennerne i Israel, alle ættarhovdingarne, formennerne for ættgreinerne åt Israels-sønerne, til kongen i Jerusalem; dei skulde henta Herrens sambandskista upp frå Davidsbyen, det er Sion.
Da lod Salomo de Ældste af Israel og alle Stammernes Øverster, Fædrenehusenes Fyrster iblandt Israels Børn forsamle sig til Kong Salomo i Jerusalem, for at føre Herrens Pagts Ark op fra Davids Stad, det er Zion.
2 Då samla alle Israels-mennerne seg hjå kong Salomo i helgi i månaden etanim, det er sjuande månaden.
Og alle Israels Mænd samledes til Kong Salomo i Ethanim Maaned paa Højtiden, det er den syvende Maaned.
3 Då no alle styresmennerne i Israel kom, tok prestarne upp kista
Og alle de Ældste af Israel kom, og Præsterne opløftede Arken.
4 og bar Herrens kista og møtetjeldet dit upp saman med alle dei heilaggognerne som var i tjeldet; det var prestarne og levitarne som bar deim upp.
Og de førte Herrens Ark op tillige med Forsamlingens Paulun og alle Helligdommens Redskaber, som vare i Paulunet; Præsterne og Leviterne førte dem op.
5 Og kong Salomo stod framfor sambandskista i lag med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå honom. Og dei ofra småfe og storfe i uteljande og ureknande mengd.
Og Kong Salomo og al Israels Menighed, de som vare forsamlede om ham, stode hos ham foran Arken, de ofrede smaat Kvæg og stort Kvæg, som ikke kunde tælles og ikke regnes for Mangfoldigheden.
6 Prestarne flutte sambandskista inn i koren, i det høgheilage, inn under vengjerne av kerubane, der ho skulde vera.
Og Præsterne førte Herrens Pagts Ark til dens Sted, til Koret udi Huset, ind i det allerhelligste hen under Kerubernes Vinger.
7 For kerubarne breidde ut vengjerne yver den staden der kista stod, so at kerubarne tekte yver både kista og stengerne hennar.
Thi Keruberne udbredte Vingerne imod Arkens Sted, og Keruberne dækkede over Arken og oven over dens Stænger.
8 Stengerne var so lange at ein kunne vel sjå endarne av deim ifrå det heilage framfyre koren, men ikkje lenger ute. Og der vart dei verande til denne dag.
Og man drog Stængerne langt ud, og Stængernes Knapper saas fra det hellige lige for Koret, men udenfor kunde de ikke ses, og de bleve der indtil denne Dag.
9 Det fanst ikkje anna i kista enn dei tvo steintavlorne som Moses hadde lagt i henne der ved Horeb den gongen Herren gjorde samband med Israels-borni, då dei drog ut or Egyptarland.
Der var intet i Arken uden de to Stentavler, som Mose lagde deri ved Horeb, der Herren gjorde Pagt med Israels Børn, der de vare dragne ud fra Ægyptens Land.
10 Då no prestarne gjekk ut or heilagdomen, fyllte skyi Herrens hus,
Og det skete, der Præsterne gik ud af Helligdommen, da fyldte Skyen Herrens Hus,
11 so prestarne for skyi skuld kunde ikkje standa og gjera tenesta, etter di Herrens herlegdom fyllte Herrens hus.
saa at Præsterne ikke kunde staa at gøre Tjeneste for Skyen; thi Herrens Herlighed fyldte Herrens Hus.
12 Då sagde Salomo: «Herren hev sagt at han vil bu i dimma.
Da sagde Salomo: Herren sagde, at han vilde bo i Mørket.
13 No hev eg bygt eit hus til bustad åt deg, ein stad der du kann dvelja æveleg.»
Jeg har bygget dig en Boligs Hus, en fast Bolig, at du skal bo deri i al Evighed.
14 So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod.
Og Kongen vendte sit Ansigt omkring og velsignede al Israels Forsamling, og al Israels Forsamling stod.
15 Han sagde: «Lova vere Herren, Israels Gud! Med handi si hev han halde det som han med munnen sin lova David, far min, då han sagde:
Og han sagde: Lovet være Herren, Israels Gud, som talede med sin Mund til David min Fader og opfyldte det med sin Haand og sagde:
16 «Frå den tidi då eg førde Israel, folket mitt, ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av alle Israels ætter der ein kunde byggja eit hus til bustad for namnet mitt. Men David hev eg valt ut til å råda yver Israel, folket mitt.»
Fra den Dag, da jeg udførte mit Folk Israel at Ægypten, har jeg ikke udvalgt en Stad af alle Israels Stammer, at man skulde bygge et Hus, for at mit Navn skulde være der; men jeg udvalgte David, at han skulde være over mit Folk Israel.
17 Og David, far min, sette seg nok fyre å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
Og det var i min Fader Davids Hjerte, at bygge Herrens, Israels Guds, Navn et Hus.
18 Men Herren sagde til David, far min: «Når du hev sett deg fyre å byggja eit hus for namnet mitt, so hev du gjort vel i at du hev fenge sovorne i tankarne.
Men Herren sagde til David, min Fader: Eftersom det har været i dit Hjerte at bygge mit Navn et Hus, saa gjorde du vel deri, at det var i dit Hjerte.
19 Men byggja dette huset skal ikkje du; son din, som gjeng ut av dine lender, skal byggja huset for namnet mitt.»
Dog skal du ikke bygge det Hus, men din Søn, han som udgaar af dine Lænder, han skal bygge mit Navn et Hus.
20 Og Herren hev sett i verk ordet sitt; eg er komen upp i romet etter David, far min, og eg hev sett meg i Israels kongsstol, soleis som Herren lova, og eg hev bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
Og Herren har opfyldt sit Ord, som han talede; thi jeg er kommen op i Davids, min Faders, Sted og sidder paa Israels Trone, saaledes som Herren talede, og har bygget Herrens, Israels Guds, Navn et Hus.
21 Og der hev eg reidt til eit rom for kista som Herrens samband er i, det som han gjorde med federne våre, den gongen han leidde deim ut or Egyptarland.»
Og jeg har beskikket der et Sted til Arken, hvori Herrens Pagt er, som han gjorde med vore Fædre, der han førte dem ud af Ægyptens Land.
22 So stelte Salomo seg fram for Herrens altar rett imot heile Israels-lyden, rette ut henderne sine imot himmelen
Og Salomo stod foran Herrens Alter for al Israels Forsamling og udbredte sine Hænder imod Himmelen,
23 og sagde: «Herre, Israels Gud! Ingen gud er deg lik, i himmelen der uppe eller på jordi her nede, du som held uppe sambandet og nåden mot tenarane dine når dei ferdast for di åsyn med heile sitt hjarta,
og han sagde: Herre, Israels Gud! der er ingen Gud som du i Himmelen oventil eller paa Jorden nedentil, du som holder Pagten og Miskundheden med dine Tjenere, som vandre for dit Ansigt af deres ganske Hjerte;
24 du som hev halde det du lova tenaren din, David, far min, og som hev fullført med handi det du tala med munnen, som det syner seg i dag.
du, som har holdt din Tjener David, min Fader, det, som du har tilsagt ham; du har talt det med din Mund og opfyldt det med din Haand, som det ses paa denne Dag;
25 So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vaktar sin veg so dei ferdast for mi åsyn soleis som du hev gjort det.»
og nu, Herre Israels Gud! hold din Tjener David, min Fader, det, du har tilsagt ham og sagt: Dig skal ikke fattes en Mand for mit Ansigt, som skal sidde paa Israels Trone, naar ikkun dine Børn bevare deres Vej, at vandre for mit Ansigt, saaledes som du har vandret for mit Ansigt.
26 Å, Israels Gud, lat det sannast det ordet som du tala til tenaren din, David, far min!
Og nu, Israels Gud! lad dog dit Ord staa fast, som du talede til din Tjener David, min Fader.
27 Men kann då Gud i røyndi bu på jordi? Sjå, himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt.
Thi sandelig, monne Gud skulde bo paa Jorden? Se, Himlene og Himlenes Himle kunne ikke rumme dig, langt mindre dette Hus, som jeg har bygget.
28 Men vend deg likevel til bøni åt tenaren din og hans påkalling, Herre, min Gud, so du høyrer på det ropet og den bøni som tenaren din bed for di åsyn i dag,
Men vend dit Ansigt til din Tjeners Bøn og til hans ydmyge Begæring, Herre, min Gud! at høre paa det Raab og paa den Bøn, som din Tjener beder for dit Ansigt i Dag:
29 og let augo dine vera opne mot dette huset natt og dag, mot den staden som du hev sagt det um at her skal namnet ditt bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden!
At dine Øjne maa være aabnede over dette Hus Nat og Dag, over dette Sted, om hvilket du har sagt: Mit Navn skal være der, til at høre den Bøn, som din Tjener beder paa dette Sted;
30 Ja, høyr på den påkalling som tenaren din, og Israel, folket ditt, vender mot denne staden; høyr det på den staden du bur i himmelen! Og når du høyrer, so må du tilgjeva.
og at du vil høre din Tjeners og dit Folk Israels ydmyge Begæring, som de skulle bede paa dette Sted, og at du vil høre paa det Sted, hvor du bor i Himmelen, og vil høre og forlade.
31 Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han so kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset,
Naar nogen synder imod sin Næste, og man paalægger ham en Ed, som han skal sværge, og den Ed kommer for dit Alter i dette Hus:
32 so må du høyra det i himmelen, og setja i verk og døma imillom tenarane dine, med di du segjer den skuldig som saka er og let honom lida for si åtferd, men frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd.
Da vil du høre i Himmelen og gøre derefter og dømme dine Tjenere, saa at du fordømmer den ugudelige og fører hans Vej over hans Hoved og retfærdiggør den retfærdige og giver ham efter hans Retfærdighed.
33 Når Israel, folket ditt, lid usiger mot fienden, for di dei syndar imot deg, men dei so vender um att til deg og vedkjennest ditt namn og bed og tiggar deg um nåde i dette huset,
Naar dit Folk Israel bliver slaget for Fjendens Ansigt, fordi de have syndet imod dig, og de da omvende sig til dig og bekende dit Navn og bede og bønfalde dig om Naade i dette Hus:
34 so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet du hev gjeve federne deira!
Da vil du høre i Himmelen og forlade dit Folk Israels Synd og føre dem tilbage i det Land, som du har givet deres Fædre.
35 Når himmelen let seg att, so det ikkje kjem regn, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg mot denne staden med bøn, og dei vedkjennest namnet ditt og vender um ifrå syndi si, av di du audmjuker deim,
Naar Himmelen bliver tillukt, og der vorder ikke Regn, fordi de have syndet imod dig, og de bede paa dette Sted og bekende dit Navn og omvende sig fra deres Synder, fordi du ydmyger dem:
36 so må du høyra det i himmelen og tilgjeva tenarane dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på; og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.
Da vil du høre i Himmelen og forlade dine Tjeneres og dit Folk Israels Synd, fordi du viser dem den gode Vej, paa hvilken de skulle vandre, og vil give Regn over dit Land, som du har givet dit Folk til Arv.
37 Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engsprettor og åmor, eller fienden trengjer folket i det landet der det hev byarne deira, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er -
Naar der vorder Hunger i Landet, naar der vorder Pest, naar der vorder Tørke, Brand i Korn, Græshopper, Kornorme, naar hans Fjende ængster ham i hans Stæders Land, naar der kommer alle Haande Plage, alle Haande Sygdom:
38 kvar gong det då stig upp ei bøn eller ei audmjuk påkalling frå eit menneskje i heile folket ditt, Israel, som kjenner sitt hjarte-mein og rettar ut henderne sine mot dette huset,
Al Bøn, al ydmyg Begæring, som sker af hvert Menneske eller af alt dit Folk Israel, som kender hver sit Hjertes Plage og udbreder sine Hænder til dette Hus,
39 so må du høyra det i himmelen der du bur, og du må tilgjeva og setja i verk og gjeva kvar mann lika for all hans ferd, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner hjarta hjå alle folk -
den vil du da høre i Himmelen, i den faste Bolig, i hvilken du bor, og forlade og gøre derefter og give enhver efter alle hans Veje, ligesom du kender hans Hjerte; thi du alene kender alle Menneskenes Børns Hjerter;
40 so dei må ottast deg all den tid dei liver på den jordi som du hev gjeve federne våre.
paa det de skulle frygte dig alle de Dage, hvilke de leve i Landet, som du har givet vore Fædre.
41 Jamvel den framande, som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte, for namnet ditt skuld
Ja ogsaa den fremmede, som ikke er af dit Folk Israel, naar han kommer fra et langtfra liggende Land for dit Navns Skyld;
42 - for dei og kjem til å få høyra um ditt store namn, um di sterke hand og um din strake arm - når han kjem og vender bønerne sine mot dette huset,
(thi de skulle høre om dit store Navn og om din stærke Haand og din udrakte Arm) og nogen kommer og beder mod dette Hus:
43 so må du høyra i himmelen der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn.
Ham vil du da høre i Himmelen, i den faste Bolig, i hvilken du bor, og gøre efter alt det, som den fremmede raaber til dig om, paa det at alle Folk paa Jorden kunne kende dit Navn og frygte dig, ligesom dit Folk Israel, og at de skulle vide, at dette Hus, som jeg har bygget, er kaldet efter dit Navn.
44 Når folket ditt fer ut i herferd mot fienden sin på den vegen du sender deim, og dei so bed til Herren med andlitet mot denne byen du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt,
Naar dit Folk drager ud i Krigen imod sin Fjende paa den Vej, hvor du sender dem hen, og de bede til Herren, vendte mod den Stad, som du udvalgte, og imod det Hus, som jeg har bygget til dit Navn:
45 so må du i himmelen høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin.
Da vil du høre i Himmelen deres Bøn og deres ydmyge Begæring og skaffe dem Ret.
46 Når dei syndar imot deg - for det finst ikkje noko menneskje som ikkje syndar - og du harmast på deim og let fienden få magt yver deim, so han fangar deim og fører deim burt til fiendeland langt av leid eller nær ved,
Naar de synde imod dig, (thi der er intet Menneske, som jo synder) og du bliver vred paa dem og giver dem hen for Fjendens Ansigt, og de, som have fanget dem, føre dem fangne til Fjendens Land, langt borte eller nær hos;
47 og dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i landet åt deim som held deim i band, og segjer: «Me hev synda og gjort ille, me hev vore ugudlege, »
og de tage det igen til Hjerte i Landet, hvori de ere fangne, og omvende sig og bede til dig om Naade i deres Land, som have taget dem fangne, og sige: Vi have syndet og handlet ilde, vi have været ugudelige;
48 og dei vender um til deg med heile sitt hjarta og all si sjæl der i fiendeland hjå deim som hev ført deim i trældom, og bed til deg med andlitet imot landet sitt, som du hev gjeve federne deira, imot den byen som du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt,
og de omvende sig til dig af deres ganske Hjerte og af deres ganske Sjæl i deres Fjenders Land, som have taget dem fangne, og de bede til dig, vendte imod deres Land, som du har givet til deres Fædre, imod Staden, som du udvalgte, og Huset, som jeg har bygget for dit Navn:
49 so må du i himmelen, der du bur, høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin,
Da vil du høre i Himmelen, i din faste Bolig, i hvilken du bor, deres Bøn og deres ydmyge Begæringer og skaffe dem Ret
50 og tilgjeva folket ditt det dei hev synda imot deg og all den misgjerd dei hev gjort i mot deg, og lata deim finna miskunn hjå deim som held deim i band, so dei gjer sælebot på deim;
og forlade dit Folk det, som de have syndet imod dig, og alle deres Overtrædelser, som de have begaaet imod dig, og lade dem finde Barmhjertighed for deres Ansigt, som holde dem fangne, at disse maa forbarme sig over dem;
51 for dei er ditt folk og din arv, som du leidde ut or Egyptarland, midt ut or jarnomnen.
thi de ere dit Folk og din Arv, som du udførte af Ægypten, midt ud af Jernovnen;
52 Ja, gjev augo dine må vera opne for påkallingi åt tenaren din og folket ditt, Israel, so du høyrer på deim so tidt som dei ropar til deg.
at dine Øjne maa være aabnede til din Tjeners ydmyge Begæring og til dit Folk Israels ydmyge Begæring, at du vil høre dem i alt det, hvori de paakalde dig.
53 For du hev skilt deim ut ifrå alle folk på jordi, so dei skal vera din arv soleis som du hev tala gjenom Moses, tenaren din, då du leidde federne våre ut or Egyptarland, Herre, Herre!»
Thi du udskilte dig dem af alle Folk paa Jorden til en Arv, saaledes som du talede ved Mose, din Tjener, da du udførte vore Fædre af Ægypten, Herre, Herre!
54 Og då Salomo hadde enda heile denne bøn og audmjuke påkalling til Herren, reis han upp frå Herrens altar, der han hadde lege på kne med henderne utbreidde imot himmelen.
Og det skete, der Salomo havde fuldendt at bede til Herren hele denne Bøn og ydmyge Begæring, da stod han op fra Herrens Alter, fra at knæle paa sine Knæ, med sine Hænder udbredte imod Himmelen,
55 Og han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sagde:
og han stod og velsignede hele Israels Forsamling med høj Røst og sagde:
56 «Lova vere Herren, som hev gjeve folket sitt, Israel, ro, plent som han hev sagt! Ikkje eitt ord hev vorte um inkje av alt det gode han hev lova ved Moses, tenaren sin.
Lovet være Herren, som har givet sit Folk Israel Rolighed efter alt det, som han har talt! der blev ikke et Ord til intet af alle hans gode Ord, som han talede ved Mose, sin Tjener.
57 Måtte Herren, vår Gud, vera med oss, som han hev vore med federne våre, og ikkje venda seg frå oss eller støyta oss burt,
Herren vor Gud være med os, ligesom han har været med vore Fædre! Han forlade os ikke og overgive os ikke!
58 men bøygja hjarta vårt til seg, so me gjeng på alle hans vegar og held hans bod og fyreskrifter og rettar, som han gav federne våre.
at han vil bøje vort Hjerte til sig, saa at vi vandre i alle hans Veje og holde hans Bud og hans Skikke og hans Befalinger, som han har budet vore Fædre,
59 Og måtte desse ordi mine, som eg audmjukt hev bede for Herrens åsyn, vera nærverande for Herren, vår Gud, både dag og natt, so han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira etter som det trengst kvar dag,
og at disse mine Ord, som jeg har bedet ydmygeligt med for Herrens Ansigt, maa komme nær for Herren vor Gud Dag og Nat, at han vil skaffe sin Tjener Ret og sit Folk, Israel, Ret, hver Dags Sag paa sin Dag,
60 so at alle folk på jordi må skyna at Herren er Gud og ingen annan.
paa det at alle Folk paa Jorden skulle vide, at Herren han er Gud, og ingen ydermere,
61 Og de må gjeva dykk til Herren, vår Gud, med heile dykkar hjarta, so de ferdast i hans fyreskrifter og held hans bod som de gjer i dag.»
og at eders Hjerter maa være retskafne for Herren vor Gud til at vandre i hans Skikke og til at holde hans Bud som paa denne Dag.
62 Og kongen og heile Israel med honom ofra slagtoffer for Herrens åsyn.
Og Kongen og al Israel med ham ofrede Offer for Herrens Ansigt.
63 Til det takkofferet som Salomo ytte Herren, tok han tvo og tjuge tusund stykke storfe og eit hundrad og tjuge tusund stykke småfe. Soleis vigde kongen og heile Israels-lyden Herrens hus.
Og Salomo ofrede Takofre, som han ofrede til Herren, to og tyve Tusinde Øksne og Hundrede og tyve Tusinde Faar; saa indviede Kongen og alle Israels Børn Herrens Hus.
64 Same dagen helga Salomo den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus; for der ofra han brennoffer, grjonoffer og feittstykke av takkofferet, etter di koparaltaret, som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma brennofferet og grjonofferet og feittstykki av takkofferi.
Paa den samme Dag helligede Kongen den mellemste Part af Forgaarden, som var lige for Herrens Hus; thi han lavede der Brændofret og Madofret og Takofrenes Fedtstykker, fordi det Kobberalter, som stod for Herrens Ansigt, var for lidet til at tage imod Brændofret og Madofret og Takofrenes Fedtstykker.
65 På den tid høgtida Salomo helgi saman med heile Israel - ein stor møtelyd like frå den staden der vegen gjeng til Hamat og til Egyptarlands-bekken - framfor Herren, vår Gud, i sju dagar og endå i sju dagar, fjortan dagar i alt.
Og Salomo holdt paa den samme Tid Højtiden og al Israel med ham, en stor Forsamling fra Strækningen mellem Hamath og Ægyptens Bæk, for Herrens vor Guds Ansigt i syv Dage og atter i syv Dage, det var fjorten Dage.
66 Den åttande dagen let han folket fara, og dei bad velliva med kongen og tok heim kvar til seg, glade og velnøgde for alt det gode som Herren hadde gjort imot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.
Paa den ottende Dag lod han Folket fare, og de velsignede Kongen, og de gik glade til deres Telte og vel til Mode i Hjertet over alt det gode, som Herren havde gjort David, sin Tjener, og Israel, sit Folk.