< 1 Kongebok 5 >

1 Og Hiram, kongen i Tyrus, sende tenarane sine til Salomo, då han no hadde frett at han var salva til konge etter David, far sin; for Hiram hadde alltid vore til vens med David.
And Hiram king of Tyre sent his servants unto Solomon; for he had heard that they had anointed him king in the room of his father: for Hiram was ever a lover of David.
2 Og Salomo sende bod til Hiram med den helsingi:
And Solomon sent to Hiram, saying,
3 «Du veit at David, far min, ikkje kunde bygja noko hus for namnet åt Herren, hans Gud, av di han fekk ufred med fiendarne på alle kantar, til dess Herren lagde deim under føterne hans.
Thou knowest how that David my father could not build a house for the name of Jehovah his God for the wars which were about him on every side, until Jehovah put them under the soles of his feet.
4 Men no hev Herren, min Gud, late meg få ro til alle sidor; der er ingen motmann og ingen fåre.
But now Jehovah my God hath given me rest on every side; there is neither adversary, nor evil occurrence.
5 Difor hev eg sett meg fyre at eg vil byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, etter det Herren sagde til David, far min: «Son din, som eg vil setja i kongsstolen i din stad, han skal byggja huset åt namnet mitt.»
And, behold, I purpose to build a house for the name of Jehovah my God, as Jehovah spake unto David my father, saying, Thy son, whom I will set upon thy throne in thy room, he shall build the house for my name.
6 Gjev no difor påbod um at dei skal fella ceder åt meg på Libanon! Arbeidsfolket mitt skal vera med arbeidsfolket ditt, og eg skal gjeva deg den løn folket ditt skal hava, plent som du vil. For du veit sjølv at det finst ingen millom oss som skynar seg so godt på skogshogster som sidoniarane.»
Now therefore command thou that they cut me cedar-trees out of Lebanon; and my servants shall be with thy servants; and I will give thee hire for thy servants according to all that thou shalt say: for thou knowest that there is not among us any that knoweth how to cut timber like unto the Sidonians.
7 Då Hiram høyrde denne helsingi frå Salomo, vart han ovleg glad og sagde: «Lova vere Herren i dag, som hev gjeve David ein vis son til hovding yver dette mangmente folket!»
And it came to pass, when Hiram heard the words of Solomon, that he rejoiced greatly, and said, Blessed be Jehovah this day, who hath given unto David a wise son over this great people.
8 Og Hiram sende bod til Salomo med den helsingi: «Eg hev høyrt den buskapen du hev sendt meg; eg skal gjera alt det du ynskjer med umsyn til cedertrei og cypresstrei.
And Hiram sent to Solomon, saying, I have heard [the message] which thou hast sent unto me: I will do all thy desire concerning timber of cedar, and concerning timber of fir.
9 Arbeidsfolket mitt skal få deim ned frå Libanon til havet; so skal eg få deim lagde i hop i flotar på havet, og føra deim til den staden som du gjev meg bod um; der skal eg få deim tekne frå kvarandre, og so fær du henta deim. Men so skal du gjera meg til viljes med å forsyna huset mitt med matvaror.»
My servants shall bring them down from Lebanon unto the sea; and I will make them into rafts to go by sea unto the place that thou shalt appoint me, and will cause them to be broken up there, and thou shalt receive them; and thou shalt accomplish my desire, in giving food for my household.
10 So let Hiram Salomo få alt han vilde hava av cedertre og cypresstre,
So Hiram gave Solomon timber of cedar and timber of fir according to all his desire.
11 og Salomo gav Hiram seksti tusund tunnor kveite til hushaldet hans og seksti tunnor olje av sundstøytte oljebær. Dette let Salomo Hiram få kvart år.
And Solomon gave Hiram twenty thousand measures of wheat for food to his household, and twenty measures of pure oil: thus gave Solomon to Hiram year by year.
12 Og Herren gav Salomo visdom, soleis som han hadde lova honom, og det var fred millom Hiram og Salomo; dei tvo gjorde eit samband med einannan.
And Jehovah gave Solomon wisdom, as he promised him; and there was peace between Hiram and Solomon; and they two made a league together.
13 Kong Salomo tok so ut pliktarbeidarar i heile Israel; og dei var tretti tusund mann.
And king Solomon raised a levy out of all Israel; and the levy was thirty thousand men.
14 Han sende deim til Libanon, ti tusund um månaden etter tur; ein månad var dei på Libanon, tvo månader heime. Og Adoniram hadde tilsynet med pliktarbeidarane.
And he sent them to Lebanon, ten thousand a month by courses; a month they were in Lebanon, and two months at home: and Adoniram was over the men subject to taskwork.
15 Salomo hadde sytti tusund berarar og åtteti tusund steinhoggarar i bergi,
And Solomon had threescore and ten thousand that bare burdens, and fourscore thousand that were hewers in the mountains;
16 umfram dei tri tusund tri hundrad arbeidsfutar som styrde arbeidet for Salomo og rådde yver folket som gjorde arbeidet.
besides Solomon’s chief officers that were over the work, three thousand and three hundred, who bare rule over the people that wrought in the work.
17 Etter bod frå kongen braut dei ut store steinar, kostesame steinar til grunnmur under huset, firhogne steinar.
And the king commanded, and they hewed out great stones, costly stones, to lay the foundation of the house with wrought stone.
18 Og bygningsmennerne til Salomo og Hiram og mennerne frå Gebal hogg til og gjorde ferdig trevyrket og steinarne til husbygningi.
And Solomon’s builders and Hiram’s builders and the Gebalites did fashion them, and prepared the timber and the stones to build the house.

< 1 Kongebok 5 >