< 1 Kongebok 17 >

1 Og Elia frå Tisbe, ein av deim som hadde flutt inn ifrå Gilead, sagde til Ahab: «So sant Herren, Israels Gud, liver, han som eg er i tenesta hjå, so skal det ikkje koma regn eller dogg i desse åri utan eg segjer det.»
روزی یک نبی به نام ایلیا که از اهالی تشبی جلعاد بود، به اَخاب پادشاه گفت: «به خداوند، خدای زندهٔ اسرائیل، یعنی به همان خدایی که خدمتش می‌کنم قسم که تا چند سال شبنم و باران بر زمین نخواهد آمد مگر اینکه من درخواست کنم.»
2 Og Herrens ord kom til honom soleis:
پس خداوند به ایلیا فرمود:
3 «Gakk herifrå og tak austetter og gøym deg attmed bekken Kerit på hi sida Jordan!
«برخیز و به طرف مشرق برو و کنار نهر کریت، در شرق رود اردن خود را پنهان کن.
4 Av bekken skal du drikka, og føda til deg hev eg bode ramnarne syte for.»
در آنجا از آب نهر بنوش و خوراکی را که کلاغها به فرمان من برای تو می‌آورند، بخور.»
5 Då tok han ut og gjorde som Herren hadde sagt; han gjekk av stad og vart verande attmed bekken Kerit, som er austanfor Jordan.
ایلیای نبی به دستور خداوند عمل کرد و در کنار نهر کریت ساکن شد.
6 Og ramnarne bar brød og kjøt til honom um morgonen og brød og kjøt um kvelden, og av bekken drakk han.
هر صبح و شام کلاغها برایش نان و گوشت می‌آوردند و او از آب نهر می‌نوشید.
7 Men då ei tid var lidi, torna bekken, for det kom ikkje regn i landet.
اما چندی بعد به علّت نبودن باران نهر خشکید.
8 Då kom Herrens ord til honom; han sagde:
آنگاه خداوند به ایلیا فرمود:
9 «Set i veg til Sarefat, som høyrer til Sidon, og gjev deg til der! Eg hev bede ei enkja syta for deg med føda.»
«برخیز و به شهر صرفه که نزدیک شهر صیدون است برو و در آنجا ساکن شو. من در آنجا به بیوه‌زنی دستور داده‌ام خوراک تو را فراهم سازد.»
10 Han tok i veg til Sarefat, og då han kom til byporten, fekk han auga på ei enkja som sanka ved. Og han ropa til: «Henta ein liten grand vatn åt meg i ei skål, so eg fær drikka!»
پس ایلیا از آنجا به صرفه رفت. وقتی به دروازهٔ شهر رسید، بیوه‌زنی را دید که مشغول جمع کردن هیزم است. ایلیا از او کمی آب خواست.
11 Då ho no gjekk og skulde henta det, ropa han etter henne, og sagde: «Tak med deg eit stykke brød åt meg!»
وقتی آن زن به راه افتاد تا آب بیاورد، ایلیا او را صدا زد و گفت: «خواهش می‌کنم یک لقمه نان هم بیاور.»
12 Men ho svara: So sant Herren, din Gud, liver; eg eig ikkje ein brødleiv; ein neve mjøl i krukka og ein grand olje i krusi er det einaste; og no sankar eg saman eit par vedkjeppar og gjeng inn og lagar det til åt meg og son min; so fær me eta det og sidan døy.
اما بیوه‌زن گفت: «به خداوند، خدای زنده‌ات قسم که در خانه‌ام حتی یک تکه نان هم پیدا نمی‌شود! فقط یک مشت آرد در ظرف و مقدار کمی روغن در ته کوزه مانده است. الان هم کمی هیزم جمع می‌کردم تا ببرم نان بپزم و با پسرم بخورم. این آخرین غذای ما خواهد بود و بعد از آن از گرسنگی خواهیم مرد.»
13 Då sagde Elia til henne: «Ottast ikkje, gakk inn og gjer som du hev sagt! Men laga fyrst ei liti kaka åt meg og ber ut åt meg! Sidan kann du få laga til åt deg sjølv og son din.
ایلیا به او گفت: «نترس! برو و آن را بپز. اما اول، از آن آرد نان کوچکی برای من بپز و پیش من بیاور، بعد با بقیهٔ آن برای خودت و پسرت نان بپز.
14 For so segjer Herren, Israels Gud: «Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og ikkje skal det skorta på olje i krusi, til dess Herren let det regna på jordi.»»
زیرا خداوند، خدای اسرائیل می‌فرماید: تا وقتی که باران بر زمین نبارانم، آرد و روغن تو تمام نخواهد شد.»
15 Då gjekk ho av stad og gjorde som Elia hadde sagt; og dei åt, både han og ho og husfolket hennar, ei heil tid frametter.
بیوه‌زن رفت و مطابق گفتهٔ ایلیا عمل کرد. از آن به بعد، آنها هر چقدر از آن آرد و روغن مصرف می‌کردند تمام نمی‌شد، همان‌طور که خداوند توسط ایلیا فرموده بود.
16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og det skorta ikkje på olje i krusi; det gjekk som Herren hadde tala gjenom Elia.
17 Men ei tid etter desse hendingarne vart son åt kvinna, ho som åtte huset, sjuk; og sjukdomen hans vart ovleg tung, og til slutt andast han.
مدتی گذشت. یک روز پسر آن بیوه‌زن بیمار شد. حال او بدتر و بدتر شد و عاقبت مرد.
18 Då sagde ho til Elia: «Kva hev du, gudsmann, å gjera hjå meg? Du er komen til meg for å draga synda mi fram i minnet, so son min måtte døy.»
زن به ایلیا گفت: «ای مرد خدا، این چه بلایی است که بر سر من آوردی؟ آیا به اینجا آمده‌ای تا به سبب گناهانم پسرم را بکشی؟»
19 Men han sagde til henne: «Lat meg få guten din hit.» Og han tok honom or fanget hennar og bar honom upp på salen der han budde, og lagde honom på sengi si.
ایلیا به او گفت: «پسرت را به من بده.» آنگاه ایلیا جنازه را برداشت و به بالاخانه، جایی که خودش زندگی می‌کرد برد و او را روی بستر خود خواباند.
20 Og han ropa til Herren og sagde: «Herre, min Gud! At du kunde senda slik ulukka yver denne enkja som gjev meg herbyrge, og late son hennar døy!»
سپس با صدای بلند چنین دعا کرد: «ای خداوند، خدای من، چرا این بلا را بر سر این بیوه‌زن آوردی؟ چرا پسر او را که مرا در خانه‌اش پناه داده است، کشتی؟»
21 Og han lutte seg burtyver barnet tri gongar og ropa til Herren og sagde: «Herre, min Gud! Lat sjæli til guten koma attende til honom!»
سپس ایلیا سه بار روی جنازهٔ پسر دراز کشید و دعا کرد: «ای خداوند، خدای من، از تو تمنا می‌کنم که این پسر را زنده کنی!»
22 Og Herren høyrde Elia; guten fekk sjæli attende og vart livande.
خداوند دعای ایلیا را شنید و پسر را زنده کرد.
23 Og Elia tok barnet ifrå salen og hadde det nedatt i huset og gav det til mori, og Elia sagde: «Sjå, son din liver!»
آنگاه ایلیا پسر را از بالاخانه پایین آورد و به مادرش داد و گفت: «نگاه کن، پسرت زنده است!»
24 Då sagde kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»
آن زن به ایلیا گفت: «الان فهمیدم که تو براستی مرد خدا هستی و هر چه می‌گویی از جانب خداوند است!»

< 1 Kongebok 17 >