< 1 Kongebok 15 >
1 I det attande styringsåret åt Jerobeam Nebatsson vart Abiam konge yver Juda.
La dix-huitième année du roi Jéroboam, fils de Nebath, Abijam commença à régner sur Juda.
2 Tri år styrde han i Jerusalem; mor hans heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
Il régna trois ans à Jérusalem. Sa mère s'appelait Maaca, fille d'Abischalom.
3 Og han fylgde far sin i alle dei syndar som han hadde gjort fyre honom, og hjarta hans var ikkje heilt med Herren, hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
Il marcha dans tous les péchés de son père, qu'il avait commis avant lui; et son cœur ne fut pas parfait avec l'Éternel, son Dieu, comme le cœur de David, son père.
4 Men for David skuld gav Herren, hans Gud, honom ei lampa i Jerusalem, med di han lyfta upp son hans etter honom og let Jerusalem få standa,
Cependant, à cause de David, l'Éternel, son Dieu, lui donna une lampe à Jérusalem, pour qu'il établisse son fils après lui et qu'il affermisse Jérusalem;
5 for di David hadde gjort det som rett var i Herrens augo og ikkje vike ifrå noko av det han hadde bode honom, so lenge han livde, so nær som i saki med hetiten Uria.
car David fit ce qui est droit aux yeux de l'Éternel et ne se détourna pas de ce qu'il lui avait ordonné tous les jours de sa vie, sauf dans l'affaire d'Urie, le Héthien.
6 Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred so lenge han livde.
Or il y eut guerre entre Roboam et Jéroboam tous les jours de sa vie.
7 Det som elles er å fortelja um Abiam og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Abiam og Jerobeam låg i ufred med kvarandre.
Le reste des actes d'Abijam, et tout ce qu'il a fait, n'est-ce pas écrit dans le livre des Chroniques des rois de Juda? Il y eut une guerre entre Abijam et Jéroboam.
8 Og Abiam lagde seg til kvila hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen; og Asa, son hans, vart konge i staden hans.
Abijam se coucha avec ses pères, et on l'enterra dans la ville de David; et Asa, son fils, régna à sa place.
9 I tjugande året åt Jerobeam, kongen i Israel, vart Asa konge i Juda.
La vingtième année de Jéroboam, roi d'Israël, Asa commença à régner sur Juda.
10 Han styrde eitt og fyrti år i Jerusalem. Hans mor heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
Il régna quarante et un ans à Jérusalem. Le nom de sa mère était Maaca, fille d'Abischalom.
11 Og Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans.
Asa fit ce qui est droit aux yeux de l'Éternel, comme avait fait David, son père.
12 Han jaga utukt-sveinarne ut or landet, og fekk burt alle dei skarnsgudarne som far hans hadde laga.
Il chassa les sodomites du pays et fit disparaître toutes les idoles que ses pères avaient fabriquées.
13 Og jamvel mor si, Ma’aka, sette han ifrå hennar dronningrang, for di ho hadde late gjera eit styggjelegt bilæte for Asjera; Asa hogg ned det stygge bilætet hennar og brende det i Kidronsdalen.
Il chassa aussi Maaca, sa mère, de la royauté, parce qu'elle avait fait une image abominable d'Ashérah. Asa abattit son image et la brûla au torrent de Cédron.
14 Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren, so lenge han livde.
Mais les hauts lieux ne disparurent pas. Cependant le cœur d'Asa fut parfait avec Yahvé pendant toute sa vie.
15 Heilaggåvorne åt far sin og heilaggåvorne sine eigne flutte han inn i Herrens hus, sylv og gull og ymse ting.
Il apporta dans la maison de l'Éternel les choses que son père avait consacrées et celles qu'il avait lui-même consacrées: argent, or et ustensiles.
16 Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
Il y eut guerre entre Asa et Baescha, roi d'Israël, pendant toute leur vie.
17 Basea, Israels-kongen, drog upp imot Juda og bygde ei borg i Rama, av di han vilde hindra at nokon drog ut eller inn hjå Asa, kongen i Juda.
Baescha, roi d'Israël, monta contre Juda et bâtit Rama, afin de ne permettre à personne de sortir ou d'entrer chez Asa, roi de Juda.
18 Då tok Asa alt det sylv og gull som var att i skattkammeri i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden og lagde det i handi åt tenarane sine; so sende han dei til Benhadad, son åt Tabrimmon Hezjonsson, syrarkongen, som budde i Damaskus, med dei ordi:
Alors Asa prit tout l'argent et tout l'or qui restaient dans les trésors de la maison de l'Éternel et dans les trésors de la maison du roi, et il les remit entre les mains de ses serviteurs. Le roi Asa les envoya à Ben Hadad, fils de Tabrimmon, fils de Hezion, roi de Syrie, qui habitait à Damas, en disant:
19 «Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom far min og far din. Her sender eg deg ei gåva i sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Basea, Israels-kongen, so han lyt draga burt ifrå meg!»
« Qu'il y ait un traité entre moi et toi, comme celui qui a été conclu entre mon père et ton père. Voici que je t'envoie un présent d'argent et d'or. Va, romps ton traité avec Baasha, roi d'Israël, afin qu'il s'éloigne de moi. »
20 Og Benhadad lydde kong Asa og sende herførarane sine imot byarne i Israel og herja Ijon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og heile Kinnerot umfram heile Naftalilandet.
Ben Hadad écouta le roi Asa et envoya les chefs de ses armées contre les villes d'Israël. Il frappa Ijon, Dan, Abel Beth Maaca, et tout Chinneroth, avec tout le pays de Nephtali.
21 Då Basea no høyrde det, slutta han med borgbyggjingi i Rama og heldt seg sidan i ro i Tirsa.
Lorsque Baescha l'apprit, il cessa de construire Rama et s'établit à Thirtsa.
22 Men kong Asa baud ut heile Juda - ikkje ein var friteken - og dei tok burt steinar og trevyrke som Basea hadde bruka til byggverket i Rama; og med det gjorde no kong Asa Geba i Benjamin og Mispa til borgbyar.
Alors le roi Asa fit une proclamation à tout Juda. Personne n'en fut exempté. On emporta les pierres de Rama et le bois avec lequel Baescha avait construit, et le roi Asa s'en servit pour bâtir Guéba de Benjamin et Mitspa.
23 Det som elles er å fortelja um Asa, um alle storverki hans og alt han gjorde, um byarne som han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Men på sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føterne.
Et le reste de tous les actes d'Asa, et toute sa puissance, et tout ce qu'il a fait, et les villes qu'il a bâties, cela n'est-il pas écrit dans le livre des chroniques des rois de Juda? Mais au temps de sa vieillesse, il fut atteint d'une maladie des pieds.
24 Og Asa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin. Og Josafat, son hans, vart konge i staden hans.
Asa se coucha avec ses pères, et il fut enterré avec ses pères dans la ville de David, son père; et Josaphat, son fils, régna à sa place.
25 Nadab Jerobeamsson vart konge i Israel i det andre styringsåret åt Juda-kongen Asa og rådde yver Israel i tvo år.
Nadab, fils de Jéroboam, régna sur Israël la deuxième année d'Asa, roi de Juda, et il régna deux ans sur Israël.
26 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på vegen til far sin og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.
Il fit ce qui est mal aux yeux de l'Éternel, et il marcha dans la voie de son père, dans le péché par lequel il avait fait pécher Israël.
27 Men Basea Ahiason av Issakars hus fekk til ei samansverjing imot honom, og Basea slo honom i hel ved Gibbeton, som høyrde filistarane til; Nadab med heile Israel heldt då på å kringsette Gibbeton.
Baasha, fils d'Achija, de la maison d'Issacar, conspira contre lui, et Baasha le frappa à Gibbethon, qui appartenait aux Philistins, car Nadab et tout Israël assiégeaient Gibbethon.
28 Basea drap honom i det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa, og han vart so konge i staden hans.
La troisième année d'Asa, roi de Juda, Baasha le tua et régna à sa place.
29 Og då han var konge vorten, slo han i hel heile Jerobeams hus; han let det ikkje vera att ei livande sjæl av Jerobeams hus, men gjorde ende på, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, siloniten Ahia;
Dès qu'il fut roi, il frappa toute la maison de Jéroboam. Il ne laissa à Jéroboam aucun être qui respirait, jusqu'à ce qu'il l'eût fait périr, selon la parole que Yahvé avait prononcée par son serviteur Achija, le Silonite,
30 det var for dei synder skuld som Jerobeam hadde gjort, og som han hadde fenge Israel til å gjera, og for di han soleis hadde harma Herren, Israels Gud.
à cause des péchés que Jéroboam avait commis et par lesquels il avait fait pécher Israël, à cause de la provocation par laquelle il avait irrité Yahvé, le Dieu d'Israël.
31 Det som elles er å fortelja um Nadab og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
Et le reste des actes de Nadab, et tout ce qu'il a fait, n'est-ce pas écrit dans le livre des chroniques des rois d'Israël?
32 Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
Il y eut guerre entre Asa et Baescha, roi d'Israël, pendant toute leur vie.
33 I det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa vart Basea Ahiason konge yver heile Israel i Tirsa, og det var han i fire og tjuge år.
La troisième année d'Asa, roi de Juda, Baescha, fils d'Achija, régna sur tout Israël à Thirtsa pendant vingt-quatre ans.
34 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.
Il fit ce qui est mal aux yeux de l'Éternel et marcha dans la voie de Jéroboam, dans le péché par lequel il avait fait pécher Israël.