< 1 Kongebok 12 >
1 Og Rehabeam for til Sikem; for heile Israels var kome til Sikem og vilde taka honom til konge.
Og Roboam drog til Sikem; thi al Israel var kommen til Sikem for at gøre ham til Konge.
2 Men då Jerobeam Nebatsson frette det - han var endå i Egyptarland; han hadde rømt dit for kong Salomo, og Jerobeam budde soleis i Egyptarland,
Og det skete, der Jeroboam, Nebats Søn, hørte det — han var endnu i Ægypten, hvorhen han var flygtet fra Kong Salomos Ansigt, og Jeroboam boede i Ægypten,
3 og dei sende bod dit og bad honom heim att - då kom Jerobeam og heile Israels-lyden og tala med Rehabeam og sagde:
og de sendte hen og kaldte ham — saa kom Jeroboam og al Israels Menighed, og de talte med Roboam og sagde:
4 «Far din lagde på oss eit hardt ok; men vil du no letta på harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so vil me tena deg.»
Din Fader gjorde vort Aag haardt; men gør du os nu din Faders haarde Tjeneste og hans svare Aag, som han lagde paa os, lettere, saa ville vi tjene dig.
5 Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar og kom so til meg att!» Og folket gjekk.
Og han sagde til dem: Gaar hen endnu i tre Dage, og kommer igen til mig; og Folket gik.
6 Då rådførde kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de meg til å gjeva dette folket?»
Og Kong Roboam raadførte sig med de ældste, som havde staaet for hans Fader Salomos Ansigt, der han var levende, og sagde: Hvorledes raade I at give dette Folk Svar tilbage?
7 Dei svara honom og sagde: «Bøygjer du deg for dette folket i dag og er deim til tenesta og gjev deim gode ord til svar, so vil dei verta tenarane dine alle dagar.»
Og de sagde til ham saaledes: Dersom du vil være dette Folk til Tjeneste i Dag, og tjene dem og svare dem vel og tale gode Ord til dem, da blive de dine Tjenere alle Dage.
8 Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom; men rådførde seg med dei unge, som var uppvaksne upp i lag med honom og no stod i hans tenesta.
Men han forlod de ældstes Raad, som de madede ham, og raadførte sig med de unge, som vare opvoksede med ham, dem som stode for hans Ansigt.
9 Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»»
Og han sagde til dem: Hvad raade I, at vi skulle give dette Folk for Svar tilbage, som talte til mig, sigende: Gør du os dette Aag lettere, som din Fader lagde paa os?
10 Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far din lagde eit tungt ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - So skal du segja til deim: Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmane åt far min.
Og de unge, som vare opvoksede med ham, talte til ham, sigende: Saa skal du sige til det Folk, som talte til dig og sagde: Din Fader gjorde vort Aag svart, men gør du os det lettere, saa skal du tale til dem: Min Lillefinger skal være tykkere end min Faders Lænder.
11 Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg skal tukta dykk med skorpionar.»
Nu da, min Fader lagde eder et svart Aag paa, men jeg, jeg vil gøre eders Aag svarere; min Fader tugtede eder med Svøber, men jeg, jeg vil tugte eder med Skorpioner.
12 So kom Jerobeam og heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom hit til meg att tridje dagen!»
Saa kom Jeroboam og alt Folket til Roboam paa den tredje Dag, som Kongen havde talt og sagt: Kommer igen til mig paa den tredje Dag!
13 Då gav kongen folket eit hardt svar; for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom.
Og Kongen svarede Folket haardt og forlod de ældstes Raad, som de havde raadet ham.
14 Etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre. Hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar.»
Og han talte til dem efter de unges Raad og sagde: Min Fader gjorde eders Aag svart, men jeg, jeg vil gøre eders Aag svarere; min Fader tugtede eder med Svøber, men jeg, jeg vil tugte eder med Skorpioner.
15 Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Herren laga det soleis, so det ordet skulde sannast som Herren hadde tala til Jerobeam Nebatsson ved siloniten Ahia.
Og Kongen hørte ikke Folket; thi Aarsagen var fra Herren, for at han kunde stadfæste sit Ord, som Herren havde talt ved Siloniteren Ahia til Jeroboam, Nebats Søn.
16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim til hyttorne, Israel! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So for Israel heim kvar til sitt.
Der al Israel saa, at Kongen ikke vilde høre dem, da gav Folket Kongen et Svar tilbage og sagde: Hvad Del have vi da i David? vi have ingen Lod i Isajs Søn; Israel! drag til dine Telte; se nu til dit Hus, o David! Saa gik Israel til sine Telte.
17 Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge.
Dog Israels Børn, som boede i Judas Stæder, over dem regerede Roboam.
18 Og då kong Rehabeam sende i veg Adoram som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet, so steina heile Israel honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem.
Da sendte Kong Roboam Adoram, som var Rentemester, til dem, og al Israel stenede ham med Stene, saa at han døde; men Kong Roboam brugte al sin Styrke til at komme op i Vognen for at fly til Jerusalem.
19 So reiv då Israel seg laus ifrå Davids hus, og soleis hev det vore til denne dag.
Saa faldt Israel af fra Davids Hus indtil denne Dag.
20 Men då heile Israel frette at Jerobeam var komen att, sende dei bod og bad honom til tings og kåra honom til konge yver heile Israel; det var ingen som heldt fast på Davids hus, so nær som Juda-ætti åleine.
Og det skete, der al Israel hørte, at Jeroboam var kommen tilbage, da sendte de hen og kaldte ham til Menigheden og gjorde ham til Konge over al Israel; der var ingen, som fulgte efter Davids Hus, undtagen Judas Stamme alene.
21 Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israels hus og vinna kongedømet att for Rehabeam Salomoson.
Der Roboam kom til Jerusalem, da samlede han alt Judas Hus og Benjamins Stamme, hundrede og firsindstyve Tusinde udvalgte Krigsmænd, for at stride imod Israels Hus, at føre Riget tilbage til Roboam, Salomos Søn.
22 Men då kom Guds ord til gudsmannen Semaja soleis:
Men Guds Ord skete til Semaja, den Guds Mand, og sagde:
23 «Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket:
Tal til Roboam, Salomos Søn, Judas Konge, og til al Judas Hus og Benjamin og til det øvrige Folk, og sig:
24 So segjer Herren: «De skal ikkje fara upp og strida mot brørne dykkar, Israels-sønerne. Snu heim att, kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg.»» Då lydde dei Herrens ord og snudde og gjekk sin veg, som Herren hadde sagt.
Saaledes sagde Herren: I skulle ikke drage op og ej stride imod eders Brødre, Israels Børn, vender tilbage hver til sit Hus, thi denne Handel er sket af mig; og de adløde Herrens Ord og vendte tilbage for at gaa bort efter Herrens Ord.
25 Jerobeam bygde upp Sikem på Efraimsfjellet og busette seg der. Derifrå tok han ut og bygde upp Penuel.
Og Jeroboam byggede Sikem paa Efraims Bjerg og boede derudi, og han drog ud derfra og byggede Pnuel.
26 Og Jerobeam sagde med seg sjølv: «Riket kann snart ganga attende til Davids hus.
Og Jeroboam tænkte i sit Hjerte: Nu maatte Riget vende tilbage til Davids Hus.
27 Dersom dette folket fær fara upp til Herrens hus i Jerusalem og ofra, so kann folkehugen venda attende til hovdingen deira, Rehabeam, kongen i Juda; ja då drep dei gjerne meg og vender attende til Rehabeam, kongen i Juda.»
Dersom dette Folk skal gaa op at gøre Offer i Herrens Hus i Jerusalem, saa maatte dette Folks Hjerte vende tilbage til deres Herre, til Roboam, Judas Konge, ja de maatte slaa mig ihjel og vende tilbage til Roboam, Judas Konge.
28 Og då kongen hadde tenkt yver dette, laga han tvo gullkalvar, og han sagde til folket: «No lyt de vera nok med ferder upp til Jerusalem. Sjå her er guden din, Israel som førde deg upp or Egyptarlandet.»
Derfor holdt Kongen et Raad og gjorde to Guldkalve; og han sagde til dem: Det er eder for meget at gaa op til Jerusalem; se dine Guder, Israel! som førte dig op af Ægyptens Land.
29 Og han sette upp den eine i Betel, den andre sette han i Dan.
Og han satte den ene i Bethel, og den anden satte han i Dan.
30 Dette vart orsak til synd; folket gjekk radt til Dan og steig fram for den eine av deim.
Og denne Gerning blev til Synd; og Folket lige til Dan gik hen til en af dem.
31 Og han bygde hus på offerhaugarne og sette til prestar likt og ulikt, folk som ikkje var av Levi-sønerne.
Han gjorde Huset paa Højene og gjorde Præster af Folket i Flæng, som ikke vare af Levi Børn.
32 Og Jerobeam skipa til ei høgtid i den åttande månaden, på den femtande dagen i månaden, i likskap med høgtidi i Juda, og han ofra på altaret. So gjorde han i Betel, med di han ofra til kalvarne som han hadde laga, og dei som han hadde sett til offerhaug-prestar, let han gjera tenesta i Betel.
Og Jeroboam gjorde en Højtid i den ottende Maaned paa den femtende Dag i Maaneden ligesom Højtiden, som var i Juda, og ofrede paa Alteret; saaledes gjorde han i Bethel for at ofre til Kalvene, som han havde gjort; og han beskikkede Præster i Bethel til Højene, som han havde gjort.
33 Og han ofra på det altaret han hadde laga i Betel, den femtande dagen i åttande månaden, den månaden som han hadde valt ut etter sitt eige hovud. Han skipa då til ei høgtid for Israels-borni og steig upp til altaret og vilde kveikja offereld.
Og han ofrede paa Alteret, som han havde gjort i Bethel, paa den femtende Dag i den ottende Maaned, i Maaneden, som han havde optænkt af sit eget Hjerte, og gjorde en Højtid for Israels Børn og ofrede paa Alteret til at gøre Røgelse.