< 1 Kongebok 11 >

1 Kong Salomo hadde mange utlendske kvinnor som han elska - umfram dotter åt Farao; moabitiske, ammonitiske, edomitiske, sidoniske, hetitiske,
ソロモン王は多くの外国の女を愛した。すなわちパロの娘、モアブびと、アンモンびと、エドムびと、シドンびと、ヘテびとの女を愛した。
2 kvinnor av dei heidningfolki som Herren hadde åtvara Israels-sønerne imot og sagt: «De skal ikkje hava noko med deim, og ikkje dei med dykk; elles kjem dei visseleg til å snu hjarta dykkar til sine gudar.» Salomo heldt seg til desse i elsk.
主はかつてこれらの国民について、イスラエルの人々に言われた、「あなたがたは彼らと交わってはならない。彼らもまたあなたがたと交わってはならない。彼らは必ずあなたがたの心を転じて彼らの神々に従わせるからである」。しかしソロモンは彼らを愛して離れなかった。
3 Han hadde sju hundrad konor av fyrsteætt og tri hundrad fylgjekonor, og konorne vende hjarta hans.
彼には王妃としての妻七百人、そばめ三百人があった。その妻たちが彼の心を転じたのである。
4 Ja, då Salomo vart gamall, drog dei hjarta hans til andre gudar, so hjarta hans var ikkje heilt med Herren hans Gud, soleis som hjarta åt David, far hans.
ソロモンが年老いた時、その妻たちが彼の心を転じて他の神々に従わせたので、彼の心は父ダビデの心のようには、その神、主に真実でなかった。
5 Og Salomo fylgde Astarte, sidoniarguden, og Milkom, styggedomen åt ammonitarne.
これはソロモンがシドンびとの女神アシタロテに従い、アンモンびとの神である憎むべき者ミルコムに従ったからである。
6 Soleis gjorde Salomo det som var vondt i Herrens augo, og fylgde ikkje Herren i eit og alt som David, far hans.
このようにソロモンは主の目の前に悪を行い、父ダビデのように全くは主に従わなかった。
7 Salomo bygde då ein offerhaug på berget austanfor Jerusalem åt Kamos, styggedomen åt Moab, og for Molek, styggedomen åt Ammons-sønerne.
そしてソロモンはモアブの神である憎むべき者ケモシのために、またアンモンの人々の神である憎むべき者モレクのためにエルサレムの東の山に高き所を築いた。
8 Og det same gjorde han for alle dei utlendske konorne sine, so dei fekk brenna røykjelse og ofra til gudarne sine.
彼はまた外国のすべての妻たちのためにもそうしたので、彼女たちはその神々に香をたき、犠牲をささげた。
9 Då vart Herren harm på Salomo, for di han hadde vendt hjarta sitt burt ifrå Herren, Israels Gud, som hadde openberra seg for honom tvo gonger
このようにソロモンの心が転じて、イスラエルの神、主を離れたため、主は彼を怒られた。すなわち主がかつて二度彼に現れ、
10 og gjeve honom eit serskilt bod um dette, at han ikkje skulde fylgja andre gudar; men han hadde ikkje agta på Herrens bod.
この事について彼に、他の神々に従ってはならないと命じられたのに、彼は主の命じられたことを守らなかったからである。
11 Difor sagde Herren til Salomo: «Etter di du er komen på dette, og ikkje hev halde pakti mi og loverne mine, som eg hev gjeve deg, vil eg riva riket ifrå deg og gjeva det til tenaren din.
それゆえ、主はソロモンに言われた、「これがあなたの本心であり、わたしが命じた契約と定めとを守らなかったので、わたしは必ずあなたから国を裂き離して、それをあなたの家来に与える。
12 Men for David, far din, skuld vil eg ikkje gjera dette i di tid; eg riv det or handi på son din.
しかしあなたの父ダビデのために、あなたの世にはそれをしないが、あなたの子の手からそれを裂き離す。
13 Heile riket vil eg like vel ikkje riva ifrå honom. Eitt fylke vil eg gjeva son din for David, far din, skuld og for Jerusalem skuld, som eg hev valt ut.»
ただし、わたしは国をことごとくは裂き離さず、わたしのしもべダビデのために、またわたしが選んだエルサレムのために一つの部族をあなたの子に与えるであろう」。
14 Og Herren vekte upp ein motmann imot Salomo; edomiten Hadad; han var av kongsætti i Edom.
こうして主はエドムびとハダデを起して、ソロモンの敵とされた。彼はエドムの王家の者であった。
15 Då David var i Edom, og herhovdingen Joab for upp og skulde gravleggja dei falne og med det same slo i hel alt som mann var i Edom
さきにダビデはエドムにいたが、軍の長ヨアブが上っていって、戦死した者を葬り、エドムの男子をことごとく打ち殺した時、
16 - for Joab og heile Israel vart verande der i seks månader, til dess han hadde rudt ut alt som mann var i Edom -
(ヨアブはイスラエルの人々と共に六か月そこにとどまって、エドムの男子をことごとく断った)。
17 då rømde denne Hadad, han sjølv og nokre edomitiske menner, som hadde vore i tenesta hjå far hans, og tok vegen til Egyptarland. Hadad var den gong ein liten gut.
ハダデはその父のしもべである数人のエドムびとと共に逃げてエジプトへ行こうとした。その時ハダデはまだ少年であった。
18 Og dei drog ut frå Midjan og kom til Paran; frå Paran tok dei med seg nokre menner og kom til Egyptarland til Farao, egyptarkongen; han gav honom eit hus og rettleide honom med upphald og let honom få jord.
彼らがミデアンを立ってパランへ行き、パランから人々を伴ってエジプトへ行き、エジプトの王パロのところへ行くと、パロは彼に家を与え、食糧を定め、かつ土地を与えた。
19 Hadad fann stor godvilje hjå Farao, so han gav honom til kona syster åt kona si, syster åt dronning Tahpenes.
ハダデは大いにパロの心にかなったので、パロは自分の妻の妹すなわち王妃タペネスの妹を妻として彼に与えた。
20 Og denne syster åt Tahpenes fødde sonen Genubat åt honom; Tahpenes vande honom av i huset åt Farao, og Genubat vart verande i huset der med sønerne åt Farao.
タペネスの妹は彼に男の子ゲヌバテを産んだので、タペネスはその子をパロの家のうちで乳離れさせた。ゲヌバテはパロの家で、パロの子どもたちと一緒にいた。
21 Men då Hadad høyrde i Egyptarland, at David hadde lagt seg til kvile hjå federne sine, og at Joab, stridshovdingen, var avliden, so sagde Hadad til Farao: «Slepp meg no, so eg kann fara heim til landet mitt!»
さてハダデはエジプトで、ダビデがその先祖と共に眠ったことと、軍の長ヨアブが死んだことを聞いたので、ハダデはパロに言った、「わたしを去らせて、国へ帰らせてください」。
22 Farao sagde til honom: «Kva saknar du her hjå meg, sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting; men du må plent lata meg fara.»
パロは彼に言った、「わたしと共にいて、なんの不足があって国へ帰ることを求めるのですか」。彼は言った、「ただ、わたしを帰らせてください」。
23 Gud vekte upp ein motmann til imot Salomo: Rezon Eljadason; han var rømd ifrå herren sin, Hadadezer, kongen i Soba.
神はまたエリアダの子レゾンを起してソロモンの敵とされた。彼はその主人ゾバの王ハダデゼルのもとを逃げ去った者であった。
24 Der samla han ein flokk um seg, den gong David slo folket i hel, og vart røvarhovding; dei drog av til Damaskus, slo seg ned der og styrde i Damaskus.
ダビデがゾバの人々を殺した後、彼は人々を自分のまわりに集めて略奪隊の首領となった。彼らはダマスコへ行って、そこに住み、ダマスコで彼を王とした。
25 Han vart ein motmann imot Israel so lenge Salomo livde, og skadde det, både han og Hadad; han hata Israel og vart konge yver Syria.
彼はソロモンの一生の間、イスラエルの敵となって、ハダデがしたように害をなし、イスラエルを憎んでスリヤを治めた。
26 Ein av mennerne åt Salomo heitte Jerobeam; han var son åt Nebat, ein efraimit frå Sereda; mor hans heitte Serua og var enkja. Og han gjorde uppreist mot kongen.
ゼレダのエフライムびとネバテの子ヤラベアムはソロモンの家来であったが、その母の名はゼルヤといって寡婦であった。彼もまたその手をあげて王に敵した。
27 Grunnen til at han lyfte hand imot kongen, var dette: Salomo bygde Millo og sette stengsla for opningi til byen åt David, far sin.
彼が手をあげて、王に敵した事情はこうである。ソロモンはミロを築き、父ダビデの町の破れ口をふさいでいた。
28 No var Jerobeam ein dugande kar, og då Salomo såg at han var drivande i arbeidet sitt, sette han honom til tilsynsmann yver alt arbeidet som Josefs hus hadde på seg.
ヤラベアムは非常に手腕のある人であったが、ソロモンはこの若者がよく働くのを見て、彼にヨセフの家のすべての強制労働の監督をさせた。
29 So hende det ein gong ved det leitet, at Jerobeam var gjengen ut or Jerusalem, og at profeten Ahia frå Silo råka honom på vegen. Han hadde på seg ei ny kåpa, og dei var tvo-eine på marki.
そのころ、ヤラベアムがエルサレムを出たとき、シロびとである預言者アヒヤが道で彼に会った。アヒヤは新しい着物を着ていた。そして彼らふたりだけが野にいた。
30 Då tok Ahia den nye kåpa han hadde på seg, og reiv henne i tolv stykke.
アヒヤは着ている着物をつかんで、それを十二切れに裂き、
31 Og han sagde til Jerobeam: «Tak deg ti stykke! For so segjer Herren, Israels Gud: «Sjå, eg vil riva riket ut or handi på Salomo og gjeva deg ti av ætterne;
ヤラベアムに言った、「あなたは十切れを取りなさい。イスラエルの神、主はこう言われる、『見よ、わたしは国をソロモンの手から裂き離して、あなたに十部族を与えよう。
32 men den eine ætti skal han få hava for David skuld, tenaren min, og for Jerusalem skuld, den byen eg hev valt millom alle Israels fylke.
(ただし彼はわたしのしもべダビデのために、またわたしがイスラエルのすべての部族のうちから選んだ町エルサレムのために、一つの部族をもつであろう)。
33 Det skal ganga so, for di dei hev vike ifrå meg og bede til Astarte, sidonarguden, til Kamos, Moabs-guden, og til Milkom, ammonitarguden, og ikkje gjenge mine vegar, ikkje gjort det som rett er i mine augo, eller halde loverne mine og bodi mine, soleis som David, far hans, gjorde.
それは彼がわたしを捨てて、シドンびとの女神アシタロテと、モアブの神ケモシと、アンモンの人々の神ミルコムを拝み、父ダビデのように、わたしの道に歩んで、わたしの目にかなう事を行い、わたしの定めと、おきてを守ることをしなかったからである。
34 Eg vil like vel ikkje taka noko av riket ifrå honom sjølv, men lata honom vera fyrste so lenge han liver, for David skuld, tenaren min, han som eg valde ut, og som agta på bodi og loverne mine.
しかし、わたしは国をことごとくは彼の手から取らない。わたしが選んだ、わたしのしもべダビデが、わたしの命令と定めとを守ったので、わたしは彼のためにソロモンを一生の間、君としよう。
35 Men ifrå son hans vil eg taka riket, og gjeva deg det, dei ti ætterne, meiner eg;
そして、わたしはその子の手から国を取って、その十部族をあなたに与える。
36 son hans vil eg gjeva ein av ætterne, so tenaren min, David, alle dagar må hava ei lampa framfor mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg ut til bustad for namnet mitt.
その子には一つの部族を与えて、わたしの名を置くために選んだ町エルサレムで、わたしのしもべダビデに、わたしの前に常に一つのともしびを保たせるであろう。
37 Deg vil eg då kåra, du skal råda yver alt du hev hug til, og vera konge yver Israel.
わたしがあなたを選び、あなたはすべて心の望むところを治めて、イスラエルの上に王となるであろう。
38 Og lyder du alt som eg byd deg, og gjeng mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, so du held loverne mine og bodi mine, soleis som David, tenaren min, gjorde, so vil eg vera med deg og byggja deg eit hus som stend fast, soleis som eg bygde for David, og gjeva deg Israel.
もし、あなたが、わたしの命じるすべての事を聞いて、わたしの道に歩み、わたしの目にかなう事を行い、わたしのしもべダビデがしたように、わたしの定めと戒めとを守るならば、わたしはあなたと共にいて、わたしがダビデのために建てたように、あなたのために堅固な家を建てて、イスラエルをあなたに与えよう。
39 Og Davids ætt vil eg mykja for dette, men like vel ikkje for alltid.»»
わたしはこのためにダビデの子孫を苦しめる。しかし永久にではない』」。
40 Salomo freista å taka livet av Jerobeam; men Jerobeam reis upp og rømde undan til Egyptarland til egyptarkongen Sisak, og han vart verande i Egyptarland til Salomo døydde.
ソロモンはヤラベアムを殺そうとしたが、ヤラベアムは立ってエジプトにのがれ、エジプト王シシャクのところへ行って、ソロモンの死ぬまでエジプトにいた。
41 Det som elles er å fortelja um Salomo og alt det han gjorde, og um visdomen hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Salomo.
ソロモンのそのほかの事績と、彼がしたすべての事およびその知恵は、ソロモンの事績の書にしるされているではないか。
42 Den tid Salomo var konge i Jerusalem yver heile Israel, var fyrti år.
ソロモンがエルサレムでイスラエルの全地を治めた日は四十年であった。
43 So lagde Salomo seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge i staden hans.
ソロモンはその先祖と共に眠って、父ダビデの町に葬られ、その子レハベアムが代って王となった。

< 1 Kongebok 11 >