< 1 Kongebok 10 >
1 Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og vilde røyna honom med djupe gåtor.
Ko je kraljica iz Sabe slišala o Salomonovem slovesu glede Gospodovega imena, je prišla, da ga preizkusi s težkimi vprašanji.
2 Ho kom til Jerusalem med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar, og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.
Prišla je v Jeruzalem z zelo velikim spremstvom, s kamelami, ki so nosile dišave, zelo veliko zlata in [z] dragocenimi kamni. Ko je prišla k Salomonu, se je z njim posvetovala o vsem, kar je bilo na njenem srcu.
3 Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar. For honom var ingenting dult, som han ikkje kunde svara på.
Salomon ji je povedal [odgovore na] vsa njena vprašanja. Ničesar ni bilo skritega pred kraljem, kar ji ne bi povedal.
4 Då dronningi frå Saba såg all Salomos visdom og såg huset han hadde bygt,
Ko je kraljica iz Sabe videla vso Salomonovo modrost in hišo, ki jo je zgradil,
5 og retterne på bordet hans, og korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, og skjenkjarsveinarne hans og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, då vart ho reint ifrå seg.
hrano njegove mize, sedenje njegovih služabnikov in položaj njegovih strežnikov, njihovo obleko, njegove dvorne točaje in njegovo vzpenjanje, s katerim je odšel gor h Gospodovi hiši, v njej ni bilo več duha.
6 Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det ordet eg høyrde i landet mitt um deg og um visdomen din!
Rekla je kralju: »Poročilo, ki sem ga slišala v svoji lastni deželi, o tvojih dejanjih in o tvoji modrosti, je bilo resnično.
7 Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg sjølv kom og fekk sjå det med mine eigne augo; ikkje helvti hev dei fortalt meg, det ser eg no; i visdom og vyrdnad gjeng du yver det gjetordet eg hev høyrt um deg.
Vendar nisem verjela besedam, dokler nisem prišla in so moje oči to videle. Glej, niti polovice mi niso povedali. Tvoja modrost in uspevanje presega sloves, ki sem ga slišala.
8 Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din.
Srečni so tvoji možje, srečni so ti tvoji služabniki, ki nenehno stojijo pred teboj in ki slišijo tvojo modrost.
9 Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på Israels kongsstol! For di Herren elskar Israel alle dagar, sette han deg til konge, so du kann skipa rett og rettferd.»
Blagoslovljen bodi Gospod, tvoj Bog, ki se je razveseljeval v tebi, da te je posadil na Izraelov prestol. Ker je Gospod na veke ljubil Izraela, zato te je postavil za kralja, da izvajaš sodbo in pravico.«
10 So gav ho kongen tri hundrad våger gull og kryddor i store mengder og glimesteinar; so stor mengd av kryddor som den dronningi frå Saba gav kong Salomo, hev aldri vorte innførd sidan.
Kralju je izročila sto dvajset talentov zlata in od dišav zelo veliko zalogo in dragocene kamne. Tja ni prišlo več takšno obilje dišav kakor te, ki jih je kraljica iz Sabe dala kralju Salomonu.
11 Då skipi til Hiram henta gull frå Ofir, tok dei og med almuggim-tre i stor mengd og dyre steinar frå Ofir.
Prav tako je Hirámova mornarica, ki je iz Ofírja pripeljala zlato, iz Ofírja pripeljala veliko obilje sandalovine in dragocenih kamnov.
12 Av almuggim-treet fekk kongen tillaga handrid til Herrens hus og til huset åt kongen, og like eins cithrar og harpor til songarane; so mykje almuggim-tre hev aldri vore innført eller set sidan til denne dag.
Kralj je iz sandalovine naredil stebre za Gospodovo hišo in za kraljevo hišo, tudi harfe in plunke za pevce. Do tega dne tja ni prišlo nobene takšne sandalovine niti jih niso videli.
13 Og kong Salomo gav dronningi frå Saba alt det ho hadde hug på, og bad um, umfram det han gav henne i samhøve med Salomos kongelege vyrdnad. So snudde ho heim att til sitt land, ho sjølv og tenarane hennar.
Kralj Salomon je kraljici iz Sabe izročil vse njene želje, karkoli je prosila, poleg tega, kar ji je Salomon dal od svoje kraljeve radodarnosti. Tako se je obrnila in odšla v svojo lastno deželo, ona in njeni služabniki.
14 Det gullet som kom inn til Salomo på eit år, vog sekstan hundrad og seks og seksti våger,
Torej teža zlata, ki je v enem letu prišla k Salomonu, je bila šeststo šestinšestdeset talentov zlata,
15 og då var ikkje medrekna det som kom inn frå kjøpmennerne og av kræmarhandelen og frå alle kongarne i Arabia og frå jarlarne i landet.
poleg tega kar je imel od trgovcev, od preprodaje trgovcev z dišavami, od vseh kraljev iz Arabije in od voditeljev dežele.
16 Og kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av uthamra gull - seks hundrad lodd gull gjekk med til kvar skjold -
Kralj Salomon je naredil dvesto okroglih ščitov iz kovanega zlata. Šeststo šeklov zlata je šlo k enemu okroglemu ščitu.
17 og tri hundrad små skjoldar av uthamra gull - eit hundrad og åtteti lodd gull gjekk med til kvar skjold - og kongen sette deim upp i Libanonskoghuset.
Naredil je tristo ščitov iz kovanega zlata. Tri funte zlata je šlo za en ščit. Kralj jih je postavil v hiši libanonskega gozda.
18 Kongen let og gjera ein stor kongsstol av flisbein og klædde honom med skirt gull.
Poleg tega je kralj naredil velik prestol iz slonovine in ga prevlekel z najboljšim zlatom.
19 Kongsstolen hadde seks stig, og ryggstydi på kongsstolen var avrunda ovantil; på båe sidor av sætet var der armar, og attmed armarne stod tvo løvor;
Prestol je imel šest stopnic in vrh prestola je bil zadaj okrogel. Na vsaki strani prestola sta bili naslonjali za roke in dva leva sta stala poleg naslonjal za roke.
20 og tolv løvor stod det på dei seks stigi, på båe sidor. Maken til dette var ikkje laga i noko kongerike.
Dvanajst levov je stalo na eni strani in na drugi, na šestih stopnicah. Kaj podobnega ni bilo narejenega v nobenem kraljestvu.
21 Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle gognerne i Libanonskoghuset var og av skirt gull; sylv fanst det ikkje; det var ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
Vse Salomonove posode za pitje so bile iz zlata in vse posode hiše libanonskega gozda so bile iz čistega zlata, nobena ni bila iz srebra. V Salomonovih dneh le-to ni veljalo za nič.
22 For kongen hadde sine Tarsis-skip på havet attåt floten til Hiram. Ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi heim og hadde med seg gull og sylv, og filsbein og apor og påfuglar.
Kajti kralj je imel na morju taršíško mornarico s Hirámovo mornarico. Enkrat na tri leta je prišla mornarica iz Taršíša noseč zlato, srebro, slonovino, opice in pave.
23 Kong Salomo vart større enn alle kongar på jordi i rikdom og visdom.
Tako je kralj Salomon zaradi bogastva in zaradi modrosti prekosil vse zemeljske kralje.
24 Folk frå alle land vitja Salomo og vilde høyra visdomen hans, som Gud hadde lagt i hjarta hans.
Vsa zemlja je iskala Salomona, da sliši njegovo modrost, ki jo je Bog položil v njegovo srce.
25 Og då hadde kvar og ein av desse med seg gåvor: ymse ting av sylv og gull, klæde og våpn, kryddor, hestar og muldyr. Soleis gjekk det år etter år.
Vsak mož je prinesel svoje darilo, posode iz srebra, posode iz zlata, obleke, bojno opremo, dišave, konje, mule in to leto za letom.
26 Salomo samla stridsvogner og hestfolk, so han hadde fjortan hundrad stridsvogner og tolv tusund hestfolk; og deim gav han læger i vognbyarne og i Jerusalem hjå kongen sjølv.
Salomon je zbral skupaj bojne vozove in konjenike. Imel je tisoč štiristo bojnih voz in dvanajst tisoč konjenikov, ki jih je usmeril v mesta za bojne vozove in s kraljem v Jeruzalem.
27 Og kongen gjorde sylvet i Jerusalem so vanleg som stein og cedertre som morberfiketre i låglandet.
Kralj je storil, da je bilo v Jeruzalemu zaradi obilja srebra kakor kamnov in storil, da je bilo ceder kakor egiptovskih smokev, ki so v dolini.
28 Og hestarne som Salomo fekk seg, førde han inn frå Egyptarland; ein flokk kjøpmenner hjå kongen henta ei viss mengd til ein fastsett pris.
Salomon je imel konje, privedene iz Egipta in laneno prejo. Kraljevi trgovci so laneno prejo prejeli za ceno.
29 Kvar vogn som vart henta upp og utførd frå Egyptarland, kosta seks hundrad lodd sylv, og kvar hest eit hundrad og femti. På same vis vart dei, med deira hjelp, utførde til alle kongarne hjå hetitarne og i Syria.
Bojni voz je prišel gor in se iz Egipta pripeljal za šeststo šeklov srebra, konj pa [za] sto petdeset. Tako so jih za vse hetejske kralje in za sirske kralje privedli ven z njihovimi sredstvi.