< 1 Krønikebok 29 >
1 Og kong David sagde til heile lyden: «Salomo, son min, den einaste Gud hev valt ut, er ung og kløkk, og arbeidet er stort; for denne borgi er ikkje etla til eit menneskje, men til Gud Herren.
locutusque est David rex ad omnem ecclesiam Salomonem filium meum unum elegit Deus adhuc puerum et tenellum opus autem grande est neque enim homini praeparatur habitatio sed Deo
2 Men det meste eg hev kunna, hev eg, åt huset for min Gud, rådt meg gull til det som skal vera av gull, sylv til det som skal vera av sylv, kopar til det som skal vera av kopar, jarn til det som skal vera av jarn, og tre til det som skal vera av tre, dessutan sjohamsteinar og andre innfellingssteinar, svartblanke og brokute steinar, stutt sagt allskyns dyre steinar og marmorstein i mengd.
ego autem totis viribus meis praeparavi inpensas domus Dei mei aurum ad vasa aurea et argentum in argentea aes in aenea ferrum in ferrea lignum ad lignea lapides onychinos et quasi stibinos et diversorum colorum omnem pretiosum lapidem et marmor parium abundantissime
3 Og etter di eg tykkjer um Guds hus, gjev eg dessutan det eg eig av gull og sylv til min Guds hus umfram alt det eg hev rådt meg åt det heilage huset,
et super haec quae obtuli in domum Dei mei de peculio meo aurum et argentum do in templum Dei mei exceptis his quae paravi in aedem sanctam
4 tri tusund talent gull, Ofir-gull, og sju tusund talent reinsa sylv, so dei kann klæda veggjerne i husi med det,
tria milia talenta auri de auro Ophir et septem milia talentorum argenti probatissimi ad deaurandos parietes templi
5 og gjera alle dei ting som skal vera av gull, og deim som skal vera av sylv, ja, all slags arbeid som kunstmenner kann gjera. Vil då nokon annan no i dag godvilljugt fylla handi si med gåvor åt Herren?»
ut ubicumque opus est aurum de auro et ubicumque opus est argentum argenti opera fiant per manus artificum et si quis sponte offert impleat manum suam hodie et offerat quod voluerit Domino
6 Dei kom då friviljugt, hovdingarne for ættgreinerne og Israels ættarhovdingar, og hovdingarne yver tusund og yver hundrad og formennerne yver kongens arbeid.
polliciti sunt itaque principes familiarum et proceres tribuum Israhel tribuni quoque et centuriones et principes possessionum regis
7 Og dei gav til arbeidet på Guds hus fem tusund talent og femti tusund dalar gull, ti tusund talent sylv, attan tusund talent kopar og eit hundrad tusund talent jarn.
dederuntque in opera domus Dei auri talenta quinque milia et solidos decem milia argenti talenta decem milia et aeris talenta decem et octo milia ferri quoque centum milia talentorum
8 Og kvar og ein som hadde dyre steinar i sitt eige, gav deim til skatten i Herrens hus, som gersoniten Jehiel hadde i varveitsla.
et apud quemcumque inventi sunt lapides dederunt in thesaurum domus Domini per manum Ieihel Gersonitis
9 Og folket gledde seg yver at dei gav unøydde; for av heile sitt hjarta kom dei friviljugt med gåvorne sine åt Herren; kong David og gledde seg storom.
laetatusque est populus cum vota sponte promitterent quia corde toto offerebant ea Domino sed et David rex laetatus est gaudio magno
10 Og David lova Herren framfor heile lyden; David sagde: «Lova vere du, Herre, du Gud åt far vår Israel, frå æva til æva!
et benedixit Domino coram universa multitudine et ait benedictus es Domine Deus Israhel patris nostri ab aeterno in aeternum
11 Deg, Herre, høyrer stordomen til og velde og æra og bragd og herlegdom, ja, alt som i himmelen og på jordi er; ditt er riket, Herre, og du hev hevja deg upp til eit hovud yver alt.
tua est Domine magnificentia et potentia et gloria atque victoria et tibi laus cuncta enim quae in caelo sunt et in terra tua sunt tuum Domine regnum et tu es super omnes principes
12 Rikdom og æra kjem frå deg, du råder yver alt, og i di hand er kraft og velde; det stend i di hand å gjera alt stort og sterkt.
tuae divitiae et tua est gloria tu dominaris omnium in manu tua virtus et potentia in manu tua magnitudo et imperium omnium
13 So prisar me deg no, vår Gud, og lover ditt herlege namn.
nunc igitur Deus noster confitemur tibi et laudamus nomen tuum inclitum
14 For kven er eg, og kva er folket mitt, at me sjølve skulde evla å gjeva slike gåvor friviljugt? Nei, frå deg kjem alt, og or di hand hev me gjeve deg det.
quis ego et quis populus meus ut possimus haec tibi universa promittere tua sunt omnia et quae de manu tua accepimus dedimus tibi
15 For me er framande for di åsyn, og gjester som alle våre feder; som ein skugge er våre dagar på jordi, og utan von.
peregrini enim sumus coram te et advenae sicut omnes patres nostri dies nostri quasi umbra super terram et nulla est mora
16 Herre, vår Gud, all denne midelen som me hev rådt oss, so me kunde byggja deg eit hus for det heilage namnet ditt - frå di hand er han komen, og ditt er alt i hop.
Domine Deus noster omnis haec copia quam paravimus ut aedificaretur domus nomini sancto tuo de manu tua est et tua sunt omnia
17 Og eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og hev hugnad i det som rett er. Med ærlegt hjarta hev eg bore fram alle desse gåvorne sjølvviljugt, og no hev eg set med gleda korleis folket ditt, som her stend, hev sjølvviljugt bore fram åt deg gåvorne sine.
scio Deus meus quod probes corda et simplicitatem diligas unde et ego in simplicitate cordis mei laetus obtuli universa haec et populum tuum qui hic reppertus est vidi cum ingenti gaudio tibi offerre donaria
18 Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, fedreguden vår, lat hugen og tankarne hjå folket ditt allstødt vera viljuge til slike ting, og vend hjarto deira til deg!
Domine Deus Abraham et Isaac et Israhel patrum nostrorum custodi in aeternum hanc voluntatem cordis eorum et semper in venerationem tui mens ista permaneat
19 Og gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta til å fylja bodi, loverne og fyreskrifterne dine, og gjera alt dette, og byggja den borgi som eg hev gjort fyrebuingar til!»
Salomoni quoque filio meo da cor perfectum ut custodiat mandata tua testimonia tua caerimonias tuas et faciat universa et aedificet aedem cuius inpensas paravi
20 So sagde David til heile lyden: «Lova Herren, dykkar Gud!» Og heile lyden lova Herren, fedreguden sin, og kasta seg ned å gruve for Herren og for kongen.
praecepit autem David universae ecclesiae benedicite Domino Deo nostro et benedixit omnis ecclesia Domino Deo patrum suorum et inclinaverunt se et adoraverunt Deum et deinde regem
21 Og andre dagen slagta dei slagtoffer og ofra brennoffer åt Herren: tusund uksar, tusund verar og tusund lamb med dei drykkofferi som til høyrde, og ei stor mengd med slagtoffer for heile Israel.
immolaveruntque victimas Domino et obtulerunt holocausta die sequenti tauros mille arietes mille agnos mille cum libaminibus suis et universo ritu abundantissime in omnem Israhel
22 Og dei åt og drakk for Herrens åsyn på den dagen med stor gleda. Og dei gjorde Salomo, son åt David, andre gongen til konge; dei salva honom til ein fyrste for Herren, og Sadok til prest.
et comederunt et biberunt coram Domino in die illo cum grandi laetitia et unxerunt secundo Salomonem filium David unxerunt autem Domino in principem et Sadoc in pontificem
23 Og Salomo konge sat då konge i Herrens kongsstol etter David, far sin, og var lukkeleg, og heile Israel lydde honom.
seditque Salomon super solium Domini in regem pro David patre suo et cunctis placuit et paruit illi omnis Israhel
24 Og alle hovdingarne og kjemporne, og dessutan alle sønerne åt kong David gav seg under kong Salomo.
sed et universi principes et potentes et cuncti filii regis David dederunt manum et subiecti fuerunt Salomoni regi
25 Og Herren gjorde Salomo ovleg stor for augo åt heile Israel og gav honom ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel fyre honom hadde havt.
magnificavit ergo Dominus Salomonem super omnem Israhel et dedit illi gloriam regni qualem nullus habuit ante eum rex Israhel
26 Men David, son åt Isai, hadde rådt yver heile Israel.
igitur David filius Isai regnavit super universum Israhel
27 Den tidi han var konge yver Israel, var fyrti år; i Hebron styrde han i sju år, og i Jerusalem styrde han i tri og tretti år.
et dies quibus regnavit super Israhel fuerunt quadraginta anni in Hebron regnavit septem annis et in Hierusalem triginta tribus
28 Og han døydde i ein god alderdom, mett av dagar og rikdom og æra. Og Salomo, son hans, vart konge i staden hans.
et mortuus est in senectute bona plenus dierum et divitiis et gloria regnavitque Salomon filius eius pro eo
29 Og soga um kong David frå upphavet til enden, ho er uppskrivi i krønikeboki åt sjåaren Samuel, i krønikeboki åt profeten Natan og i krønikeboki åt sjåaren Gad.
gesta autem David regis priora et novissima scripta sunt in libro Samuhel videntis et in libro Nathan prophetae atque in volumine Gad videntis
30 Der er og fortalt um heile styringi hans, og um storverki hans, og den lagnad som kom yver honom og Israel og alle andre land og rike.
universique regni eius et fortitudinis et temporum quae transierunt sub eo sive in Israhel sive in cunctis regnis terrarum