< 1 Krønikebok 23 >
1 Då David var gamall og mett av dagar, gjorde han Salomo, son sin, til konge yver Israel.
Igitur David, senex et plenus dierum, regem constituit Salomonem filium suum super Israël.
2 Og han samla alle hovdingarne i Israel, og prestarne og levitarne.
Et congregavit omnes principes Israël, et sacerdotes atque Levitas.
3 Og levitarne vart talde, ein for ein, dei som var tretti år gamle eller meir, og talet på alle karfolki var åtte og tretti tusund.
Numeratique sunt Levitæ a triginta annis et supra: et inventa sunt triginta octo millia virorum.
4 «Av desse, » sagde han, «skal fire og tjuge tusund standa fyre arbeidet i Herrens hus, og seks tusund skal vera formenner og domarar,
Ex his electi sunt, et distributi in ministerium domus Domini, viginti quatuor millia: præpositorum autem et judicum, sex millia.
5 fire tusund skal vera dørvaktarar, og fire tusund skal lovsyngja Herren til dei spelgognerne som eg hev late gjera til lovsongen.»
Porro quatuor millia janitores, et totidem psaltæ, canentes Domino in organis quæ fecerat ad canendum.
6 Og David skifte deim i skift etter sønerne åt Levi: Gerson, Kehat og Merari.
Et distribuit eos David per vices filiorum Levi, Gerson videlicet, et Caath, et Merari.
7 Til gersonitarne høyrde Ladan og Sime’i.
Filii Gerson: Leedan, et Semei.
8 Sønerne hans Ladan var Jehiel, hovdingen, Zetam og Joel, tri mann.
Filii Leedan: princeps Jahiel, et Zethan, et Joël, tres.
9 Sønerne hans Sime’i var Selomot og Haziel og Haran, tri; dei var hovdingarne for Ladans-ættgreinerne.
Filii Semei: Salomith, et Hosiel, et Aran, tres: isti principes familiarum Leedan.
10 Og sønerne åt Sime’i var Jahat, Ziza og Je’us og Beria; desse fire var sønerne hans Sime’i.
Porro filii Semei: Leheth, et Ziza, et Jaus, et Baria: isti filii Semei, quatuor.
11 Jahat var hovdingen, og Ziza var den andre. Men Je’us og Beria hadde ikkje mange born, difor vart dei rekna for ei ættgrein, ein flokk for seg.
Erat autem Leheth prior, Ziza secundus: porro Jaus et Baria non habuerunt plurimos filios, et idcirco in una familia, unaque domo computati sunt.
12 Sønerne åt Kahat var Amram, Jishar, Hebron og Uzziel, fire.
Filii Caath: Amram, et Isaar, Hebron, et Oziel, quatuor.
13 Sønerne hans Amram var Aron og Moses. Og Aron vart utskild - han skulde vigjast til å vera høgheilag i all æva, han og sønerne hans, og skulde brenna røykjelse for Herren og tena honom og lysa velsigning i hans namn til æveleg tid.
Filii Amram: Aaron et Moyses. Separatusque est Aaron ut ministraret in Sancto sanctorum, ipse et filii ejus in sempiternum, et adoleret incensum Domino secundum ritum suum, ac benediceret nomini ejus in perpetuum.
14 Men sønerne åt Moses, Guds mann, vert rekna til Levi-ætti.
Moysi quoque hominis Dei filii annumerati sunt in tribu Levi.
15 Sønerne åt Moses var Gersom og Eliezer.
Filii Moysi: Gersom et Eliezer.
16 Av Gersoms-sønerne var Sebuel hovding.
Filii Gersom: Subuel primus.
17 Og av Eliezer-sønerne var Rehabja hovding. Eliezer hadde ikkje fleire søner; men sønerne hans Rehabja var ovleg mange.
Fuerunt autem filii Eliezer: Rohobia primus: et non erant Eliezer filii alii. Porro filii Rohobia multiplicati sunt nimis.
18 Av Jishars-sønerne var Selomit hovdingen.
Filii Isaar: Salomith primus.
19 Hebrons-sønerne var Jerija hovdingen, Amarja, var den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.
Filii Hebron: Jeriau primus, Amarias secundus, Jahaziel tertius, Jecmaam quartus.
20 Av Uzziels-sønerne var Mika hovding, og Jissia den andre.
Filii Oziel: Micha primus, Jesia secundus.
21 Merari-sønerne var Mahli og Musi. Sønerne hans Mahli var Eleazar og Kis.
Filii Merari: Moholi, et Musi. Filii Moholi: Eleazar et Cis.
22 Då Eleazar døydde, hadde han ingi søner etter seg, men berre døtter; men sønerne åt Kis, frendarne deira, gifte seg med deim.
Mortuus est autem Eleazar, et non habuit filios, sed filias: acceperuntque eas filii Cis fratres earum.
23 Musi-sønerne var Mahli og Eder og Jeremot, tri.
Filii Musi: Moholi, et Eder, et Jerimoth, tres.
24 Dette var Levi-sønerne etter ættgreinene deira, ættarhovdingarne for deim som var mynstra og innskrivne i manntalet, ein for ein, dei som kunde gjera arbeid som høyrde til tenesta i Herrens hus, og var tjuge år gamle og yver det.
Hi filii Levi in cognationibus et familiis suis, principes per vices, et numerum capitum singulorum qui faciebant opera ministerii domus Domini, a viginti annis et supra.
25 For David sagde: «Herren, Israels Gud, hev gjeve folket sitt ro, og hev no bustaden sin i Jerusalem for all æva.
Dixit enim David: Requiem dedit Dominus Deus Israël populo suo, et habitationem Jerusalem usque in æternum.
26 Difor tarv ikkje heller levitarne bera tjeldet meir, og ikkje heller alle arbeidsgognerne som er i huset.»
Nec erit officii Levitarum ut ultra portent tabernaculum et omnia vasa ejus ad ministrandum.
27 For etter fråsegni um Davids siste tid vart levitarne rekna frå tjugeårsalderen og uppetter.
Juxta præcepta quoque David novissima, supputabitur numerus filiorum Levi a viginti annis et supra.
28 Og dei vart sette med sida åt Arons-sønerne til tenesta i Herrens hus, i det som vedkom tuni og kovarne og rensingi av alt som heilagt var, og arbeidet med tenesta i Guds hus,
Et erunt sub manu filiorum Aaron in cultum domus Domini, in vestibulis, et in exedris, et in loco purificationis, et in sanctuario, et in universis operibus ministerii templi Domini.
29 både skodebrødi og finmjølet til grjonofferet og dei usyrde tunnkakorne og takkorne og det knoda mjølet og med alt rom-mål og lengdemål.
Sacerdotes autem, super panes propositionis, et ad similæ sacrificium, et ad lagana azyma, et sartaginem, et ad torrendum, et super omne pondus atque mensuram.
30 Og kvar morgon skulde dei standa og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.
Levitæ vero ut stent mane ad confitendum et canendum Domino: similiterque ad vesperam,
31 Og dei skulde ofra alle brennoffer åt Herren på kviledagar og høgtiderne, so mange som fastsett var, og soleis som det var deim fyresagt, allstødt for Herrens åsyn.
tam in oblatione holocaustorum Domini, quam in sabbatis et calendis et solemnitatibus reliquis juxta numerum et cæremonias uniuscujusque rei, jugiter coram Domino.
32 Dei skulde gjera alt arbeidet som trongst ved møtetjeldet, og det som skulde gjerast ved heilagdomen, det som Arons-sønerne, brørne deira, hadde å gjera med gudstenesta i Herrens hus.
Et custodiant observationes tabernaculi fœderis, et ritum sanctuarii, et observationem filiorum Aaron fratrum suorum, ut ministrent in domo Domini.