< 1 Krønikebok 22 >
1 Og David sagde: «Her skal huset åt Herren Gud standa, og her skal altaret for Israels brennoffer vera.»
Then David said, This [is] the house of the LORD God, and this [is] the altar of the burnt offering for Israel.
2 Og David sende bod at dei skulde samla dei framande som var i Israels land, og han sette steinhoggarar til å hogga steinar til byggjevyrke åt Guds hus.
And David commanded to gather together the strangers that [were] in the land of Israel; and he set masons to hew wrought stones to build the house of God.
3 Og David rådde seg nøgdi av jarn til spikar i portdørerne og til kjengar, og ei slik ovmengd med kopar at han var uvegande,
And David prepared iron in abundance for the nails for the doors of the gates, and for the joinings; and brass in abundance without weight;
4 og cedertre i uteljande mengd; for Sidon- og Tyrus-buarne førde nøgdi av cedertre til David.
Also cedar trees in abundance: for the Zidonians and they of Tyre brought much cedar wood to David.
5 For David tenkte: «Salomo, son min, er ung og kløkk; men huset som skal byggjast åt Herren, bør vera ovstort, so det kann verta til gjetord og æra i alle land. Difor vil eg få til vegar vyrke åt honom.» So rådde David seg ei nøgd med vyrke fyrr han døydde.
And David said, Solomon my son [is] young and tender, and the house [that is] to be builded for the LORD [must be] exceeding magnifical, of fame and of glory throughout all countries: I will [therefore] now make preparation for it. So David prepared abundantly before his death.
6 So kalla han til seg Salomo, son sin, og bad honom byggja eit hus åt Herren, Israels Gud.
Then he called for Solomon his son, and charged him to build an house for the LORD God of Israel.
7 Og David sagde til Salomo, son sin: «Eg hadde sjølv tenkt meg til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud.
And David said to Solomon, My son, as for me, it was in my mind to build an house unto the name of the LORD my God:
8 Men Herrens ord kom til meg soleis: «Du hev rent ut mykje blod og gjort store herferder; du skal ikkje byggja eit hus åt namnet mitt; for du hev rent ut so mykje blod på jordi for mi åsyn.
But the word of the LORD came to me, saying, Thou hast shed blood abundantly, and hast made great wars: thou shalt not build an house unto my name, because thou hast shed much blood upon the earth in my sight.
9 Men du skal få ein son; han skal verta ein fredsæl mann; og eg skal lata honom få fred for alle fiendarne sine rundt ikring; for Salomo skal vera namnet hans, og eg skal lata fred og ro liggja yver Israel i hans dagar.
Behold, a son shall be born to thee, who shall be a man of rest; and I will give him rest from all his enemies round about: for his name shall be Solomon, and I will give peace and quietness unto Israel in his days.
10 Han skal byggja eit hus åt namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans. Og eg skal grunnfesta kongsstolen hans yver Israel i all æva.»
He shall build an house for my name; and he shall be my son, and I [will be] his father; and I will establish the throne of his kingdom over Israel for ever.
11 Herren vere no med deg, son min! Du have lukka med deg, so du fær byggja huset åt Herren din Gud, soleis som han hev tala um deg.
Now, my son, the LORD be with thee; and prosper thou, and build the house of the LORD thy God, as he hath said of thee.
12 Berre Herren vil gjeva deg visdom og skyndsemd, når han set deg yver Israel, og hjelpa deg til å halda lovi frå Herren, din Gud,
Only the LORD give thee wisdom and understanding, and give thee charge concerning Israel, that thou mayest keep the law of the LORD thy God.
13 so skal du hava lukka med deg, um du kjem i hug å liva etter dei bodi og loverne som Herren hev bode Moses leggja på Israel. Ver sterk og stød; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla.
Then shalt thou prosper, if thou takest heed to fulfil the statutes and judgments which the LORD charged Moses with concerning Israel: be strong, and of good courage; dread not, nor be dismayed.
14 Og trass i all mi naud hev eg no fenge fram til Herrens hus eit hundrad tusund talent gull og tusund gonger tusund talent sylv, og dertil meir kopar og jarn enn ein kann vega; so mykje er det; trevyrke og stein hev eg og rådt meg, og meir må du sjølv leggja attåt.
Now, behold, in my trouble I have prepared for the house of the LORD an hundred thousand talents of gold, and a thousand thousand talents of silver; and of brass and iron without weight; for it is in abundance: timber also and stone have I prepared; and thou mayest add thereto.
15 Arbeidsfolk hev du og nøgdi av, håndverkarar, steinhoggarar og timbremenner, og dertil allslags folk som er hage til alt anna arbeid.
Moreover [there are] workmen with thee in abundance, hewers and workers of stone and timber, and all manner of cunning men for every manner of work.
16 Gullet, sylvet, koparen og jarnet kann ein ikkje halda rekning på. Upp då og tak fatt på verket, og Herren vere med deg!»
Of the gold, the silver, and the brass, and the iron, [there is] no number. Arise [therefore], and be doing, and the LORD be with thee.
17 Deretter baud David alle hovdingarne i Israel hjelpa Salomo, son hans, og sagde:
David also commanded all the princes of Israel to help Solomon his son, [saying],
18 «Herren, dykkar Gud, er då med dykk og hev gjeve dykk ro på alle sidor; for han hev gjeve i mi hand deim som fyrr budde i landet, og det er lagt under Herren og hans folk.
[Is] not the LORD your God with you? and hath he [not] given you rest on every side? for he hath given the inhabitants of the land into mine hand; and the land is subdued before the LORD, and before his people.
19 So vend no dykkar hjarta og hug til å søkja Herren dykkar Gud, og tak til og bygg Herren Guds heilagdom, so de kann få føra Herrens sambandskista og alt det andre som høyrer til Guds heilagdom, inn i det huset som skal byggjast åt Herrens namn.»
Now set your heart and your soul to seek the LORD your God; arise therefore, and build ye the sanctuary of the LORD God, to bring the ark of the covenant of the LORD, and the holy vessels of God, into the house that is to be built to the name of the LORD.