< 1 Krønikebok 21 >

1 Men Satan stod upp imot Israel og eggja David til å telja Israel.
撒但起來攻擊以色列人,激動大衛數點他們。
2 Då sagde David til Joab og dei andre hovdingarne for folket: «Gakk av stad og tak tal på Israels-folket frå Be’erseba og alt til Dan, og gjev meg so grein, so eg fær vita kor mykje folk det er.»
大衛就吩咐約押和民中的首領說:「你們去數點以色列人,從別是巴直到但,回來告訴我,我好知道他們的數目。」
3 Joab svara: «Gjev Herren vilde auka folket sitt hundrad gonger! Er dei då ikkje, herre konge, tenarar åt herren min alle saman? Kvifor krev du då herren min slikt? Kvifor skal ein på slik måte draga skuld yver Israel?»
約押說:「願耶和華使他的百姓比現在加增百倍。我主我王啊,他們不都是你的僕人嗎?我主為何吩咐行這事,為何使以色列人陷在罪裏呢?」
4 Men kongens bod vart standane ved lag med alt det Joab var imot. So tok då Joab ut, og for um i heile Israel og kom so heim att til Jerusalem.
但王的命令勝過約押。約押就出去,走遍以色列地,回到耶路撒冷,
5 Og Joab sagde David talet som var kome ut ved folketeljingi. I heile Israel var det ein million og hundrad tusund våpnføre mann, og i Juda fire hundrad og sytti tusund.
將百姓的總數奏告大衛:以色列人拿刀的有一百一十萬;猶大人拿刀的有四十七萬。
6 Men Levi og Benjamin hadde han ikkje mynstra i lag med hine; for kongens ord var ei styggja for Joab.
惟有利未人和便雅憫人沒有數在其中,因為約押厭惡王的這命令。
7 Og Gud mislika dette verket, og han slo Israel.
上帝不喜悅這數點百姓的事,便降災給以色列人。
8 Då sagde David til Gud: «Eg hev synda storleg med at eg hev gjort dette. Men forlat no tenaren din misgjerningi hans; for eg hev gjort ein stor dårskap.»
大衛禱告上帝說:「我行這事大有罪了!現在求你除掉僕人的罪孽,因我所行的甚是愚昧。」
9 Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sagde:
耶和華吩咐大衛的先見迦得說:
10 «Gakk av stad og tala til David og seg: «So segjer Herren: Tri ting legg eg fram fyre deg; vel deg ein av deim, som du vil eg skal gjera imot deg!»»
「你去告訴大衛說,耶和華如此說:我有三樣災,隨你選擇一樣,我好降與你。」
11 Då gjekk Gad inn til David og sagde til honom: «So segjer Herren: «Vel kva for eit du vil:
於是,迦得來見大衛,對他說:「耶和華如此說:『你可以隨意選擇:
12 anten svolt i tri år, eller manneøyding i tri månader, av di fiendarne dine søkjer åt, og du ikkje kann koma undan sverdet deira - eller Herrens sverd og drepsott i landet i tri dagar, med di Herrens engel gjer eit tjon i heile Israels land.» Tenk no etter kva svar eg skal gjeva honom som hev sendt meg!»
或三年的饑荒;或敗在你敵人面前,被敵人的刀追殺三個月;或在你國中有耶和華的刀,就是三日的瘟疫,耶和華的使者在以色列的四境施行毀滅。』現在你要想一想,我好回覆那差我來的。」
13 David svara Gad: «Eg er stadd i stor våde. Men lat meg då falla i Herrens hand; for hans miskunn er stor; men i mannehand vil eg ikkje falla.»
大衛對迦得說:「我甚為難。我願落在耶和華的手裏,因為他有豐盛的憐憫;我不願落在人的手裏。」
14 Då let Herren det koma ei drepsott i Israel, og det fall sytti tusund mann av Israel.
於是,耶和華降瘟疫與以色列人,以色列人就死了七萬。
15 Og Gud sende ein engel mot Jerusalem til å tyna byen. Men då han heldt på med tyningi, såg Herren på det og han angra det vonde, og han sagde til engelen, tynaren: «No fær det vera nok. Tak no åt deg handi att!» Og Herrens engel stod då attmed treskjevollen hans Ornan, jebusiten.
上帝差遣使者去滅耶路撒冷,剛要滅的時候,耶和華看見後悔,就不降這災了,吩咐滅城的天使說:「夠了,住手吧!」那時,耶和華的使者站在耶布斯人阿珥楠的禾場那裏。
16 So såg David upp og vart var Herrens engel, som stod millom jord og himmel med eit drege sverd i handi, og rette det ut yver Jerusalem. David og styresmennerne kasta seg å gruve, sveipte i sekk.
大衛舉目,看見耶和華的使者站在天地間,手裏有拔出來的刀,伸在耶路撒冷以上。大衛和長老都身穿麻衣,面伏於地。
17 Og David sagde til Gud: «Det var då eg som baud at folket skulde teljast. Det er eg som hev synda og gjort det som gale er; men desse sauerne, kva hev dei gjort? Herre, min Gud, snu då handi di imot meg og huset åt far min, men ikkje mot folket ditt til heimsøkjing!»
大衛禱告上帝說:「吩咐數點百姓的不是我嗎?我犯了罪,行了惡,但這群羊做了甚麼呢?願耶和華-我上帝的手攻擊我和我的父家,不要攻擊你的民,降瘟疫與他們。」
18 Men Herrens engel bad Gad segja til David, at han skulde ganga upp og reisa eit altar åt Herren på treskjarvollen hans Ornan, jebusiten.
耶和華的使者吩咐迦得去告訴大衛,叫他上去,在耶布斯人阿珥楠的禾場上為耶和華築一座壇;
19 Og David gjekk upp etter det ordet som Gad hadde tala i Herrens namn.
大衛就照着迦得奉耶和華名所說的話上去了。
20 Då so Ornan snudde seg ikring, fekk han sjå engelen; og dei fire sønerne hans som var hjå honom, dei gøymde seg. Men Ornan heldt just på og treskte kveite.
那時阿珥楠正打麥子,回頭看見天使,就和他四個兒子都藏起來了。
21 Og David kom til Ornan, og då Ornan såg upp og vart var honom, gjekk han fram av treskjarvollen og kasta seg å gruve på jordi for David.
大衛到了阿珥楠那裏,阿珥楠看見大衛,就從禾場上出去,臉伏於地,向他下拜。
22 Og David sagde til Ornan: «Gjev meg få den staden der du hev treskjarvollen, so eg der kann byggja eit altar for Herren. Lat meg få det mot fullt vederlag, so sotti kann stana og ikkje lenger herja folket.»
大衛對阿珥楠說:「你將這禾場與相連之地賣給我,我必給你足價,我好在其上為耶和華築一座壇,使民間的瘟疫止住。」
23 Då sagde Ornan til David: «Tak vollen, og so gjere min herre kongen det som han tykkjer er best. Sjå her gjev eg deg uksane til brennofferi og treskjesledane til ved og kveiten til grjonofferet; det gjev eg alt i hop.»
阿珥楠對大衛說:「你可以用這禾場,願我主我王照你所喜悅的去行。我也將牛給你作燔祭,把打糧的器具當柴燒,拿麥子作素祭。這些我都送給你。」
24 Men kong David svara Ornan: «Nei, eg vil kjøpa det for fullt vederlag; for eg vil ikkje taka åt Herren det som er ditt, og ofra brennoffer som eg hev fenge for inkje.»
大衛王對阿珥楠說:「不然!我必要用足價向你買。我不用你的物獻給耶和華,也不用白得之物獻為燔祭。」
25 So greide David åt Ornan seks hundrad lodd gull i god vegt.
於是大衛為那塊地平了六百舍客勒金子給阿珥楠。
26 Og David bygde der eit altar for Herren og ofra brennoffer og takkoffer. Og han ropa til Herren, og han svara honom med eld frå himmelen på brennofferaltaret.
大衛在那裏為耶和華築了一座壇,獻燔祭和平安祭,求告耶和華。耶和華就應允他,使火從天降在燔祭壇上。
27 Og Herren baud engelen, og han stakk sverdet sitt i slira att.
耶和華吩咐使者,他就收刀入鞘。
28 Då David såg at Herren hadde høyrt bøni hans på treskjarvollen åt jebusiten Ornan, so ofra han der i den tidi.
那時,大衛見耶和華在耶布斯人阿珥楠的禾場上應允了他,就在那裏獻祭。
29 Men Herrens hus som Moses hadde late gjera i øydemarki, og brennofferaltaret stod den tidi på offerhaugen i Gibeon.
摩西在曠野所造之耶和華的帳幕和燔祭壇都在基遍的高處;
30 Men David våga ikkje å ganga dit og søkja Gud, so forfærd var han for sverdet åt Herrens engel.
只是大衛不敢前去求問上帝,因為懼怕耶和華使者的刀。

< 1 Krønikebok 21 >