< 1 Krønikebok 20 >
1 Året etter ved det leitet kongarne plar fara i herferd, tok Joab ut med heren og herja landet åt Ammons-sønerne. Og han kom og kringsette Rabba, medan David vart verande i Jerusalem. Og Joab tok Rabba og øydela byen.
Factum est autem post anni circulum, eo tempore quo solent reges ad bella procedere, congregavit Joab exercitum, et robur militiæ, et vastavit terram filiorum Ammon: perrexitque et obsedit Rabba. Porro David manebat in Jerusalem, quando Joab percussit Rabba et destruxit eam.
2 Og David tok kruna av hovudet på kongen deira; og det vart røynt at ho vog vel tvo vågar gull, og ho var prydd med ein dyr stein. Ho vart no sett på hovudet åt David, og han førde nøgdi av herfang burt or byen.
Tulit autem David coronam Melchom de capite ejus, et invenit in ea auri pondo talentum, et pretiosissimas gemmas, fecitque sibi inde diadema: manubias quoque urbis plurimas tulit;
3 Og folket i byen førde han ut, og sette deim ved sagerne og treskjevalsarne av jarn og øksarne. Soleis for David åt med alle ammonitbyarne. So snudde David og alt folket heim att til Jerusalem.
populum autem, qui erat in ea, eduxit, et fecit super eos tribulas, et trahas, et ferrata carpenta transire, ita ut dissecarentur et contererentur. Sic fecit David cunctis urbibus filiorum Ammon: et reversus est cum omni populo suo in Jerusalem.
4 Sidan vart det ein strid med filistarane ved Gezer; då vann husatiten Sibbekai yver Sippai, ein av Rafa-ætlingarne; so vart dei kua.
Post hæc initum est bellum in Gazer adversum Philisthæos, in quo percussit Sobochai Husathites, Saphai de genere Raphaim, et humiliavit eos.
5 Sidan vart det ein ny strid med filistarane på nytt lag; Elhanan Ja’irsson hogg då ned Lahmi, bror åt Goliat frå Gat, som hadde eit spjotskaft som stor-riven på ein vev.
Aliud quoque bellum gestum est adversus Philisthæos, in quo percussit Adeodatus filius Saltus Bethlehemites fratrem Goliath Gethæi, cujus hastæ lignum erat quasi liciatorium texentium.
6 So stod det ein strid ved Gat. Der var det ein risestor mann, som hadde seks fingrar og seks tær, fire og tjuge i alt; han og var ætta frå rafa’itarne.
Sed et aliud bellum accidit in Geth, in quo fuit homo longissimus, senos habens digitos, id est, simul viginti quatuor: qui et ipse de Rapha fuerat stirpe generatus.
7 Han hædde Israel; men Jonatan, son åt Simea, som var bror åt David, drap honom.
Hic blasphemavit Israël: et percussit eum Jonathan filius Samaa fratris David.
8 Desse var ætta frå Rafa i Gat, og dei fall for David og tenarane hans.
Hi sunt filii Rapha in Geth, qui ceciderunt in manu David et servorum ejus.