< 1 Krønikebok 19 >
1 Sidan bar det so til at Nahas, kongen åt Ammons-sønerne, døydde, og son hans vart konge etter honom.
And it came to pass after this, that Nahash the king of the sons of Ammon died, and his son reigned in his stead.
2 Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, etter di far hans syne meg venskap.» Og David skikka sendemenner til å trøysta honom i hans sorg etter faren. Tenarane hans David kom då til landet åt Ammons-sønerne, til Hanun, og vilde trøysta honom.
And David said, I will show kindness to Hanun the son of Nahash, because his father showed kindness to me. So David sent messengers to comfort him concerning his father. And David's servants came into the land of the sons of Ammon to Hanun, to comfort him.
3 Då sagde hovdingarne for Ammons-sønerne til Hanun: «Trur du at David vil æra far din med det at han sender trøystarar til deg? Nei, det er til å gjera seg kjende i landet, til å øydeleggja og spæja det ut, at tenararne hans er komne til deg.»
But the rulers of the sons of Ammon said to Hanun, Do thou think that David honors thy father, in that he has sent comforters to thee? Have not his servants come to thee to search, and to overthrow, and to spy out the land?
4 Då tok Hanun tenararne åt David og let raka deim og skjera av klædi deira på midten rett upp åt med sætet, og let deim so fara.
So Hanun took David's servants, and shaved them, and cut off their garments in the middle, even to their buttocks, and sent them away.
5 Og det kom folk til David med tidend um mennerne; då sende han bod imot deim; for mennerne var groveleg svivyrde. Og kongen let segja: «Ver i Jeriko til dess skjegget dykkar er utvakse, og kom so heim att.»
And they came and informed David about the men. And he sent to meet them, for the men were greatly ashamed. And the king said, Remain at Jericho until your beards be grown, and then return.
6 Då no Ammons-sønerne skyna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og ammonitarne tvo og eit halvt tusund vågar sylv til å leiga seg vogner og hestfolk for frå Mesopotamia, frå Aram-Ma’aka og frå Soba.
And when the sons of Ammon saw that they had made themselves odious to David, Hanun and the sons of Ammon sent a thousand talents of silver to hire for them chariots and horsemen out of Mesopotamia, and out of Arammaacah, and out of Zobah.
7 Dei leigde seg tvo og tretti tusund vogner og dertil hjelp hjå kongen i Ma’aka og hans folk; dei kom og lægra seg framfor Medba. Ammonitarane samla seg og or byarne sine og tok ut til strid.
So they hired for them thirty-two thousand chariots, and the king of Maacah and his people, who came and encamped before Medeba. And the sons of Ammon gathered themselves together from their cities, and came to battle.
8 Då David høyrde det, sende han Joab i veg med heile heren, dei djervaste hermennerne.
And when David heard of it, he sent Joab, and all the army of the mighty men.
9 Og Ammons-sønerne drog ut og fylkte seg framfor byporten; men kongarne som var komne dit, stod for seg sjølve på opi mark.
And the sons of Ammon came out, and put the battle in array at the gate of the city. And the kings that came were by themselves in the field.
10 Då Joab såg at han hadde fiendar både frampå og bak, gjorde han eit utval millom det utvalde mannskapet, og so fylkte han deim imot syrarane.
Now when Joab saw that the battle was set against him in front and behind, he chose from all the choice men of Israel, and put them in array against the Syrians.
11 Men hitt folket han gav han yver til Absai, bror sin, og dei fylkte seg beint imot ammonitarne.
And the rest of the company he committed into the hand of Abishai his brother, and they put themselves in array against the sons of Ammon.
12 Og han sagde: «I fall syrarane vinn på meg, so skal du koma meg til hjelp; og vinn Ammons-sønerne på deg, skal eg hjelpa deg.
And he said, If the Syrians be too strong for me, then thou shall help me, but if the sons of Ammon be too strong for thee, then I will help thee.
13 Ver no djerv; ja, lat oss syna manndom i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! Og so fær Herren gjera det som han tykkjer best.»
Be of good courage, and let us act the man for our people, and for the cities of our God. And Jehovah do that which seems good to him.
14 So gjekk Joab fram med folket sitt til strid mot syrarane, og dei rømde for honom.
So Joab and the company that were with him drew near before the Syrians to the battle, and they fled before him.
15 Men då ammonitarne såg at syrarane rømde, so flydde dei og for Absai, bror hans, og drog seg inn i byen. Då for Joab heim til Jerusalem.
And when the sons of Ammon saw that the Syrians had fled, they likewise fled before Abishai his brother, and entered into the city. Then Joab came to Jerusalem.
16 Då syrarane såg at dei hadde roke for Israel, sende dei bod til syrarane som budde på hi sida åt elvi, at dei skulde taka ut med Sofak til herførar; han var hovudsmann hjå Hadarezer,
And when the Syrians saw that they were put to the worse before Israel, they sent messengers, and drew forth the Syrians that were beyond the River, with Shophach the captain of the army of Hadarezer at their head.
17 Då David spurde dette, samla han heile Israel og gjekk yver Jordan, og då han kom fram til deim, fylkte han heren til strid imot syrarane, og so gav dei seg til å strida mot honom.
And it was told David. And he gathered all Israel together, and passed over the Jordan, and came upon them, and set the battle in array against them. So when David had put the battle in array against the Syrians, they fought with him.
18 Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned hermennerne på sju tusund vogner og fyrti tusund mann fotfolk av syrarane; herhovdingen Sofak felte han og.
And the Syrians fled before Israel. And David killed of the Syrians the men of seven thousand chariots, and forty thousand footmen, and killed Shophach the captain of the army.
19 Då tenarane åt Hadarezer såg at dei hadde roke for israelitarne, gjorde dei fred med David og vart tenarane hans. Då vilde ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.
And when the servants of Hadarezer saw that they were put to the worse before Israel, they made peace with David, and served him, neither would the Syrians help the sons of Ammon any more.