< 1 Krønikebok 18 >
1 Ei tid etter dette vann David yverpå filistarane og lagde deim under seg, og han tok då Gat og dei bygderne som låg ikring or henderne på filistarane.
After this it happened, that David struck the Philistines, and subdued them, and took Gath and its towns out of the hand of the Philistines.
2 Han vann og yver moabitar, og so vart dei tenarar åt David og lagde skatt til honom.
He struck Moab; and the Moabites became servants to David, and brought tribute.
3 Like eins vann David på Hadarezer, kongen i Soba, ved Hamat, då han hadde fare av stad og skulde tryggja magti si ved elvi Frat.
David struck Hadadezer king of Zobah to Hamath, as he went to establish his dominion by the river Perath.
4 Og David tok ifrå honom eit tusund vognhestar og sju tusund hestfolk og tjuge tusund mann fotfolk. Og David let skjera av hasarne på alle vognhestarne og sparde berre eit hundrad hestar.
David took from him one thousand chariots, and seven thousand horsemen, and twenty thousand footmen; and David hamstrung all the chariot horses, but reserved of them for one hundred chariots.
5 Og då syrarane frå Damaskus kom og skulde hjelpa Hadarezer, kongen i Soba, slo David tvo og tjuge tusund mann av syrarane.
When the Arameans of Damascus came to help Hadadezer king of Zobah, David struck of the Arameans twenty-two thousand men.
6 Og David sette inn hervakter millom syrarane i Damaskus, og syrarane vart tenarar åt David og lagde skatt til honom. Soleis gav Herren David siger kvar helst han drog fram.
Then David put garrisons in Aram of Damascus; and the Arameans became servants to David, and brought tribute. Jehovah gave victory to David wherever he went.
7 Og David tok dei gullskjoldarne som tenarane hans Hadarezer hadde bore, og førde deim til Jerusalem.
And David took the shields of gold that were on the servants of Hadadezer, and brought them to Jerusalem.
8 Og frå Tibhat og Kun, byarne hans Hadarezer, tok David kopar i stor mengd; av det gjorde Salomo koparhavet, sulorne og koparkjeraldi.
From Tibhath and from Cun, cities of Hadadezer, David took very much bronze, with which Solomon made the bronze sea, and the pillars, and the vessels of bronze.
9 Då so To’u, kongen i Hamat, høyrde at David hadde slege heile heren hans Hadarezer, kongen i Soba,
When Tou king of Hamath heard that David had struck all the army of Hadadezer king of Zobah,
10 sende han son sin, Hadoram, til kong David, at han skulde helsa på honom og ynskja honom til lukke med krigen mot Hadarezer og med sigeren yver kongen; for Hadarezer hadde jamt havt ufred med To’u. Han sende og alle slag kjerald av gull, sylv og kopar.
he sent Hadoram his son to king David, to Greet him, and to bless him, because he had fought against Hadadezer and struck him; (for Hadadezer had wars with Tou; ) and he had with him all kinds of vessels of gold and silver and bronze.
11 Deim og vigde kong David til Herren, sameleis som det med det sylvet og gullet han hadde ført heim frå alle andre folk: frå edomitarne, moabiterne, Ammons-sønerne, filistarane og amalekitarne.
The King also dedicated these to Jehovah, with the silver and the gold that he took from all the nations; from Edom, and from Moab, and from the people of Ammon, and from the Philistines, and from Amalek.
12 Og Absai Serujason som slo edomitarne i Saltdalen, attan tusund mann.
Moreover Abishai the son of Zeruiah struck of the Edomites in the Valley of Salt eighteen thousand.
13 So sette han vakt i Edom, og alle edomitarne vart tenarar åt David. Soleis gav Herren David siger kvar helst han for fram.
He put garrisons in Edom; and all the Edomites became servants to David. Jehovah gave victory to David wherever he went.
14 David var no konge yver heile Israel, og han skipa lov og rett åt heile sitt folk.
David reigned over all Israel; and he executed justice and righteousness to all his people.
15 Joab Serujason var øvste herhovding, og Josafat Ahiludsson var kanslar.
Joab the son of Zeruiah was over the army; and Jehoshaphat the son of Ahilud was recorder;
16 Sadok Ahitubsson og Abimelek Abjatarsson var prestar og Savsa riksskrivar,
and Zadok the son of Ahitub, and Ahimelech the son of Abiathar, were priests; and Shisha was scribe;
17 Benaja Jojadason var hovding yver livvakti, men Davids søner var dei fyrste ved sida åt kongen.
and Benaiah the son of Jehoiada was over the Cherethites and the Pelethites; and the sons of David were chief about the king.